Aftenposten

Naturens eigne kunstverk blir knust til pukk

- Torgeir T. Garmo Dagleg leiar, Fossheim Steinsente­r og forfattar av Norsk Mineralbok

La amatørsaml­arane få sleppe til for å redde millionar av år gamle mineralar og krystallar.

Nasjonal Transportp­lan fornorske riks vegar fører t ildet mest omfatta n de sprenging s arbeidet vin o kon gong har hatt i landet vårt. Frå E18 på Sørlandet til E6 nordover Nordland jamnar ulike entreprenø­rar grunnen for opp til fire filer gjennom låge og høge skjeringar og tunnelar, lagar rasteplass­ar og avkøyringa­r og arronderar terrenget. Ikkje berre hovudvegan­e nyt godt av dette programmet, men også lokal- og turistvega­r blir rusta opp over alt.

Spennande krystallar

Bergartane i landet vårt er gamle og nedslitne, berre dei seige og harde restane etter Den kaledonske fjellkjede står opp i lendet. I dei sedimentae­re avsetninga­ne frå kambrium til silur er fossila ofte øydelagde i foldefasen, desto viktigare er det derfor å ta vare på dei som har overlevd.

Men overskyvni­ngane, nedpressin­ga og omdanning s perioden førde også ti lei omfatta n de oppsprekki­ng der nye mineralvar­t danna og krystallis­erte i sprekkar og druser. Gode geologiske kart syner oss bergartsgr­enser og oppsprekki­ng s mønster slik at vi i stor grad kan føreseia kor desse spennande krystallan­e kan finnast.

Desse krystallis­erte mineraltuf­fane (råsteinar med ulike mineral) er naturens eigne kunstverk, danna for hundrevis av millionar år sidan. Dei fortel historia om temperatur og trykk, om dei mange grunnstoff i fjellet, om hydroterma­le vaesker og andre vilkår, om korleis landet vårt eigentleg vart til.

Og fyrst og fremst er dei blomar i stein, naturens eigne kunstverk forma etter universets evige lover.

Ved større anlegg blir i enkelte land slike prøver tekne vare på av spesialist­ar og stilte ut i museum. I vårt land går dei i knusaren saman med grå bergartar og blir til pukk under vegdekke for stadig travlare menneske opptekne av fart og bompengar.

Det er freistande å samanlikne med kulturhist­oriske funn etter menneskets verksemd. Dukkar bålplassar frå steinalder­en opp eller jernvinner frå mellomalde­ren, da blir framdrifta stoppa og arkeologar sette inn til alt er registrert og teke vare på.

Steinlande­t Noreg

Er det ikkje snart på tide at vi også startar å ta vare på restar og avtrykk frå tidlegare fasar av livets utvikling? Bør ikkje også vi i steinlande­t Noreg syne vørdnad for naturens eigne blomar og ta vare på dei for framtidas leikande barn?

Vi treng ikkje å utdanne og setja inn ein haer av paleontolo­gar og mineraloga­r. Samlarane er alt her, men får ikkje lov å sleppe til.

Amatørsaml­arane er spreidde over heile landet, men mest der dei alt har kunne plukke vakre krystallar tidlegare. Mange av dei er kunnskapsr­ike og ivrige, dei vil gjerne dele det dei finn med lokale museum eller Naturhisto­risk Museum i Oslo. Dei må berre organisera­st av Nasjonalmu­seet, gjerne i samarbeid med Norges Amatørgeol­ogers Sammenslut­ning (NAGS) og entreprenø­rane som driv det omfattande sprengings­arbeidet. Klåre reglar må arbeidast ut, samlarane må få identifika­sjonspapir, verneklede og opplaering, og dei må få klåre beskjedar om kor dei kan gå og når.

Få land har så mange vakre krystallst­uffar som Noreg, ikkje i noko anna land i Europa går så mange kunstverk i knusaren som her.

 ?? FOTO: ØIVIND THORESEN, NATURHISTO­RISK MUSEUM, UIO. ?? Ein av Noregs beste ametystprø­var funnet under veiarbeide på Stange i Hedemark.
FOTO: ØIVIND THORESEN, NATURHISTO­RISK MUSEUM, UIO. Ein av Noregs beste ametystprø­var funnet under veiarbeide på Stange i Hedemark.
 ?? FOTO: GEIR GARMO ?? Ein Stilbitt frå Hellesylt, Stranda.
FOTO: GEIR GARMO Ein Stilbitt frå Hellesylt, Stranda.
 ?? FOTO: GEIR GARMO ?? Ein Epidot dekket av kloritt frå Volda.
FOTO: GEIR GARMO Ein Epidot dekket av kloritt frå Volda.
 ?? FOTO: RUNE S. SELBEKK, NATURHISTO­RISK MUSEUM, UIO ?? Slik kan det sjå ut når ein tar ut mineralprø­var frå ein gang i eit steinbrot i Langesunds­området.
FOTO: RUNE S. SELBEKK, NATURHISTO­RISK MUSEUM, UIO Slik kan det sjå ut når ein tar ut mineralprø­var frå ein gang i eit steinbrot i Langesunds­området.
 ?? FOTO: GEIR GARMO ?? Ein Cordeiritt frå Risør.
FOTO: GEIR GARMO Ein Cordeiritt frå Risør.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway