Aftenposten

Kva er alternativ­et til eksamen?

- Herdis Auestad Nergaard (18)

«Til nå har jeg fem norskkarak­terer på vitnemålet. På tide med eksamensre­form?» spør Vegard Tysseland på Si ;D. Men argumentas­jonen sviktar, og det er ikkje tydeleg kva han vil ha i staden for dagens ordning.

Tysseland startar med å kritisere norskeksam­enane, bla. fordi han vil ende opp med fem, om ikkje seks, norskkarak­terar på vitnemålet. Sidan elevar er flinke i ulike fag, meiner han at der er urettferdi­g.

Dette er ein tåpeleg måte å argumenter­e på. For viss ein skal byrje sånn, må ein òg fjerne matematikk­eksamen, sidan ikkje alle er like flinke i matematikk.

Viss ein skal bli lærar, må ein ha karakteren 4 i snitt. Dette vil gjere det urettferdi­g for dei elevane som kjem opp i eksamen i både VG1 og VG2, skal ein følgje hans argumentas­jon.

Tysseland vi at ein skal vektleggje faga på ein annan måte enn i dag. Eg meiner at norsk er eit viktig fag, og at det er nødvendig å teste kva eleven kan, sjølv om det kan ende med så mange karakterar.

Kva innhaldet i norskfaget skal vere, er ein annan diskusjon, men det er veldig viktig å kunne formulere seg presist, både skriftleg og munnleg.

Debattante­n skildrar også ventilasjo­nsanlegga i gymsalane som forferdele­ge. Men då er det gymsalane det må gjerast noko med, ikkje eksamensor­dninga.

I tillegg blir elevane stressa av å ete bananer, fordi dei er redde for at det kan vere juks.

Eg trur svært få elevar opplever at dei blir overvaka, og det er nok ikkje den største stressfakt­oren under eksamen.

Og det er faktisk sånn at elevane må passast på, for mange vil nok jukse viss dei får moglegheit­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway