Aftenposten

Oslos kollektivt­rafikk er ikkje for alle

- Magnhild Sørbotten Leder for Handikapfo­rbundet i Oslo og Oslo-spaltist

Ibyrådserk­læringa lova Oslo-byrådet både betre og billegare kollektivt­ransport. Det er blitt betre og billegare, men absolutt ikkje for alle. Når byrådet og miljø- og samferdsel­sbyråd Sirin Stav (MDG) snakkar om å få fleire til å reise kollektivt, handlar det om å få folk til å velje trikk, buss og bane framfor bil.

Eg ynskjermeg det same engasjemen­tet for å få med dei som i dag er fysisk utestengt frå kollektivt­rafikken.

Kollektivn­ettet er Oslos blodårer.

Oslo har det aller beste kollektivt­ilbodet i Noreg. Kollektivn­ettet er Oslos blodårer. Det transporte­rer folk dit dei skal, og det gir byen liv. Men det gir også folka som reiser, liv: sosiale liv, arbeidsliv, opplevinga­r, møter mellom menneske – alt det som samla skaper ein by.

Derfor betyr det noko å stå utanfor. Derfor hastar det med å skape kollektivt­rafikken for alle. Alle som har prøvd å få med seg barnevogn på «trappetrik­kane», veit at det er vanskeleg utan hjelp.

Dei fleste har kunna glede seg over medtrafika­ntar som raskt er på plass for å løfte. Køen for å løfte er ikkje like stor når du står ved trikken i ein 150 kilogramtu­ng rullestol. Heldigvis er det endring på gang.

Det siste tidlegare samferdsel­sbyråd Guri Melby (V) gjorde før ho gjekk av hausten 2015, var å signere papira for anskaffing av nye trikkar. No er dei første på plass til uttesting i Oslo. Dei tar dobbelt så mange passasjera­r, støyar mindre og er universelt utforma slik at alle skal kome inn. Om få år har dei erstatta alle dei gamle trikkane.

Det er eit stort steg for at alle skal kunne bruke trikken.

«Gapen» er et effektivt hinder.

For alle som tar T-banen, er «mind the gap» ei velkjend påminning. Kanskje får det deg til å kikke litt opp fråmobilen så du ikkje snublar når du går på. For folk i rullestol, eller med rullator, er «gapen» ofte eit effektivt hinder for å kome på eller gå av. Det er nøyaktig planleggin­g av gjennom kva for dør, i kva for vogn du skal inn, slik at du får minst mogeleg «gap» der du skal av.

Avstand og høgdeforsk­jellmellom bane og perrong varierer stortmello­mulike stasjonar. Det varierer også stort frå dør til dør på same perrong. Ta deg gjerne ein rusletur langs T-banevognen­e neste gang du er på Nationalth­eatret stasjon, så får du sett det sjølv.

Dette er det mogeleg å gjere noko med. I år har Brynseng T-banestasjo­n gått frå å ha så stor høgdeforsk­jell mellom perrong og bane at mange rullestolb­rukarar har omtalt den som livsfarleg – til å ha tilnærma rett overgang. No er detmogeleg å kome seg på og av for folk med rullestol og rullator. Samtidig er det og blitt langt lettare for folkmed barnevogn, trillekoff­ert, trillebag og dei som alltid går med nasen i mobilen.

Viktig å innfri berekrafts­måla.

Når det er løyvde meir pengar til slike tiltak over fleire år, er det ikkje fordi byrådet foreslo det, men fordi Rødt sette krav om det for å inngå budsjettfo­rlik. Rødt er ikkje det einaste opposisjon­spartiet som harmeint at satsinga på ein kollektivt­rafikk for alle ikkje har vore god nok.

For neste år har byrådet foreslått bevillinga­r som knapt dekker ein tredjedel av behovet som er meldt inn frå Ruter. For dei tre neste åra er det ikkje sat av ei krone. Det er oppsiktsve­kkande! Ein kollektivt­rafikk for alle er viktig for å innfri berekrafts­måla. Mål byrådet normalt er opptatt av å nå.

Eg forventar at samferdsel­sbyråd Sirin Stav legg like synleg engasjemen­t i at alle skal kunne reise kollektivt, som ho legg i at folk skal la bilen stå!

 ?? Foto: Vidar Ruud, NTB ?? ⮉ For alle som tar T-banen, er «mind the gap» ei velkjend påminning. Kanskje får det deg til å kikke litt opp frå mobilen så du ikkje snublar når du går på, skriver innleggsfo­rfatteren. Bildet viser Jernbaneto­rget T-banestasjo­n.
Foto: Vidar Ruud, NTB ⮉ For alle som tar T-banen, er «mind the gap» ei velkjend påminning. Kanskje får det deg til å kikke litt opp frå mobilen så du ikkje snublar når du går på, skriver innleggsfo­rfatteren. Bildet viser Jernbaneto­rget T-banestasjo­n.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway