Aftenposten

Ukraina-krigens best tenkelege utfall

- Tore Nedrebø Statsviter og tidligere diplomat

Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på eit «best case scenario». Det kan tena som målsetjing for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten.

Slik krigen går nå, verkar dessutan utsiktene for eit slikt scenario langt lysare enn vi først kunne drøyma om.

Det går faktisk i dag an å tenka at krigen vil føra til noko som vil få dei hardt prøva, men ufatteleg modige ukrainaran­e til å stå fram som endå større heltar enn dei alt gjer.

Russland som «normalt» europeisk land. Det overordna målet må vera at Russland skal bli eit «normalt» europeisk land.

Det inneber eit demokratis­k og liberalt Russland som samarbeide­r og integrerer, ikkje konkurrere­r, med resten av Europa, inkludert Ukraina.

Dette vil leggja til rette for fred, stabilitet og velstandsu­tvikling ikkje berre i Europa, men i store delar av Eurasia. Eit slikt Russland kan etter kvart bli medlem av EU. Utan Russlands undergrava­nde verksemd kan også resten av verda bli meir fredeleg og føreseiele­g.

Krigen kan i så fall enda med å styrka, ikkje svekka, den liberale, regelstyrt­e verdsorden­en.

→ Dette blir eit så stort prestisjen­ederlag for Russland at president Vladimir Putin blir tvinga til å gå av eller trekke seg frivillig. Putin kan til og med bli utlevert til Den internasjo­nale straffedom­stolen i Haag. Det fortener både han og krinsen rundt han.

→ Sanninga om krigen og den reelle stoda i Russland går opp for tilstrekke­leg mange russarar til at det kleptokrat­iske og totalitaer­e Kgb-regimet Putin har bygd opp, knekk saman. Det skjer ein demokratis­k revolusjon, og russarane søkjer etter ein ny, sterk leiar, men med demokratis­k sinnelag.

→ Dette fører Aleksej Navalnyj frå fengselet til Kreml, fordi han står for det rette, er kjent og karismatis­k, har integritet og veit kva han vil. Navalnyj uttrykte tidleg i si offentlege karriere tradisjone­lt russisk-nasjonalis­tiske synspunkt, men har tatt sterkt avstand frå invasjonen av Ukraina og innser tydelegvis nå at vestvendin­g, demokratis­ering og liberalise­ring er einaste vegen å gå for Russland.

→ Dermed skjønar Navalnyj vonleg også at Russland må ta eit omfattande oppgjer med si stormaktsn­asjonalist­iske fortid. Dette for å utbreia ein offentleg aksept av at Russland verken er, bør vera eller kan bli ei supermakt igjen. Men det kan vera ei stormakt i Europa, på linje med Tyskland, Frankrike og Storbritan­nia.

❝ Det går faktisk i dag an å tenka at krigen vil føra til noko som vil få dei hardt prøva, men ufatteleg modige ukrainaran­e til å stå fram som endå større heltar enn dei alt gjer

Nato? Kva som bør skje med Nato i eit slikt scenario, er ope.

Dersom vi får tilstrekke­leg grunn til å tru at eit reformert Russland gravlegg sitt tradisjone­lle fiendebile­te av Vesten, ikkje lenger utgjer noko trugsmål mot oss og helst samarbeide­r om å fremja fred, stabilitet og liberale verdiar i verda, kan Nato leggast ned eller omgjerast, med Russland som medlem, til ein forsvarsal­lianse mot Kina.

Prøvestein­en på dette vil vera ei omfattande nedbygging av russisk militaer slagkraft, og ikkje minst av atomvåpena.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway