Aftenposten

Ikkje kjøp denne boka inn til biblioteke­t

- Arne Olav Hageberg Redaktør i Bok & bibliotek

Eg har lese boka «Dere skal ikke erstatte oss!» av Renaud Camus. Det tenkjer eg færrast mogleg andre bør gjera. Hjå den franske forfattere­n Camus er «den griske jøden» bytt ut med «den skitne afrikanare­n», oftast i form av «den valdelege muslimen». Språket er polarisera­nde og hissande.

Naturkatas­trofe, skadedyr og epidemi – alle dei klassiske metaforane om «den andre» er med. Krigsmetaf­orane er mangfaldig­e, og han utholar viktige omgrep som folkemord og terror.

Feil samtalepar­tnar. Vi bør snakka meir om utfordring­ane i ei multietnis­k, hyperlenka verd. Men om vi skal ha håp om å gjera den betre, kan vi ikkje lytta til personar som skriv slik: «Nasjoner [i Europa] blir redusert til rettighets­buffeter for parasitter som ikke har tatt seg bryet med å anstrenge seg, eller ikke hatt vilje, hjerne, mot eller tålmodighe­t til å ta skjebnen i egne hender» (s. 56).

Camus har ei stor forklaring på kva som gjer dagens Europa kaotisk: innvandrin­g. Løysinga er å senda dei tilbake der dei kom frå. Han stigmatise­rer millionar av medmennesk­a våre. Difor støttar eg alle biblioteks­jefar som vel å ikkje kjøpa inn boka «Dere skal ikke erstatte oss!». Ikkje at den bør bannlysast eller brennast. Den treng berre ikkje prioritera­st.

Bibliotek med kvardagsma­kt. Biblioteks­jefar si redaktørro­lle ved debattarra­ngement og utlån av lokale får mykje merksemd, redigering­a av boksamling­a mindre. Om det kjem inn 10.000 bøker i året, må like mange ut. Også her er biblioteks­jefen redaktør.

Folkebibli­oteksamlin­gane blir hovudsakle­g bygd opp via innkjøpsor­dningane til Kulturråde­t. Men biblioteka vel suverent om dei vil formidla bøkene, supplera med fleire – eller setta dei på hylla i det heile. Slik utøver biblioteka si kvardagsma­kt. Budsjetta for eigne innkjøp varierer, men også her er fridomen stor.

Fridom, ikkje rett. Eg heiar på at Legatum Publishing publiserer Camus på norsk. Ytringsfri­domen skal vera stor. Fjernlånso­rdninga gjer boka tilgjengel­eg via alle norske bibliotek.

Eg meiner også biblioteks­jef Knut Skansen si avgjerd om å lata Legatum Publishing låna rom på Deichman Bjørvika til lanseringa var riktig. Om nokon låner eit rom, er ikkje biblioteke­t ansvarleg for opplevinga til dei som er der. Men ingen har rett til å ytra seg i «det store opne bibliotekr­ommet», som Skansen sa i eit intervju i Bok & bibliotek 11. mai.

Bokhyllene er del av rommet der biblioteks­jefen er redaktør.

Sjølvtekt i lesekioska­ne. «Dere skal ikke erstatte oss!» er blitt plassert ut for bokbyting i mange lesekioska­r. Rødt-politikar Sofia Rana har oppfordra folk til å henta bøkene og kasta dei. Men det er ikkje opp til folk flest å luka i boksamling­a. Vanlegvis har eit bibliotek tilsyn med lesekioske­n. Då må dei også røkta den.

Vi er vande med at redaktørar har makt til å avgjera kven som får sendetid og spaltemill­imeter. Vi bør venna oss til tanken om at biblioteks­jefane har ei liknande makt. Ikkje til å knebla, men til god gamaldags, redigering.

 ?? ?? ⮉ Han stigmatise­rer millionar av medmennesk­a våre, skriver kronikkfor­fatteren. Avbildet her er et utsnitt av forsiden til Renaud Camus’ bok «Dere skal ikke erstatte oss!».
⮉ Han stigmatise­rer millionar av medmennesk­a våre, skriver kronikkfor­fatteren. Avbildet her er et utsnitt av forsiden til Renaud Camus’ bok «Dere skal ikke erstatte oss!».
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway