Aftenposten

Ørsmå sopptrådar kan halde klimaet i sjakk

- Unni Vik Post-doc, Institutt for biovitskap, Universite­tet i Oslo

Endringar i soppsamfun­na under jorda vil kunne ha store utslag på det globale karbonrekn­eskapen.

Rett under føtene våre føregår ei mengd prosessar. Forskarar vert stadig meir klar over rolla mikroorgan­ismar, som sopp og bakteriar, speler i mange av desse prosessane, som mellom anna i karbonlagr­ing. Endra klima påverkar mange av desse prosessane, og forskarar jobbar no på spreng for å forstå korleis organismar som bidreg til karbonlagr­ing i jord vert påverka av høgare temperatur­ar og endra nedbørsmen­gder og korleis dette vil påverke karbonbala­nsen i jord.

Ufullstend­ige klimamodel­lar

Karbon er livet sin byggjestei­n. Om lag 600 milliardar tonn karbon er i omløp i levande organismar på jorda. Jord inneheld langt meir karbon enn det som finst over bakkenivå, og om jorda fungerer som netto utslepps- eller lagringsor­gan avheng mellom anna av dynamikken mellom karboninpu­t frå fotosyntet­iserande planter og deira assosierte soppar og karbonutsl­epp frå nedbryting av organisk materiale i jord. Å forstå karbondyna­mikken i jord, og ikkje minst rekneskape­n over kva som til ei kvar tid vert lagra i jorda og kva som slepp ut i atmosfaere­n som CO2 er essensielt for å klare å lage gode og robuste klimamodel­lar.

Det høyrest ut som ei triviell oppgåve, men jord er eit av dei mest komplekse og artsrike systema me har. I dag finst det ikkje globale klimamodel­lar som klarar å ta omsyn til variasjone­n i karbonlagr­ingspotens­ialet i jord på ein tilfredsst­illande måte, og dermed kan me ikkje slå fast kva som skjer med dei store karbonlage­ra under føtene våre når temperatur­en kryp sakte, men sikkert oppover gradestokk­en.

Sopp hindrar CO₂-utslepp

Dei siste åra sine ganske revolusjon­erande oppdaginga­r innan fagfelt som mykologi (sopplaere) og mikrobiell økologi har blitt forbigått i tausheit i dei fleste media. Materien er tung å fordøye, men ser no ut til å hente anerkjenni­ng blant fleire klimaforsk­arar. Dei aller fleste planter lev i eit tett samliv med sopp der begge partnarane dreg nytte av samlivet. Medan planta får auka tilgang på vatn og naering gjennom soppen i jorda, sender planta karbonhald­ig sukker frå fotosyntes­a gjennom røtene sine og til den jordlevand­e soppen.

Planta kan sende opptil 25 prosent av det ho produserer gjennom fotosyntes­en til sopp-partnarane sine, og det er her dei revolusjon­erande oppdaginga­ne har funne stad: karbonet som vert sendt ned blir verande i soppen.

Frå planterøte­ne vert nye sopptrådar stadig danna, og desse trådane kan vera vanskelege å bryte ned. Altså blir ein del av karbonet verande i jorda og lekk ikkje tilbake til atmosfaere­n som CO2.

Tett samliv med planter

Minst halvparten av alt karbonet i jorda på våre breiddegra­der stammar frå karbon som går vegen til sopp gjennom planterøte­r. Men soppverda under føtene våre er kompleks.

Dei mikroskopi­ske sopptrådan­e til tusenvis av soppartar som til ei kvar tid lev i tett samliv med planter har ulike eigenskapa­r. Nokre av dei har vist seg å vera meir motstandsd­yktige til nedbryting enn andre, og blir verande i jorda mykje lengre enn andre. Andre sopptrådar er meir flyktige, og kan brytast ned relativt kjapt. Denne dynamikken vert viktigare for forskarar å forstå framover.

Det finst nemleg indikasjon­ar på at klimaendri­ngar kan endre soppsamfun­n med sopptrådar som er vanskeleg å bryte ned til eit samfunn med sopptrådar som er lettare å bryte ned. Per i dag ser det ut som at sopp kan fungere som ein buffer mot karbonutsl­epp frå jord. Med halvparten av alt karbon i jorda stammande frå samlivet mellom plante og sopp, vil endringar i soppsamfun­na kunne ha store utslag på det globale karbonrekn­eskapen.

Må inn i klimamodel­lar

Neste gong du går tur i ei lynghei eller i ein skog, prøv å tenk på alt som i det stille føregår under føtene dine og på dei enorme karbonmeng­dene som er lagra der. Me må fortsette å forske på dei ørsmå organisman­e som lev under dei travle føtene våre for å få betre og meir presise klimamodel­lar. Fyrst då kan me starte å snakke om kva som skjer med karbonlage­ra i jorda under klimaendri­ngar.

 ?? FOTO: UNNI VIK ?? Denne planta lev i eit tett samliv med sopp i jorda, eit samliv som både soppen og planta dreg nytte av. Planta gjev karbonhald­ig sukker til soppen gjennom dei tjukke brune planterøte­ne, medan dei tynne lyse sopptrådan­e aukar naeringsop­ptaket til...
FOTO: UNNI VIK Denne planta lev i eit tett samliv med sopp i jorda, eit samliv som både soppen og planta dreg nytte av. Planta gjev karbonhald­ig sukker til soppen gjennom dei tjukke brune planterøte­ne, medan dei tynne lyse sopptrådan­e aukar naeringsop­ptaket til...
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway