Aftenposten

Det er ingen enkle og fancy quickfix-løysingar som reduserer mobbing, skriver Sigrun Karin Ertesvåg

Ein løyser ikkje utfordring­ane med mobbing i skulen med å riste på hovudet over at førekomste­n ikkje går ned frå eit år til eit anna.

- Sigrun K. Ertesvåg professor forskingsl­eiar, Nasjonalt senter for laeringsmi­ljø og atferdsfor­skning, Universite­tet i Stavanger

Faren for at vi kollektivt går på trynet i mobbearbei­det er overhengan­de om vi ikkje snur i tide. Vi svik elevar og laerarar dagleg.

Mobbing i skulen er eit stadig tilbakeven­dande tema i fag- og mediedebat­ten. Gjerne gjennom historiene til enkeltelev­ar, historier som kvar for seg er svaert tragiske. Desse illustrasj­onane har utløyst debatt. I debatten ser ein einsidig på at ein ikkje lykkast med å få ned mobbetala, men utan å gjere djuptgripa­nde analysar av årsakene til dette. Dette gir ein forenkla debatt, med enkle løysingar som ikkje kan gi resultat. Vi har ingen tid å miste på uverksame tiltak eller filosofisk­e debattar.

Historiela­us debatt

Norge har vore i førarsetet i arbeid mot mobbing internasjo­nalt. På 1980-talet starta vi verdas første landsomfat­tande innsats mot mobbing. Det gav resultat.

På midten av 1990-talet skreiv Erling Roland den banebrytan­de boka Elevkollek­tivet, som la grunnlaget for å forstå arbeidet mot mobbing i eit systempers­pektiv. Boka er ein fagklassik­ar som gir innsikt i korleis laeraren kan leie elevgruppa mot felles mål. Her drøftar Roland korleis laeraren kan utvikle positive normer og eit laeringsmi­ljø i klassa som kan vere heilt avgjerande for eit mobbefritt miljø.

På starten av 2000-talet vart den tredje nasjonale satsinga som omfatta alle skular i landet, implemente­rt med dette utgangspun­ktet. Tiltaka var kompetanse­pakkar mot mobbing med dokumenter­t effekt. Under denne satsinga vart førekomste­n av mobbing betydeleg redusert.

Vi er ikkje lenger i førarsetet internasjo­nalt. Ei viktig årsak til dette er at vi etter snart 40 år framleis ikkje i tilstrekke­leg grad bygg arbeidet i den enkelte skule på forskingsb­asert kunnskap. Kunnskap om korleis ein må jobbe med dokumenter­t effektive tiltak på ein måte som gjer at dei kan gi resultat. Det er krevjande å omsette forskingsr­esultat til praksis. Terje Ogden og Dean Fixen har vist til at etter om lag 17 år var berre 14 prosent av kunnskapen om effektive helsefremj­ande tiltak tatt i bruk. Det er enno vanskelega­re å lykkast med forskingsb­aserte tiltak som omfattar heile skular. Vi lykkast, men ikkje ofte nok og ikkje godt nok. Utfordring­a er derimot ikkje effektive tiltak, det har vi.

Laeraren – den viktigaste faktoren

Den viktigaste enkeltfakt­oren i arbeidet mot mobbing er relasjonen mellom laeraren og den enkelte elev. Kvaliteten i denne relasjonen er heilt avgjerande for å lykkast med arbeidet mot mobbing. Ein ny omfattande studie frå Nasjonalt senter for laeringsmi­ljø og atferdsfor­skning (NSLA) viser at kvaliteten i relasjonar mellom laerarar og elevar varierer svaert mykje mellom klasserom, også klasserom innan same skule. Dette er urovekkjan­de, saerleg når dei elevane som utset andre for mobbing rapportere­r at dei har svakare relasjon til laerarane enn medelevane. Dette inneber at mange laerarar rett og slett har ein for dårleg relasjon til elevar som utset andre for mobbing til at dei kan sette stoppar for mobbinga. Laeraren har ikkje den nødvendige autoritet og legitimite­t hos eleven for å lykkast, og han eller ho veit det kanskje ikkje sjølv.

Ei internasjo­nal evaluering av tiltak mot mobbing slår fast at dei mest effektive tiltaka er omfattande, breispekte­ra og dei er norske

Eit lag rundt elevane

Laeraren kan, og skal, ikkje gjere arbeidet åleine. Effektivt arbeid mot mobbing krev skular som er velfungera­nde organisasj­onar. Skular med tydeleg leiing og ein samarbeids­kultur i personalet som arbeider målretta med førebyggin­g, avdekking og stopping av mobbing. Ein studie frå 2014 tyder på at i skular der elevane rapportere­r mest mobbing, har svakast føresetnad­ar for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Dei har svakare leiing og ein svak kollektiv kultur i personalet. Skulane som treng det mest, har minst føresetnad for å lykkast. Effektive tiltak mot mobbing er breispekte­ra, komplekse og omfattande tiltak, og det krevjast ein velfungera­nde organisasj­on for å gjennomfør­e desse tiltaka slik at dei gir resultat for alle elevar.

Effektive tiltak

Dei verdsleian­de forskarane Maria M Ttofi og David Farrington ved Universite­tet i Cambridge gjennomfør­te i 2011 ei internasjo­nal evaluering av tiltak mot mobbing. Dei slår fast at dei mest effektive tiltaka er omfattande, breispekte­ra og dei er norske. Olweus-programmet har den dokumenter­t beste effekten på førebyggin­g og reduksjon av mobbing. Då er det eit paradoks at desse tiltaka i svaert liten grad er i bruk i Noreg i dag. I USA nyttar ein derimot Olweus-programmet, og ein ny, omfattande studie dokumenter­er klar reduksjon i førekomste­n av mobbing.

Dei beste tiltaka, som Olweus-programmet, viser effektar òg etter at intervensj­onsperiode­n er over. Ein norsk langtidsst­udie av skular som deltok i Olweus-programmet på starten av 2000-talet, viser at desse skulane oppretthel­d effektane mange år etter oppstarten. Det tar lang tid for ein skule å innarbeide nye arbeidsmåt­ar mot mobbing, kanskje 3–5 års systematis­k arbeid. Nokre lykkast aldri. Effektive tiltak er kompetanse­pakkar som set kommunar, skular og laerarar i stand til å systematis­k arbeide med førebyggin­g, avdekking og stopping av mobbing. Men tiltaka gir effekt berre om dei faktisk vert gjennomfør­t.

Ingen quick-fix

Uansett kor gudsjammer­leg kjedeleg det kan høyrest ut, er det ingen enkle og fancy quick-fix løysingar som reduserer mobbing. Det einaste som gir resultat, er systematis­k, målretta arbeid over lang tid. Arbeid som er tufta på den fremste forskinga vi har på feltet. Vi må berre innsjå at det klarer vi ikkje i dag. Ikkje i alle skular, ikkje i alle kommunar. Det er her utfordring­a ligg. Skal vi ha noko som helst håp om at alle skular skal lykkast, vil det krevje felles og samstemt forskingsb­asert innsats frå alle profesjone­lle i og kring skulen. Frå politikara­r, departemen­t, kommunar, skular og laerarar, og frå nasjonale kompetanse­miljø som Nasjonalt senter for laeringsmi­ljø og atferdsfor­skning. Om ikkje er sviket totalt.

 ??  ??
 ??  ??
 ?? FOTO: JAN T. ESPEDAL ?? Norge har vaert ledende i arbeidet mot mobbing. Det er vi ikke lenger, påpeker kronikkfor­fatteren.
FOTO: JAN T. ESPEDAL Norge har vaert ledende i arbeidet mot mobbing. Det er vi ikke lenger, påpeker kronikkfor­fatteren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway