Aftenposten

Når ein kan bu kor ein vil i verda, kjem ein då til å flytte heim?

Ei historie om ei bygd og eit val.

- TEKST OG FOTO Signe Fuglesteg Luksengard

Eg trykker gassen inn og køyrer forbi vedstabele­n, skogen, elva. Veka har vore travel i byen: Fram og tilbake frå møter, kontor og oppdrag. Som ein karusell eg elskar å vere på, snurrar han berre fortare og fortare til meir som skjer.

Eg passerer siloen og lysløypa, og når eg parkerar bilen i tunet, går ut og pustar inn den friske lufta, ser eg opp og kjem på at det framleis finst stjerner på himmelen. Det er stille. Heilt stille. Og heilt mørkt.

Å HØYRE ELVA BRUSE. Eg åpnar døra heime. Det er fyr i ovnen. Maten står på bordet. Mamma gjev meg ein klem. Når eg legg meg litt seinare, høyrer eg elva som brusar. For fyrste gong på ei stund pustar eg ordentleg ned i magen.

Eg er endeleg heime.

Frå Leveld i Ål kommune. Bor i Oslo. Jobbar som frilansfot­ograf mellom dokumentar, mote og eigne prosjekt.

Ga hausten 2018 ut ei fotobok om Leveld på eiget forlag.

Prosjektet vann 3. plass under Årets bilde - Dokumentar Norge.

DEN MAGISKE SKOGEN. Men kva er ein heim? Kva gjer heime til heime og Leveld så spesielt for meg? Kanskje er det samhaldet her. Kanskje at eg er elska av familie og venner. At her kan eg vere heilt meg sjølv, utan å vere fotograf og jobbe for å få til noko.

Eller kanskje er det mytane og eventyra, som gjer kvar ein haug, kvar ein skog og kvar ein bekk til magiske plassar fylt av minner frå fortida.

«Det handlar ikkje berre om ein plass,» seier pappa. – «Men om kven ein har rundt seg.»

Han har rett, trur eg. Skogen er magisk fordi far min har leika i han, og fortalt om det ved sengekante­n. Bekken er magisk fordi goffa drakk av han lenge før eg fanst. Me deler det heile mellom oss. Og slik er det enno.

Kvar dag lever rundt 300 menneske kvardagen sin i Leveld – heimen eg ein gong drøymde om å reise bort frå.

Dei arrangerer hopprenn på jordet, mjøl-

«Når har du tenkt å flytte heim?» spør dei. Eg lurar ofte på det same. Garden har gått i arv i generasjon­ar

kar kyrne i fjøset. Dei spelar 17. mai-musikk på traktor, sett opp teater, reparerer skitrekket og slaktar sauen. Dei startar i 1. klasse på barneskule­n, og dei flyttar på gamleheime­n, slik som gommo og goffa, som var her lenge før meg, som gav det vidare, og som snart forsvinn og tek med seg ein stor bit av livet mitt.

«NÅR HAR DU TENKT Å FLYTTE HEIM?» Slik tenker eg morgonen etter, da eg vaknar og tuslar grusvegen ned mot skulen, mellom gardane me alle brukte samlast rundt som små. Dei ligg som dei alltid har gjort, på ei lang rekke langs dalen, skilt frå kvarandre med gjerde og søkk som strekk seg til storevegen, langt der nede.

Ei bygd med lafta loft, små hus og raud- og brunmåla låvar, som faktisk liknar dei eg laga i hovudet når mamma og pappa las even-

tyr – og kor ein sjølvsagt stoppar opp når ein møter naboar langs vegen. «Når har du tenkt å flytte heim?» spør dei. Eg lurar ofte på det same. Garden har gått i arv i generasjon­ar.

SÅ LITE AT INGEN BLIR GLØYMD. Men Leveld er ikkje noko eventyr. Leveld er ei sidebygd i Hallingdal, 700 meter over havet, heilt øvst og ytst i den nye kjemperegi­onen Viken. Med ei skule politikara­r stridast om og ein lokalbutik­k som vart lagt ned i fjor. Med tidleg vinter, sein vår og rekordlåge fødselstal.

Leveld er bror min som seier «Det hadde vore så mykje enklare for meg om du visste kva du ville». Leveld er akkurat så lite at ingen blir gløymd. Så lite at ein raskt skiller seg ut. Så lite at alle veit kven du er. Så lite at ein no eller då drøymer seg vekk. Slik eg gjorde, før eg starta å lengte heim att igjen.

Slik er det enno. Eg høyrer til, eg riv meg laus, eg lengtar. Slik eg trur mange gjer, anten dei kjem frå Bergen, Røros eller Leveld. Og anten dei drog, vart verande eller kom tilbake att.

Leveld handlar om meir enn ei bygd. Ho handlar om familie og vener, om tilknyting og lausriving, om tradisjona­r, røter og minner. Om kvardag. Om draumar, sakn, håp og tvil. Om noko me alle deler.

Og om eit val eg må ta helt sjølv.

PLIKT OG KJAERLEIK. Før var det ei plikt å ta over, og for dei fleste var det eit naturleg val. I dag er det annleis. Og med alle mogeleghei­ter eg har, kvifor skulle eg eigentleg flytte hit? Jo, eg er odelsjente, og eg er veldig glad i heime. I garden og bygda. I mamma, pappa, gommo, goffa og syskna mine. I venene mine, kulturhuse­t og fjella. Men er det mitt ansvar, berre fordi eg er eldst? a-magasinet@aftenposte­n.no

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? ←Å mjølke ei ku. Å gå heilt inntil, kjenne på spenen, klemme forsiktig ned. Å smaka på den varme mjølka. Det er fjøsdag på skulen, og basic info blir ført vidare til ei ny skuleklass­e. Her er det Iselin Lashmi som får prøvd seg. →Nyttår i Leveld. Rakettane som før var små fisar i Leveld, er no større og fleire. I tillegg blinkar hus, traktorar og straumlei dningane over vegen.
←Å mjølke ei ku. Å gå heilt inntil, kjenne på spenen, klemme forsiktig ned. Å smaka på den varme mjølka. Det er fjøsdag på skulen, og basic info blir ført vidare til ei ny skuleklass­e. Her er det Iselin Lashmi som får prøvd seg. →Nyttår i Leveld. Rakettane som før var små fisar i Leveld, er no større og fleire. I tillegg blinkar hus, traktorar og straumlei dningane over vegen.
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? ←Til fjells. HermundDok­k, her 80 år, flyttar til fjells kvar februar. Sjølv om han høyrer dårleg, steiker, sel og gestikuler­er han fram vaflane til tyske og danske skiturista­r. →Pynta til jul. Leveldtun er gymsalen der teaterøvin­gar skjer, der koret syng, og barnetrimm­en trenar. Tysdagar er det innebandy, måndagar dametrim, i høgtider juletrefes­tar, bygdefesta­r, konfirmasj­onar og bryllaup.
←Til fjells. HermundDok­k, her 80 år, flyttar til fjells kvar februar. Sjølv om han høyrer dårleg, steiker, sel og gestikuler­er han fram vaflane til tyske og danske skiturista­r. →Pynta til jul. Leveldtun er gymsalen der teaterøvin­gar skjer, der koret syng, og barnetrimm­en trenar. Tysdagar er det innebandy, måndagar dametrim, i høgtider juletrefes­tar, bygdefesta­r, konfirmasj­onar og bryllaup.
 ??  ??
 ??  ?? ←Den harde sanninga. Folketalet synk. I år vart 18 ungar født i kommunen. For 20 år sidan var det over 60. For at plassar som Leveld skal fortsette å vere fulle av liv, må unge som meg sjølv flytte heim. Men er det mitt ansvar?
←Den harde sanninga. Folketalet synk. I år vart 18 ungar født i kommunen. For 20 år sidan var det over 60. For at plassar som Leveld skal fortsette å vere fulle av liv, må unge som meg sjølv flytte heim. Men er det mitt ansvar?
 ??  ?? ←Romjulsfes­t. 4.juledag og kvelden ein har venta på i eit år, er her. Dette er kvelden ein samlast på toppen av veståsen og kosar seg med gløgg og bål, før ein akar den lange vegen ned til sentrum. Det gamle bedehuset blir gjort om til eit sveitt dansegolv. Når «i’ve had the time of my life» når nye høgder, er det berre å hoppe i det i stillongse­n.
←Romjulsfes­t. 4.juledag og kvelden ein har venta på i eit år, er her. Dette er kvelden ein samlast på toppen av veståsen og kosar seg med gløgg og bål, før ein akar den lange vegen ned til sentrum. Det gamle bedehuset blir gjort om til eit sveitt dansegolv. Når «i’ve had the time of my life» når nye høgder, er det berre å hoppe i det i stillongse­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway