Varden

Snjokveld

-

Marka gjev sitt mørker bort i kveld, blir ljos og rik og rein. Og kvit av snjofjon, grå av eim ligg lufta andar lett og fort.

Det gøymest vekk i kveld eit svart og nakent, stivna haustkaldt land. Det brer seg over alt eit band. Alt femnest kring av eikvan hand så mjukt og vart.

Dei mørke «augnebryna» svinn i kveld. Nå stirer longt og mjukt eit auge under ljose bryn sitt opne syn, og jagar haustmørkr­et på flukt.

Det sveipest kvitt kring alle nov, det drys så roleg lett og vart i alle mørke, klaka tun.

Det fell som fløyelsmju­ke dun på alt som før var bart.

Og nåtta smyg seg snart til ro og kjaeler vart seg mot eit ljoslett «andlet».

Jon Ingebretse­n frå diktsamlin­ga «Naturen og eg»

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway