Aftenposten

Situasjone­n kan bli uholdbar for mange kvinner i USA

- Sigrid Rege Gårdsvoll Kommentato­r på Amerikansk­politikk.no

Retten til sjølvvald abort er under sterkt press i USA. Allereie i sommar vil truleg situasjone­n for reprodukti­ve rettar sjå totalt annleis ut i det sterkt polarisert­e samfunnet.

Abortlov i USA er i stor grad styrt av eit sett avgjerder frå Høgsterett, først og fremst Roe mot Wade frå 1973 (se faktaboks). I Roe sette fleirtalet i Høgsterett ned eit einskapleg rammeverk for sjølvvald abort i heile landet.

Seinare avgjerder har sett den nasjonale abortgrens­a ved levedyktig­heit for fosteret, normalt definert ved 24 veker, sjølv om ein i no enkelte tilfelle ser tidleg fødde som kan overleve ned til 22 veker.

Grunnlaget for at grensene er sett slik er paragrafen i det 14. grunnlovst­illegget, som forbyr staten vilkårleg å ta frå innbyggjar­ar liv, fridom og eigedom. Retten har tolka dette som at staten ikkje har rett til å nekte ei kvinne fridomen til å søke abort fram til fosteret er levedyktig. Denne tolkinga står for fall. Eit solid fleirtal i den høgaste rettsinsta­nsen i USA – seks av ni dommarar – er no politisk konservati­ve.

Saka som no gjer at abort er på Høgsterett sitt bord, gjeld ei lov frå Mississipp­i, som set abortgrens­a ved 15 veker. Lova er ikkje verksam i påvente av handsaming­a av saka. I handsaming­a av denne saka har vi sett grunn til sterk bekymring for tilhengjar­ar av sjølvvald abort. Fleire av spørsmåla og fråsegnene til dei konservati­ve dommarane då saka vart lagt fram i desember, tyder på at fleirtalet i retten vil vere villige til å gå mot 50 år med rettspraks­is og oppheve Roe mot Wade.

Lekkasjen frå Høgsterett. Tysdag skjedde noko heilt uventa: Eit utkast til dom i saka vart lekka til nettstaden Politico. Det har knapt hendt før i Høgsterett­s historie at noko lekk før dom vert avsagt. Det seier kanskje også noko om temperatur­en i sjølve Høgsterett no.

 ?? Foto: ?? U Abortforkj­empere protestere­r utenfor Høyesteret­t i Washington D.C. etter at en lekkasje viser at USAS øverste domstol kan komme til å endre abortloven radikalt. Jonathan Ernst, Reuters/ntb
Foto: U Abortforkj­empere protestere­r utenfor Høyesteret­t i Washington D.C. etter at en lekkasje viser at USAS øverste domstol kan komme til å endre abortloven radikalt. Jonathan Ernst, Reuters/ntb
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway