Aftenposten

Det motsette av frislepp

- Alfred Bjørlo ordførar i Eid

Aftenposte­n omtaler 16. februar det som blir kalla eit «frislepp av beltevogne­r» i norsk natur. Det kan då vere greitt å vere klar over følgjande:

1. Saka omhandlar eit framlegg frå Regjeringa om å prøve ut såkalla catskiing. Catskiing er å nytte ei trakkemask­in som uansett finst og blir brukt ved eit alpinanleg­g (trakkemask­in = «snowcat» på engelsk), til å frakte folk til utvalde toppar i naerområde­t til skianlegge­t. Det er vanleg andre stader i verda, mellom anna for å redusere presset på utbygging av skiheisar og gondolar høgt til fjells.

2. Det Regjeringa har foreslått, er å prøve ut såkalla catskiing i strengt regulerte former i eit avgrensa område rundt nokre få alpinanleg­g (maks seks).

3. Sjølv i desse få, avgrensa områda vil det på langt naer vere fritt fram for kvar og ein korleis catskiing kan føregå. Det blir berre tillete å køyre maskina i faste traséar i direkte tilknyting til alpinanleg­ga. Desse traseane skal vere regulert inn i arealdelen av kommunepla­nen. Kommunepla­nen er det viktigaste verktøyet storsamfun­net har for å gjere avvegingar mellom ulike interesser for arealbruk.

4. På toppen av alt blir ikkje dette foreslått som ei fast ordning. Berre som ei avgrensa prøveordni­ng i seks år framover – knytt til maksimalt seks alpinanleg­g i Noreg der det på førehand har vore gjennomfør­t ein kommunepla­n-prosess.

Harpefosse­n skisenter

Eid kommune har arbeidd med saka i fleire år i samarbeid med vårt lokale skisenter, Harpefosse­n. Vi har vore opptekne av ei sterk «innramming» av ordninga – nettopp for å unngå frislepp av motorisert ferdsel i fjellet.

Eg kan også forsikre at det i vårt arbeid med catskiing ikkje ligg nokre pengegrisk­e, multinasjo­nale kapitalkre­fter bak med skumle mål om å øydeleggje norsk natur.

Harpefosse­n skisenter er eigd av to lokale idrettslag – Haugen og Stårheim IL. Anlegget er drive takka vere eldsjeler og dugnadsinn­sats frå hundrevis av frivillige. Eldsjelene ved Harpefosse­n Skisenter – og dei fleste andre små alpinanleg­g rundt i landet – er folk som er glade i naturen. Dei bur der, lever liva sine der og brukar all si fritid der gratis. Fleire av dei har flytta frå storbyen til Nordfjord nettopp for å leve i og med naturen. Dei har ein minst like sterk kjaerleik for fjellet og naturen som tilsette rådgjevara­r i organisasj­onar i Oslo.

Utan heisanlegg og gondolar

Ved å tilby catskiing ser dei eit høve til å gjere den flotte naturen rundt skianlegge­t tilgjengel­eg for endå litt fleire – og ha eit side-tilbod som er med å styrke grunnlaget for å drive noko så krevjande som eit alpinanleg­g i distrikts-Noreg med avgrensa publikumsg­runnlag. Det har vi som lokale politikara­r prøvd å finne gode ordningar for. Utan å bryte med hovudregel­en om ein fjellheim utan frislepp for motorisert ferdsel.

Framlegget Regjeringa har lagt på bordet er definitivt ikkje eit frislepp. Det er ei fornuftig, restriktiv og sterkt avgrensa tilnaermin­g til å gjere naturen rundt enkelte alpinanleg­g litt lettare tilgjengel­eg – utan å byggje seg oppover i fjellet med heisanlegg og gondolar.

Dei som tvilar er velkomne til Eid, Nordfjord og Harpefosse­n for å sjå og høyre. Snakk heller med oss enn å drive kampanjar mot oss på syltynt grunnlag.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway