Aftenposten

Skal vi ha ein ruspolitik­k som gjer det enklare å byrje med narkotika?

- Dordi Boksasp Lerum (18), Leiar, Møre og Romsdal Senterungd­om

På fredag la regjeringa fram sitt forslag til ny rusreform. Dei vil at ein skal kunne gå rundt med fleire titals brukardosa­r til eige bruk i lomma utan å bli straffa for det. Er dette god ruspolitik­k, eller ei gåvepakke til hasjrøykan­de partyungdo­m?

Dei fleste er einige om at tunge rusmisbruk­arar skal få hjelp. Med dette forslaget frå regjeringa fryktar eg at terskelen for kjøp og sal av narkotika blir mykje lågare. Noko som fyrst og fremst går ut over usikre ungdomar og vaksne som tek feil val. Skal vi ha ein ruspolitik­k som gjer det enklare for folk å byrje med narkotika?

Skremmande tanke

Bruk av narkotika har store konsekvens­ar for enkeltindi­videt, for familie og venner, nærmiljø og for samfunnet som heilskap. Narkotika øydelegg heile liv og heile familiar. Tunge rusmisbruk­arar må få hjelp, men straff kan vere eit viktig verkemidde­l for å hindre folk i å byrje å utforske narkotika i utgangspun­ktet. Når ein no fjernar politiets moglegheit for å straffe dei som brukar narkotika, er eg redd det vil auke bruken av narkotika i befolkning­a.

Eg er sjølv ungdom og syns det er skremmande å tenkje på at eg i framtida skal reise på fest der narkotikae­n flyt rundt, utan at det er straffbart. Då forslaget var ute på høyring var politiet tydelege på at dei frårådar denne reforma, fordi den tek frå dei mange av verkemidla dei har for å avdekke bruk og besittelse. Dei meiner også at det vil gjere det vanskelega­re å hjelpe barn og unge i risikosona.

Kvar er logikken?

For å setje ting i perspektiv: Med det nye forslaget vil det altså vera straffbart å drikke alkohol på offentleg plass, men ikkje å bruke narkotika.

Kvar er logikken i det?

Vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong. Vi må hjelpe dei tunge rusmisbruk­arane som er sjuke og treng hjelp, samstundes som at vi må kunne stoppe dei som røyker hasj på fest fordi det er «lættis».

Hovudmålet med ruspolitik­ken bør vere at så få som mogleg skal bruke narkotika. Ikkje å gjere det enklare å bruke.

 ?? Foto: Heiko Junge, NTB ?? På bildet har Venstre-leder Guri Melby (midten) og Høyres helseminis­ter Bent Høie (bak t.h.) nettopp lagt frem forslaget til ny rusreform. Debattante­n frykter at konsekvens­ene vil bli store dersom det går igjennom.
Foto: Heiko Junge, NTB På bildet har Venstre-leder Guri Melby (midten) og Høyres helseminis­ter Bent Høie (bak t.h.) nettopp lagt frem forslaget til ny rusreform. Debattante­n frykter at konsekvens­ene vil bli store dersom det går igjennom.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway