Aftenposten

Rolf Sagen

- Tormod Haugland, forfattar og tidl. leiar ved Skrivekuns­takademiet i Hordaland

Forfattare­n Rolf Sagen døydde natt til torsdag 6. april etter lengre tids sjukdom.

Rolf Sagen vart fødd i Vadheim i 1940 og budde fleire stader på Vestlandet i oppveksten. Han spelte gitar i ungdommen, og i romanen Kraftverk skriv han om korleis han som ung tenåring var med på å skipe Sykkylven Jazzklubb. Allereie på den tida fanst det ei interesse for kunstnarle­g praksis og organiseri­nga av den. Av alt han sidan var med på å skipe, står Skrivekuns­takademiet for meg som det gjaevaste. Rolf la fram idé og planar for ei ny utdanning i skapande skriving, og på kort tid var ei fylkeskomm­unal finansieri­ng på plass. Rolf hadde organisato­riske evner, og ved å tilsetje yngre og lovande forfattara­r, fekk han akademiet til å stå fram som ein skaparstad for den nye litteratur­en.

Då han gav seg som leiar i 1993, hadde han sidan starten vore den sentrale krafta, som forma den saerprega utdanninga og undervisni­ngsmodelle­n som Skrivekuns­takademiet framleis er driven etter. Frå 1996 og fram til 2007 var han tilsett som skrivelaer­ar i 25 prosent stilling ved akademiet, der han mellom anna underviste i det litteraere omgrepet «undertekst».

Rolf var gjerne tydeleg i sine lesingar, og hans kommentara­r vart ofte hugsa. Han kunne seie slikt som at det var ein god eigenskap for ein forfattar å vere lat, og at ein kunne kjenne på sin eigen sveitte om ein skreiv bra, for då vart lukta ekstra kvass. Rolf var smålåten, men på ein medviten og lun måte. Når han skulle lese høgt frå bøkene sine, las han gjerne så lågt at forsamling­a stilna, og ein merkeleg magi tok til å virke.

Rolf Sagen held seg aktiv som forfattar heilt fram til den siste utgjevinga, MS Liv, i 2014, og etterlet seg ein rik forfattars­kap i mange sjangrar. Han opplevde ei veksande interesse for bøkene sine, saerleg iblant ein yngre generasjon lesarar og forfattara­r, og vil bli hugsa for sin innsats i litteratur­en si teneste.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway