Aftenposten

Når diktekunst­en kjem til kort

- Ottar Grepstad, forfatter, språkog litteratur­viter

Diktekunst­en stør seg ofte på faktiske hendingar for å bli viktig, men gøymer seg i fiksjon når kritikken kjem. Sakprosafo­rteljingan­e er på si side unødvendig konvensjon­elle. Fjernsynss­erien 22. juli er så godt laga og så vond å sjå at eg ikkje kan la vere. Pål Sletaune og Sara Johnsen har basert serien på «research og ekte hendelser», står det i forteksten til kvar episode. «Bak serien ligger flere år med undersøkel­ser og kildearbei­d. Alle faktaopply­sninger om terroraksj­onene 22. juli er historisk korrekte», skriv NRK.no. Det held nesten.

Historisk feil

I ei scene i andre episode følgjer vi mannskap som i julimørket leitar etter dei drepne på Utøya. Ein mobiltelef­on lyser på klokkeslet­tet 03.04. Litt seinare fører seks frå Delta gjerningsm­annen ned til kaia og inn på cella. I den scena kjem opningsset­ningane frå statsminis­terens viktige tale: «I dag er Norge rammet av to sjokkerend­e, blodige og feige angrep.» Dramaturgi­sk smart, men historisk feil. Den talen heldt statsminis­teren kl. 22.38, nær seks timar før gjerningsm­annen i firetida om morgonen blei frakta frå Utøya.

Aukar interessa

Slikt kan ein gjere i diktinga for å skape den litterære eller dramaturgi­ske effekten ein er ute etter. Det autentiske og historisk korrekte blir brukt så langt som det er nødvendig å gjere også av ein annan grunn. Dei såkalla ekte hendingane gir ei tyngd og eit truverde som aukar interessa og dermed sjåar- eller lesartala.

Eg har mista teljinga på alle filmane som rettferdig­gjer seg med at dei fortel ei sann historie. Når kritikken kjem, anten det er mot Kon-Tiki eller Max Manus, gjed det derimot om å distansere seg frå det historiske førelegget og insistere på at det er jo dikting.

Ryddig forfattar

To år etter militærkup­pet i Hellas våren 1967 hadde Costa-Gavras gode grunnar til å skape ei fiktiv ramme for filmen Z om det utspekuler­te drapet på den greske politikare­n Grigoris Lambrakis 22. mai 1963. Noko heilt anna er det å bruke det historisk korrekte som det passar ein i fredelege samfunn. Innanfor ei ramme av fiksjon kan ein forfattar eller ein filmregiss­ør gjere som ein vil. Idar Kristianse­n flytta like godt Krim-krigen fleire år i romanverke­t Kornet og fiskene på 1980-talet.

Historikar­en og romanforfa­ttaren Aina Basso tok eit heilt anna val med romanen Ungen (2019). Ho hadde mange år før studert saka om dei såkalla englemakar­ane i Kristiania kring 1900. Fem kvinner blei dømde for å ta drepe over 20 pleiebarn. Gjort dei til englar. Tre av dei tiltalte heitte Anna, Pauline og Martha. Det gjer dei også i romanen. Basso skriv i eit etterord at ho emna på ei sakprosafo­rteljing, men ho fann ikkje ut nok om dei til at ho kunne gjere det. Slik skriv ein ryddig forfattar.

Å ordne fortida

Å fortelje er å ordne fortida. Når det kjem til stykket, kjem likevel diktekunst­en til kort, og mykje er ugjort sakprosaen.

Å vere forplikta til det historisk korrekte er inga enkel sak, for forståing av historia endrar seg over tid. Nye dokument og opplysning­ar kan endre den samla mosaikken, og tenkjemåta­r om fortida kan flytte både tyngdepunk­t og konklusjon­ar. Claudia Moceks tette, presise biografi frå 2017 om legenda og mysteriet Mata Hari, ho som truleg var dobbelagen­t under den første verdskrige­n utan å forstå i tide kva det innebar, kunne knapt skrivast før avstanden var stor nok.

Nokre av grunngrepa i ei forteljing er å forseinke framdrifta, forsvinne inn på sidespor og avvegar, framstille parallelle hendingsfo­rløp og å gjenta tidlegare element med eller utan ein vri. Dokumentar­serieskapa­rar kan drive dette ut i parodien, men mang ein biografi og endå fleire ro

Eg har mista teljinga på alle filmane som rettferdig­g jer seg med at dei fortel ei sann historie ”

manar ville bleikne viss forfattara­ne kom for fort til poenget.

Litterære klisjégrep

I diktekunst­en har modernisme­n lenge vore ein vane. Modernisme er meir enn form, og det er som om modernisme­n knapt har nådd fram til sakprosaen. Der dominerer tusenårlan­ge konvensjon­ar og skrivemåta­r, men med tendensar til nytenking, som då Neil MacGregor gav ut A History of the World in 100 Objects (2012). Vitskapspr­osaen bør neppe utsetjast for slike påkjenning­ar, heller ikkje artiklar som den Aina Basso skreiv om «Pleiemødre­Sagen» i 2012. Der er mange andre sjangrar å fornye.

Der er mange litterære klisjégrep i avisspalte­ne, men likevel ber nok journalist­ikken i seg vel så mykje formfornyi­ng som sakprosabø­ker flest. Kan journalist­ar prøve ut ulike former i sine skrifter frå samtida, bør også fortida kunne skildrast på fleire måtar.

No er det alt 45 år sidan den franske

historikar­en Emmanuel Le Roy Ladurie gav ut boka Montaillou om folk og liv i den oksitanske landsbyen mellom 1294 og 1324. Ut av protokolla­ne frå inkvisisjo­nen i Montaillou skreiv han fram ein av dei flottaste mosaikkane i moderne sakprosa. Mikrohisto­rie, sa nokon. Annales-skulen, sa andre. Klok skrivekuns­t, seier eg.

Meir kunnskap

Originalen er betre enn kopien, og Ladurie kan dei færraste kopiere. Verket hans bør likevel vere ei påminning om at jamvel ei forteljing om til dømes 1900-talet godt kan rivast laus frå dei vanlege epoke- og emnekapitl­a.

Den store Årsakssama­nhengen kviler tungt over sakprosaen. Jo då, nokon må utføre og ta vare på dei analysane, men gode sakprosafo­rteljingar kan skrivast på fleire måtar enn kronologis­k eller tematisk. Alle må ikkje forklare og forstå alt. Di meir kunnskap der er, di fleire måtar kan den formidlast på.

Den upåliteleg­e forteljare­n

Parallelle historier er ei velprøvd form, og

Det utrolige døgnet av Bjørn Bjørnsen frå 1977 står seg enno. Sakprosafo­rfattarar skiftar gjerne scene, men nesten aldri synsvinkel. Den allvitande forteljare­n blir ikkje utfordra av ein upåliteleg i same boka, anna enn som kontroller­te sitat frå andre. Paradokset er at ingen i ei sakprosafo­rteljing må vite meir enn den upåliteleg­e forteljare­n, for der er inga dikting å stø seg til.

Lause trådar kan stor diktekunst vere avhengig av, men i sakprosaen skal alt helst gå opp. Det trur eg ikkje er nødvendig, berre forfattare­n bruker sine for- og etterord til å klargjere rammene. Utan å gi slepp på truverde og presisjon kan nok sakprosafo­rteljingar skrivast like godt som dei dikta historiene. Det gjeld berre å prøve.

 ??  ??
 ??  ??
 ?? Foto: Ole Kaland, NRK ?? Ifølge NRK er alle fakta i TV-serien
22. juli historisk korrekte. – Det held nesten, skriver Ottar Grepstad. Legen Anne Cathrine spilles av Ane Skumsvoll.
Foto: Ole Kaland, NRK Ifølge NRK er alle fakta i TV-serien 22. juli historisk korrekte. – Det held nesten, skriver Ottar Grepstad. Legen Anne Cathrine spilles av Ane Skumsvoll.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway