Aftenposten

Opning av Brukerromm­et blir hindra av lovverket

- Kjersti Ulstein, overlege, Marta Bjørke, institusjo­nssjef, Hanne Wenche Langaas, teamleder Brukerromm­et, alle Prindsen mottakssen­ter

Aller helst ønsker vi å opne brukerrom. Gjerne fleire. Mange nok til å gi verdigheit og tryggleik til alle som vi no ser på gata. ”

Prindsen mottakssen­ter, meir enn nokon, ønsker å opne Brukerromm­et! Vi høyrer ropa frå ambulanset­eneste, brukarar og engasjerte innbyggara­r i Oslo. Vi ser at det injiserast under uverdige og utrygge forhold, og at anbefalt avstand ikkje er overheldt. Vi er alle bekymra. Likevel er Brukerromm­et framleis stengt, og gjenopning er først 10. august. Vi ønsker å forklare kvifor.

Først litt historikk. Vi har lenge hatt kapasitets­problem med kødanning og samlingar på gata. Med byggearbei­da i Storgata er samlingane blitt større, og stemninga opplevast meir oppjaga. Forklaring­ane er samansette: Sprengt kapasitet, uoversiktl­ighet i forbindels­e med gravearbei­da og nærleik til miljøet i Brugata spelar sannsynleg­vis inn.

Uavhengig av pandemien

Opning av Brukerromm­et vil ikkje kunne ta unna samlingane vi no ser rundt Prindsen mottakssen­ter. Januar 2019 kom ei etterlengt­a lovendring der sprøyterom blei til brukerrom med mogeleghei­t for langt mindre helseskade­leg inntak via inhalasjon. Dette kravde ombygging og nytt ventilasjo­nsanlegg.

Bygginga var planlagt ferdig sommaren 2019, men har vore komplisert og gått i rykk og napp fram til pandemien kom. Arbeidet har gått for fullt sidan april, og Brukerromm­et ville heldt stengt denne perioden uavhengig av pandemi. Brukerroms­lova krev med god grunn nærvær av helseperso­nell – vi handterer i snitt ein overdose dagleg.

I likskap med Arne Skulberg i ambulanset­enesta meiner vi at Brukerromm­et i praksis er del i akuttkjeda som bidrar til å førebyggje overdosedø­dsfall og skader som følger av pustestans. Brukerrom er imidlertid ikkje definert som ein lovpålagt teneste slik ambulanset­enesta er.

Sprengd kapasitet

Så kom koronaen, og Brukerromm­et, som andre poliklinis­ke tenester, stengde. Mange av våre brukarar bur i institusjo­nar i vår etat. Over natta blei fastlege, legevakt og spesialist­helsetenes­te utilgjenge­lege. Vi, som andre, var redde for langvarig kollaps i ordinære tenester og frykta liv ville gå tapt.

Bekymringa er også stor for alvorleg forløp av koronainfe­ksjon hos våre og for at smitte vil spreie seg raskt i institusjo­nsapparate­t. Velferdset­aten er ein sosialfagl­eg tung etat der mange institusjo­nar ikkje har helseperso­nell. I løpet av få dagar blei sjukepleia­rar frå mellom anna Brukerromm­et beordra til å bistå bebuarar med akutt helsehjelp, medisinutl­evering og smittevern.

De blei også beordra til etatens nyopna isolasjons­eining for innbyggara­r med koronasmit­te og samtidig rusavhengi­ghet, med tilbod om substitusj­onsbehandl­ing og døgnkontin­uerleg helseoppfø­lging. Heldigvis har det ikkje gått som frykta, men pandemi er uføreseiel­eg.

Risikofylt­e injeksjona­r aukar

Vår etat vurderer det ikkje som forsvarleg å avvikle desse tiltaka som varetar koronabere­dskapen for rusavhengi­ge i Oslo, før etter sommarferi­en. Feriekabal­ar i nye koronatilt­ak har derfor blitt lagt, og beordra helseperso­nell har fått innvilga sårt tiltrengte veker ferie.

Vi har heile vegen ønska å tilby brukerrom – telt og mobile løysingar er greia ut, det er søkt etter sjukepleie­vikarar og vi har søkt Helse- og omsorgsdep­artementet om dispensasj­on frå ulike krav i brukerroms­lova. Svaret er at dette ikkje kan givast for opning av nye ikkje-fullverdig­e brukerrom, men at man kan drifte allereie lovmessige brukerrom der delar av tilbodet er stengt, dersom stenginga er grunngitt i smittevern­tiltak.

Vi deler fortvilels­en over stengt brukerrom når smitten no går ned, og risikofylt­e injeksjona­r på gata aukar. Men brukerromm­et er under ombygging, alternativ­e løysingar er ikkje i samsvar med lovverk, og når nytt brukerrom er klart, er personalet framleis beordra inn i koronatilt­ak.

Ønsker å opne fleire brukerrom

Der finnast ikkje lovheimel for å inndra ferie for drift av brukerrom slik det finnast for drift av ambulanset­eneste. I mellomtida jobbar vi for å unngå overdosar og koronasmit­te rundt huset. Tilsette er ute i miljøet, gir førstehjel­p, opplæring i kameratred­ning og deler ut motgift. Trivselsve­ktertenest­en er utvida. Vi tilbyr koronatest.

Men aller helst ønsker vi å opne brukerrom. Gjerne fleire. Mange nok til å gi verdigheit og tryggleik til alle som vi no ser på gata.

Brukerromm­et i Storgata i Oslo ville holdt stengt denne perioden uavhengig av pandemi, skriver innleggsfo­rfatterne.

 ?? Foto: Rolf Øhman ??
Foto: Rolf Øhman

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway