Med duppen i øyro og nettet for augo
Internett fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjonskløft som aldri har vore djupare.
Mens heimane våre aldri har vore vakrare og meir utstyrt, er dei meir eller mindre blitt tømt for innhald. Foreldra er på jobben, barndomen putta bak sine ulike gjerde – og dei gamle til sine jamaldringar eller til seg sjølv. Det gjer at dagens turbokvinner- og menn kan få pusta friare i maratonløpet frå heimen til jobben, frå barnehagen til kjøpesenteret og til ulike treningsstader.
Og det er ikkje berre hos oss. Eg hugsar bussturen med mor til Tyskland. Då ho kom heim, var ho over seg over alle ho hadde fått møta, ikkje minst baronen i vinkjellaren. Men så slo det henne at ho ikkje hadde sett eit einaste barn på turen. Slik er det blitt! Her ser me borna berre i helgene.
Mellom generasjonar
I eit heilt år laga eg ein programserie som heitte Tema-barn i NRK radio, eit 5 minuttars program på alle kvardagar. Kvar av borna eg snakka med, ynskte å få bli verande i sin eigen barndom. Det travle vaksenlivet skremde.
I ein annan programserie, Barndomsbilder frå heile verda, var eitt av spørsmåla mine: «Kva er det viktigaste du har med deg frå barndomen?» I alle land, medrekna vårt eige, var svaret: Samvaeret i heimen, kontakten på tvers av generasjonane.
For fleire tiår sidan var media opptekne av naermiljøet vårt. Det var vel på den tid me såg at familien begynte å rakna – og mange kom med sine idear til samhandling mellom generasjonane. Eg hugsar spesielt engasjementet for grendehus og kollektiv.
Men så kom det som verkeleg skapte eit skilje.
Borte i si eiga verd
Som bestemor såg eg det bråe skifte først hos barneborna mine. Saman med dei som i dag er blitt vaksne, var det helger med eventyrlege skogsturar og ludospel, paradishopping, piknik på stranda og lange samtalar.
Med neste generasjon småborn skjøna eg snart at nå var det berre pannekakene og pizzaen som kunne konkurrera med spelet på PC-en og mobilen. Det hadde skjedd noko! Det digitale leiketøyet var blitt meir spennande enn eventyret på bestemorfanget.
Og barneborna er ikkje åleine. Dei fleste unge eg ser, sit bøygd over sine nettbrett med musikk-duppar i øyro – og nettbrettet framfor augo – borte i si eiga verd. Mange slepp ikkje taket i brettet og har mista blikket til den som er ved sida av seg.
Ei djup generasjonskløft
Nettet fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjonskløft som aldri har vore djupare. På få år har interessa for det me finn på brettet meir og meir overtatt for det naere og livsviktige fellesskapet. Folk rundt oss er blitt mindre interessante. Me har nok med oss sjølv.
Og gamlemor spør: Korleis skal den oppveksande generasjonen makta å byggja bru frå den fiktive verda dei møter ved eit tastetrykk – og det livet dei vidare skal leva i kraft av sitt eige unike? Kva gjer det med sjølvkjensla, draumen og livsviljen – når det dei får på nettet overgår alt det dei sjølv kan finna på?
Og korleis skal dei få tak i det vanlege kvardagslivet?
Foreldre fortel om sine stressa arbeidsdagar med lite plass for fritid. Yrkeslivet forsyner seg omsynslaust av tida til både borna og småbarnsforeldra!
Det kan vera lett å bli ja-menneske som ikkje vågar å setja grenser i den tilmålte tida generasjonane har i lag. Mange skilte foreldre har delt omsorg – og kven skal vera oppsedaren når barnet blir gjester i heimen?
Eg vil laga ein revolusjon
Som barn i 40-50-åra hadde eg mange små murar å klatra over, men det var jo slik eg vart kjend med meg sjølv og trygt såg fram mot vaksenlivet.
Men har me beste- og oldeforeldre noko å by på som kan vekkja interessa hos dei som kjem etter oss? Svaret er det same kor eg snur meg – at utviklinga går sin gang – og du må følgja med! Men må eg det – når eg inst inne har lyst å laga ein liten revolusjon?
Born i dag kjenner mindre til dei ulike fasane i livet enn eg gjorde i min barndom. Kunne me få til eit «fag» der born og ungdom vart kjend med generasjonane over? Eg veit kva slike møte har kveikt av livsglede og krefter. Sjølv har eg hatt to vaksne barneborn buande hos meg – og har fått røyna at kvar av oss har noko viktig å fortelja kvarandre som opnar for livsmot og toleranse.
Eit sentrum for unge og gamle
Noko av det finaste eg har sett av aktivitet og samspel, var grendehuset utanfor Göteborg, bygd etter blekksprut-mønsteret – med kafé, amatørteater, kinosal, hobbystove, fotolaboratorium, dansesal og ein ekstra kunstnarkafé. Unge fekk prøva seg med å syngja, spela og lesa eigne og andre sine dikt – ja – finna ut av livet sitt.
Her kunne unge som gamle koma til alle tider kvar dag, ha sine billege middagsmåltid og laera av einannan. Og her sat også innvandrarkvinner og laerde bort kunsthandverk frå heimlanda sine.
Ein ypparleg sjanse til å få bruka seg sjølv – og bli kjend med kvarandre.
Tenk om skulen vår kunne bli eit slikt sentrum for både unge og gamle. Ha sin eigen kafé og ein verkstad til ulike hobbyar, der dei unge kunne få fram talent og eigenskapar som det ikkje er plass til i dei teoretiske laeretimane. Alle har me noko å visa fram og vera stolt av.