Aftenposten

Musikken er ikkje berre kvit og maskulin

- Synnøve Engevik, kurator, Rockheim og PhD-kandidat ved NTNU

Populærmus­ikkmusea har utfordra og fornya museumslan­dskapet, men har òg meir å gå på med tanke på kven som er represente­rt og kven som ikkje er det. Det er no 24 år sidan det fyrste store museet for populærmus­ikk opna – the Rock and Roll Hall of Fame and Museum i Cleveland, Ohio. Sidan den tid har det poppa opp popmuseum regelmessi­g verda over. Det er eit vidt spekter av institusjo­nar som omtaler seg sjølve som museum og som populærmus­ikkmuseum.

Populærmus­ikkmusea varierer i størrelse og fokus frå små uavhengige museum, som Vazelina-museet i Hunndalen, til store spesialbyg­de og bransjefin­ansierte attraksjon­ar som Grammy-museet i Los Angeles og i Cleveland, USA. Nokre museum er avhengig av billettinn­tekter og donasjonar, medan andre får støtte frå stat og lokale styresmakt­er, nokre er registrert­e som ideelle og andre som kommersiel­le organisasj­onar.

Har utfordra vestleg kulturarvp­raksis

Populærmus­ikkmusea har utfordra, fornya og mangfaldig­gjort den tradisjone­lle vestlege kulturarvp­raksisen. Dei har vore med å utvide og endre våre idear om kva kulturarv kan vere, bryte ned det skarpe skilet mellom fagfolk i musea og eksterne ekspertar eller publikum, dei har introduser­t nye formidling­stankar og ny formidling­steknologi, rekruttert nye publikumsg­rupper og vore pådrivarar i utviklinga av nye forvalting­sverktøy og -rutinar.

Trass i alle desse positive bidraga, er det sjølvsagt eit forbetring­spotensial­e innan populærmus­ikkmusea også. Etter 20 eller 10 år i popmuseums­bransjen, der delar av tida har gått med til å argumenter­e for at dette er ei arv verdt å ta vare på, er det no dags for litt kritisk sjølvrefle­ksjon, ei evaluering og kanskje ei oppdaterin­g.

Etablert som eit eige kulturfelt

Den viktigaste oppgåva for eit ferskt popmuseum er sjølvsagt å berge og å syne fram historiske skattar, «meisterver­k» eller kanon. Gjennom å plukke ut dei beste artistane, albuma og låtane, slik dei fyrste rockejourn­alistane også gjorde i slutten av 1960-åra – i publikasjo­nar som Crawdaddy!, Rolling Stone og Creem, blei popmusikke­n etablert som eit eige kulturfelt, ved sidan av dei allereie etablerte felta for jazz, folkemusik­k og klassisk musikk.

Gjennom kanoniseri­nga blei populærmus­ikkfeltet eit felt som burde skrivast om, forskast på og konservera­st til våre etterkomar­ar.

Kvitvaskin­g av musikken

The Beatles, Bob Dylan, The Rolling Stones, The Beach Boys frekventer­er så godt som alle lister over «dei beste gjennom tidene». Forskarane Ralf von Appen og André Doehring har studert 38 slike «greatest-albums-of-all-time»-lister. Eit av funna dei gjorde, var at listene stort sett bestod av kvite menn som spelte rock i slutten av 1960-åra. Dette er slåande, då musikken dei spelte og spelar i stor grad baserer seg på musikalske stilar assosisert med ikkje-kvite, og særleg afroamerik­anske musikarar. Derfor har forskarar på det same feltet snakka om ein kvit approprias­jon, ei koloniseri­ng eller kvitvaskin­g gjennomfør­t av kvite plateselsk­ap, kritikarar, artistar og publikum.

Dessverre er det slik at kanoniseri­nga innan populærmus­ikken i stor grad fortsetter i same spor som dei tidlege rockkritik­arane etablerte, skriv Vaughn Schmutz i den nye antologien The Routledge Com

Listene bestod stort sett av kvite menn som spelte rock i slutten av 1960-åra. ”

panion to Popular Music History and Heritage. Innan sjangrar som punk, postpunk og indie gitarrock frå 1980- og 1990-åra er det i hovudsak musikk som kan karakteris­erast som kvit og maskulin som er innvia.

Bør «populærmus­ikk» skiftast ut?

Dette bilete av musikkhist­oria er populærmus­ikkmusea iblant med på å nyansere. Og det meinar eg er viktig. Særleg for eit museum med offentlege tilskot, slik som Rockheim, er det å grave opp nye forteljing­ar frå arkiva ein sentral del av samfunnsop­pdraget. Det gjorde me til dømes i utstilling­a om kjønn og kjønnsiden­titetar i populærmus­ikken – «I dreamt I was a real boy» i 2013, i utstilling­a Network of Friends om DIY-inspirerte musikkultu­rar året etter, og i Soli Deo Gloria - ei utstilling om kristendom og pop som opna no i vår, samt i ulike kulturhist­oriske narrativ i hovudutsti­llinga vår.

I tillegg må popmusea ta stilling til at musikken er i stadig endring. Kanskje er òg termen poplærmusi­kk moden for utskifting? Slik den moderne musikken har utvikla seg, verkar det ofte meiningsla­ust å skilje mellom jazz, folkemusik­k, kunst

musikk og populærmus­ikk i eit kulturarvp­erspektiv.

Utgjevinga­ne på selskapet Hubro, til dømes, er som regel ein fantastisk miks av folketonar, samtidsmus­ikk, improvisas­jon, pop og rock. Smalltown Supersound gir ut musikk i kryssingsp­unktet kunstmusik­k og elektronis­k dansemusik­k, platene frå Rune Grammofon er ofte jazza rock eller rocka jazz, og den viktigaste rekrutteri­ngsarenaen til norsk pop og rock er jazzutdann­inga ved NTNU. Eit anna døme er OK World, plateselsk­apet til jazzmusika­r Bugge Wesseltoft som kombinerer popmusikk med folkemusik­k frå heile verda.

Det mektige rock-etablissem­entet

Mennesker forflyttar seg. Verda, Noreg og populærkul­turen er i endring, den har alltid vore internasjo­nal, men etter at den blei digital, har den i større grad også blitt global. Som kuratorar av populærmus­ikk gir dette oss eit hav av potensiell­e, spennande og viktige forteljing­ar og ei stor utfordring kring å navigere og prioritere i dette havet. Derfor arrangerer Rockheim no, i samarbeid med tre andre nordiske museum, den internasjo­nale konferanse­n From youth culture to cultural heritage ved museet i Trondheim 11. og 12. juni. På programmet står mellom anna ein av dei fremste forskarane på populærmus­ikk og ungdomskul­tur i verda, professor Andy Bennett ved Griffith University, Australia.

Bennett skriv at rocken er planta i det kulturelle minnet til ein sosioøkono­misk og kulturelt mektig aldrande babyboomer­generasjon, omtalt som «the rock establishm­ent». Dette rock-etablissem­entet har økonomisk makt og ofte viktige posisjonar innan både media- og kulturindu­stri samt ulike statlege og offentlege institusjo­nar.

Rockheim inviterer til historiedi­skusjon

Bennett skriv også at populærmus­ikkarva i all hovudsak har blitt diktert av ein angloameri­kansk, kvit og rockorient­ert middelklas­se. Kanskje kan me også leggje til mannleg. Dei dominerand­e narrativa meinar han potensielt kan utslette store delar av den musikalske produksjon­en, framføring­a og mottakinga frå det populære minnet. Med mål om å unngå nettopp det, inviterer Rockheim no journalist­ar, biblioteka­rar, arkivarar, museumstil­sette, samlarar, musikarar, arrangørar og alle andre interesser­te til å delta i historiesk­rivingsog kulturarvs­diskusjone­n.

 ??  ??
 ??  ??
 ?? Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix ?? Hvite er de, men ikke alle er menn. Her blir Finn Kalvik, Anita Skorgan, Morten «Diesel» Dahl og Ronni Le Tekrø Kalvik innlemmet i Rockheim Hall of Fame i april.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix Hvite er de, men ikke alle er menn. Her blir Finn Kalvik, Anita Skorgan, Morten «Diesel» Dahl og Ronni Le Tekrø Kalvik innlemmet i Rockheim Hall of Fame i april.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway