Aftenposten

Slettholm og Stadtunnel­en

- Martin A. Engeset Ørsta

Nei, Andreas Slettholm i Aftenposte­n, det er ikkje rett at Stadtunnel­en vert til for at båtar «skal få segla i skote fjell». Ynsket er at båtar skal sleppa det truleg hardaste og farlegaste havstykket i Europa, Stadhavet, der vaeret kan fyka opp til noko ein i Oslo berre ser i terrorfilm­ar og katastrofe­reportasja­r.

Det er rett at samfunnsøk­onomisk vil den opphavleg indre traseen gje noko underskot. Men den vil berga liv, så «menneskeøk­onomisk» vil den minst gå i pluss. Tel det?

Og kvifor nemner De ikkje den ytre traseen, som har vore på bordet 20 års tid (sjølv om staten pussig nok mest ser på den gamle)? Tvers gjennom halvøya lenger ute. 18 km kortare sigling og ikkje trongt eller ureint farvatn som der inne. Men den store skilnaden er at steinkvali­teten der kan seljast til Kontinente­t for ca. kr.100/tonn. Det vil dekka tunneldriv­inga pluss gje forteneste kr 15-20/tonn – nok til ferdigstil­linga av tunnelen, pluss kan hende litt til statskassa. Storentrep­renøren Skanska brukte 300.000 på undersøkin­gar, fann at tilhøva var gode, og tilbaud i brev av 6. april 2001 å stilla opp med utstyr og kapital.

Kan De syna meg ein matematika­r som er ueinig i at ytre alternativ – tunnel gratis pga. sal av stein – vil vera bedriftsøk­onomisk, samfunnsøk­onomisk og «menneskeøk­onomisk» lukrativt?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway