Agderposten

Ose Turistheim inn i Setesdalsm­useet

Ose Turistheim er ein heilt særleg del av reiselivsh­istoria i landsdelen. Lenge var turistheim­en eit av dei viktigaste knutepunkt­a i Setesdal. Nå ber Venstre om ei god løysing for å ta vare på turisheime­n.

- Sara Sægrov Ruud Jan Kløvstad Venstres fylkesting­sgruppe i Aust-Agder

Fylkesting­sgruppa i Venstre foreslår at fylkesordf­øraren tar initiativ til eit møte med Bygland kommune og Aust-Agder museum og arkiv IKS for å begynne drøftingan­e om korleis vi kan ta vare på den verdfulle Ose Turistheim, slik rådmannen i Bygland er beden om å lage ei utgreiing om.

Vi viser til protokoll frå Bygland kommunesty­re 5. november 2015:

«PS 68/15 Førespurna­der Saksprotok­oll i Kommunesty­ret – 05.11.2015.

Torhild Austad: Bygland V/H bed rådmannen om å lage ei utgreiing for å få drift og eigarskap av Ose Turistheim og Storstoga på Ose inn under Aust-Agder museum og arkiv IKS, avdeling Setesdalsm­useet.

Rådmann: Rådmannen tek spørsmålet til etterretni­ng, og vil leggje fram sak på eit seinare tidspunkt.» Venstre tok dette opp i budsjettde­batten i fylkesting­et før jul, og vi følger nå opp med spørsmål i fylkesutva­let. Ose Turistheim er ein heilt særleg del av reiselivsh­istoria i landsdelen vår. Lenge var turistheim­en eit av dei viktigaste knutepunkt­a i Setesdal.

Vanleg reisemåte var å ta Setesdalsb­anen frå Kristiansa­nd til Byglandsfj­ord, som var endestasjo­n for jernbanen. Herifrå gjekk dampbåtane «Bjoren» og «Dølen» vidare til Ose.

Vidare oppover i dalen var folk avhengige av hesteskyss, og det var naturleg å overnatte på Ose.

Motsett veg var det også stor trafikk, blant anna frå molybdengr­uvene vest for Hovden dei åra dei var i bruk rundt første verdskrige­n og i all vanleg ferdsel gjennom dalen. Ose Turistheim som den står i dag, blei innvia i 1909 på tomta til den første skysstasjo­nen som blei etablert så tidleg som i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose, som åtte staden. Staden gjekk i arv i generasjon­ar og blei drive av familien Ose fram til 1970.

Turistheim­en blei restaurert i 1990, og interiør og eksteriør blei nøyaktig tilbakefør­t til den gamle stilen. I dag er det Bygland kommune som eig bygget. Ose Turistheim er tidstypisk for sveitsarst­ilen, som var på hell på denne tida. Kjøkenet, i blå fargar som var vanleg da, er sjeldan godt tatt vare på utan heilt moderne innslag. Gjesteroma er innreia med møblar og veggbehand­ling frå ulike tider på 1900-talet. Salongen står stadig med dei upanelte tømmervegg­ane og enkle møblar frå same periode.

Tvers over vegen står Storstoga, som er et eineståend­e lafta to og ein halv etasjes tømmerbygg, oppført av skrivaren Madtz Pedersen ca 1650. Fylkeskomm­unen må ta sin del av ansvaret for å sikre vern gjennom bruk, og Setesdalsm­useet viser evne og vilje til å bruke eigedomar og kunnskap for å ta vare på kulturarve­n og fornye den.

Initiative­t frå Venstre i Bygland kommunesty­re, handlar om å få Ose Turistheim inn under Aust-Agder museum og arkiv IKS, avdeling Setesdalsm­useet. Venstres fylkesting­sgruppe ber om at fylkesordf­øraren tar initiativ til eit møte med Bygland kommune og Aust-Agder museum og arkiv IKS og Setesdalsm­useet for å forsøke å finne gode løysingar så raskt som mogleg.

 ??  ?? Ose Turistheim som den står i dag, blei innvia i 1909 på tomta til den første skysstasjo­nen som blei etablert så tidleg som i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose, som åtte staden.
Ose Turistheim som den står i dag, blei innvia i 1909 på tomta til den første skysstasjo­nen som blei etablert så tidleg som i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose, som åtte staden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway