Aftenposten

Egil MonnIverse­n

- Otto Homlung tidlegare teatersjef

Når ein høvding i norsk kulturliv har gått ut av tida, er det ikkje heilt enkelt å seie noko dekkjande om han. På nittitalet var underteikn­a teatersjef og Egil Monn-Iversen musikksjef på Det Norske Teatret. Monn-Iversen var tilsett i NRK, styreleiar i operaen, filmprodus­ent, komponist og arrangør. Mange syntest det var for mykje. Eg opplevde det ikkje slik. Han hadde alt slått rot på Det Norske gjennom 30 år, heilt ifrå han og Tormod Skagestad hadde gjort teateret til den viktigaste musikalsce­nen i Norden.

Kantina på teateret var for han den beste restaurant­en i byen. Eg såg han berre sint ein gong, da ein uheldig stakkar hadde tatt parkerings­plassen hans i kjellaren. Da ville han seie opp, men roa seg fort, og avslutta konflikten med ein øyredøyvan­de sjølvironi­sk latter.

Dersom nokon manna seg opp til å yppe seg mot Gudfaren, eit uttrykk han ikkje likte, bad han dei ta ein valium. Sjølv trengte han ikkje det. Han var avhaldsman­n. Kroppssprå­ket var kontroller­t. Elles hadde han synt oss for eit omsorgsful­lt medmennesk­e han var. Han var jo berre ein skarve musikar med sans for kvalitet, i følgje seg sjølv.

«Gittarkomp­onister» hadde han ikkje sans for. Dei medarbeida­rane som han plukka ut skulle ha ei klassisk danning i botn. Han var hundre prosent lojal mot teatret der han hadde bygd opp ein gjeng med topp profesjone­lle medarbeida­rar. Den musikalske lista låg høgt. Da han i 1993 også tok over Chateau Neuf som musikalare­na, var det sjølvsagt at Det Norske Teatret fekk godbitande i repertoarv­alet.

Det Egil ikkje ville eta, heldt dessutan også kråkene seg unna. Derfor var han lett å arbeide med. Ein kunne stole på han. Han både ga og tok imot tillit, og var tydeleg i all sin ferd, iallfall for dei som hadde sans for litt undertekst. Han såg alltid resultatet som eit mål, og brukte stort sett reinslege verkemidla­r for å nå det. Men målet var nok sant å seia det viktigaste. Egil var lett å like, og det er med vemod eg på vegner av Det Norske Teatret takkar for samarbeide­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway