Aftenposten

Harald Olsen

- Gunnar Stave Geir Gundersen

Vår kjære ven og songarbror Harald Olsen (født 1945) døydde første pinsedag, 75 år gammal. Denne energiske og sterke mannen måtte gi tapt etter lengre tids sjukdom.

Vi fekk lære å kjenne og elske denne mannen gjennom 40 års samliv i songgruppa Freedom Quartet. 40 år med konserttur­near og øvingshelg­er skapte eit intenst, levande fellesskap. Det var Harald som introduser­te sjangeren spirituals for oss. Freedom Quartet vaks etter kvart til sin manndoms fulle kraft. Bokstavele­g tala i botn låg Harald si djupe og sikre bassrøyst.

Freedom Quartet var meir enn ei songgruppe. Kvartetten vart etablert i ei tid då studentopp­røret sette sitt preg på studentmil­jøet. Som fleire av oss hadde Harald sin bakgrunn i Bedehuset. På typisk Haraldvis vart han så ei tydeleg røyst i den kristensos­ialistiske rørsla, formulert skriftleg i artiklar og bøker.

Men Freedom Quartet var også meir enn ein syngande og diskuteran­de guteklubb. Etter kvart vart vi også eit fellesskap av familiar med ektefellar og barn der familiekjæ­re Harald var ei søyle og eit sentrum.

Haralds livsveg og livsval var prega av produktiv kraft, vilje og stor omstilling­sevne. Han var utdanna realist, men valde ein yrkeskarri­ere innanfor kulturliv og kulturfag. Prosjekta hans var tallause som havsens sand og fleire munna ut i bøker, radio- og Tv-program og Cd-produksjon­ar.

Han gav ut mange bøker som har inspirert søkande menneske. Stor var gleda hans over å kunne fullføre den siste boka Hellig sted. Der inviterer pilegrimen Harald oss til å bli med til stader som har betydd mykje for han, og som kan utfordre og utdjupe vår tru.

No har Harald nådd målet sitt. Han er heime. Vi i «Freedom-familien» er djupt takksame for følgje. Vår djupaste medkjensle går til Reidun og familien som Harald elska å leve i og for.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway