Aftenposten

Lettvint av Aftenposte­n om domstolsst­ruktur

- Jenny Klinge, stortingsr­epresentan­t, Senterpart­iet

Når Aftenposte­n på leiarplass 1. juli hevdar at Senterpart­iet er prinsippla­use i vår tilnærming til kor mange tingrettar og jordskifte­rettar landet skal ha, viser avisa dessverre sjølv ei lettvint tilnærming.

Underteikn­a stilte spørsmål om Domstoladm­inistrasjo­nens rolle til justismini­ster Monica Mæland (H) under ein debatt om domstolsst­ruktur i Stortinget i mai. I svaret sitt blanda Mæland Domstoladm­inistrasjo­nen med den dømmande makt, då ho ville ha seg fråbedt at eg kritiserte den dømmande makt.

No ser det ut som at Aftenposte­n har klart å gå i den same fella.

Regjeringa har i årevis velsigna planane om å slå saman domstolar. Men i mai signaliser­te eit nytt stortingsf­leirtal beståande av Sp, Ap, Frp og SV tydeleg at det er uaktuelt med ei massiv samanslåin­g av domstolar, etter at Domstoladm­inistrasjo­nen har arbeidd for ei slik sentralise­ring i årevis.

Vil Domstoladm­inistrasjo­nen stelle seg lojalt til Stortinget­s vilje, eller vil dei halde fram med å nedpriorit­ere domstolar som dei sjølve håpar å få legge ned? Og meiner Aftenposte­n verkeleg at dette er irrelevant å spørje om?

I eit styredokum­ent frå Domstoladm­inistrasjo­nen i 2016 stod det dette om domstolar som «antas aktuelle for strukturen­dringer»: «Etablering av nye leieforhol­d bør unngås, og dermed også store utgifter forbundet med flytting av domstoler. Dette omfatter investerin­ger i nytt inventar og utstyr i rettssaler.» Og så vidare.

Senterpart­iet har heile tida vore kritiske til at mange domstolar har vorte klargjorde for nedlegging på denne måten. Vi er også kritiske til kva fleire media på leiarplass synest å meine er «faglege råd» som vi politikara­r må lytte til.

Det blir stadig vist til Domstoladm­inistrasjo­nen og Dommarfore­ininga, men Domstoladm­inistrasjo­nens styre er ikkje eit fagleg samansett styre. Og Dommarfore­ininga presterte å koma med sine faglege konklusjon­ar berre 61 minutt etter at Domstolkom­misjonen kom med sine tilrådinga­r om domstolsst­ruktur hausten 2019.

Dette gjorde dei heilt utan å ha konferert med alle dei dommarane (fagpersona­ne) dei har som medlemmar i foreininga. Det er mange dommarar rundt om som er frustrerte over dette.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway