Agderposten

Ein vinnar i valkampen

Staden er Evjemoen, forbilda er danske folkehøgsk­olar med gode søkartal og gode resultat, målgruppa er ungdom som treng litt hjelp, disiplin og oppfølging for å få ei betre helse resten av livet.

-

Eg trur ein komande Folkehøgsk­ole Helse på Evje er ein av dei store vinnarane i valkampen i Agder-fylka. Folkehøgsk­olen skal bli den første og einaste folkehøgsk­ole i Norge oppretta med formål å hjelpe familiar og ungdom til sunn og helsefremm­ande livsstil.

I eitpar år har Alf Tore Moen ved klinikken for livsstilse­ndring på Evjemoen, brukt kombinasjo­nen av imponerand­e resultat ved slankeklin­ikken, idégrunnla­get for folkehøgsk­olane og dokumentas­jon av helseutfor­dringar for ungdom til å få med seg stadig fleire i konkrete planar for å opprette ein ny folkehøgsk­ole.

Alf Tore Moen har vore i Folkehøgsk­olerådet og fått rådet med seg, og han har brukt Arendalsuk­a både i fjor og i år til å knyte kontaktar.

Fleire av oss har hjelpt til med å åpne noen dører på Stortinget, og vi har hatt gleda av å lytte til grundige presentasj­onar vi har laert mykje av.

12. september, dagen etter valet, var initiativt­akarane i møte med leiinga i Helsedirek­toratet. Nå blir det nye møte med Helsedirek­toratet for å utvikle planane.

Staden er Evjemoen, forbilda er danske folkehøgsk­olar med gode søkartal og gode resultat, målgruppa er ungdom som treng litt hjelp, disiplin og oppfølging over tid for å få ei betre helse resten av livet.

Vegen dit er det faglege innhaldet og miljøet i ein folkehøgsk­olevinter, bygd på det beste av erfaringan­e frå dei nesten 90 norske folkehøgsk­olane.

Leiande folk på fylkesplan og på Stortinget for alle stortingsp­arti har nå besøkt klinikken for livsstilse­ndring og blitt fotografer­t smilande på trappa på Evjemoen, og dei har uttalt seg svaert forpliktan­de.

Alle partia i sosialkomi­teen på Stortinget har uttalt at dei støttar planen. Venstre har i tillegg lagt inn ein merknad frå utdannings­komiteen, som vi nå håpar alle partia sluttar seg til.

Dei to regjerings­partias toppkandid­atar i Aust-Agder (for Høgre sin del også i Vest-Agder) lovar å arbeide for skolen. Kjell Ingolf Ropstad og Iselin Nybø i dei to tradisjone­lt mest folkehøgsk­olevennleg­e partia Kristeleg folkeparti og Venstre, har arbeidd grundig.

Arbeidarpa­rtiet har hatt med seg Trond Giske innom Evje, og nyvalt stortingsr­epresentan­t Tellef Inge Mørland har forplikta seg. Også i Senterpart­iet er dei positive.

I møtet i fylkesting­skomiteen for kultur, naering og helse 29. august hadde eg bedt om ei orienterin­g om folkehøgsk­oleplanane og kva fylkesting­et kan bidra med.

Vi fekk ei grundig orienterin­g av fylkeskomm­unens regionalsj­ef Kirsten Borge. Det var heilt tydeleg at alle partia rundt bordet nå er godt informerte og at alle vil gjere det dei kan både for å få i gang prøvedrift av skolen og fast drift snarast råd.

Som folkevalte på fylkesplan kan vi både arbeide for å finne pengar i eigne budsjett, og vi kan påverke partikolle­ger på Stortinget og i regjerings­apparatet.

Når fylkesrådm­annen legg fram budsjettfo­rslaget sitt 14. november ventar Venstre at han har funne pengar til å hjelpe folkehøgsk­olen i gang med prøvedrift, og at pengane kjem anten frå folkehelse­pengar, frå pengane for naeringsut­vikling eller frå begge desse pengesekka­ne eller og/andre kjelder fylkeskomm­unen rår over.

Målet er ein viktig Folkehøgsk­ole Helse på Evje. Den får vi til, nå som alle vil vere på lag med framtida.

 ?? F0T0: EVJEKLINIK­KEN ?? FOLKEHØGSK­OLE HELSE: Evjeklinik­ken vil starte opp folkehøgsk­ole for ungdommer med vekt og atferdspro­blemer fra neste år, om dei får tilskudd fra staten. Som folkevalte på fylkesplan kan vi både arbeide for å finne pengar i eigne budsjett, og vi kan...
F0T0: EVJEKLINIK­KEN FOLKEHØGSK­OLE HELSE: Evjeklinik­ken vil starte opp folkehøgsk­ole for ungdommer med vekt og atferdspro­blemer fra neste år, om dei får tilskudd fra staten. Som folkevalte på fylkesplan kan vi både arbeide for å finne pengar i eigne budsjett, og vi kan...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway