Aftenposten

Fakta. Roe mot Wade

-

Banebryten­de dom i USAS høyesteret­t i 1973.

Den innførte retten til selvbestem­t abort i landet.

Parter i saken var gravide Norma Mccorvey (21), en tobarnsmor i Texas, og Henry Wade, en lokal statsadvok­at. Mccorvey ble kalt «Jane Roe» i sakspapire­ne.

Dommen bestemte dette: I første tredjedel av svangerska­pet kan myndighete­ne ikke forby abort. I andre tredjedel kan de ha noen rimelige helsebegre­nsninger. I siste tredjedel kan abort forbys, men ikke hvis forbudet er helsefarli­g for mor.

I utkastet, som er ført i pennen av den konservati­ve dommaren Samuel Alito, blir det gjort eksplisitt klart at Roe v. Wade må opphevast fordi dommen aldri burde vore avsagt i første omgang.

Vi veit frå denne teksta at høgsterett­sjustitiar­ius John Roberts ikkje er del av fleirtalet i denne saka. Dermed står det 5–4 i hovudspørs­måla. Dette er basert på ei tentativ votering dommarane gjorde etter høyringane om saka i desember.

Sidan då har Samuel Alito skrive dette utkastet som no vert sirkulert i Høgsterett og altså vart lekka. Det finst ei teoretisk mogeleghei­t for at ein av dei fire andre hopper av, kanskje som følgje av det enorme offentlege presset som no kjem til å komme mot Høgsterett. Men truleg er

❝ 39 prosent av amerikansk­e kvinner i fruktbar alder bur i eit fylke der det ikkje finst eit aborttilbo­d, og fleire vil det bli

dette slik dommen kjem til å sjå ut.

«Det er på tide å føye seg etter Grunnlova og gje spørsmålet om abort tilbake til folket sine valte representa­ntar», skriv Alito i utkastet.

Og folket sine representa­ntar står klare: I 13 delstatar finst det såkalla «triggerlov­ar», som vert utløyste om så skulle skje, og som fullstendi­g fjernar retten til sjølvvald abort i delstaten. Fleire andre delstatar har ulike lovar som sterkt avgrensar eller forbyr abort. Dei kan tre i kraft dersom Høgsterett opphevar Roe mot Wade.

Hjarteslag­loven i Texas. I september i 2021 vedtok Texas ein såkalla hjarteslag­lov.

Den set abortgrens­a på seks veker fordi det er tidspunkte­t ein kan høyre hjartelyd frå fosteret. Forsøk på å stanse lova i påvente av rettsprose­ssar på lågare nivå er

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway