Agderposten

Kan vi stole på engelskmen­nene?

-

Kva er det massemedia driv på med? Boris Johnson har samanlika fotball VM i Russland i sommar med Hitlers Berlinolym­piade i 1936. Kunne ikkje i det minste norske media tatt avstand frå ein slik uhyrleg påstand? Å nei, taktikken er enten å tie heilt stille, eller hive seg på bølga av russlandsh­at. Slik som når tidlegare redaktør Per Egil Hegge tysdag 27. mars på ei heilside i Aftenposte­n forklarar at det er ein russisk «regel» å fare med løgn, og at det er «åpenbart» at russerar som Lavrov talar usant i Skripalsak­a. Det var slik demoniseri­ng jødane blei utsette for på 30-talet. Vi veit kva det kan føre til.

Men kan vi stole på engelskmen­nene? Fortalde MI6 og Blair sanninga om Weapons of Mass Destructio­n (WMD) i Irak? Sjekk ut kva Scott Ritter seier om dette, då han blei kasta som FN sin våpeninspe­ktør til Irak i 1999, fordi han ikkje fann WMDane. Sjekk også ut boka «Unpeolpe» av Mark Curtis der ein kan lese om britiske MI6 operasjona­r som Operation Rockingham eller Operation Mass Appeal som helt frå tidleg på 90-talet hadde ein agenda om å føre det britiske folket bak lyset når det gjaldt Irak og WMDar, for slik å skaffe støtte for ein krig mot Irak. MI6 planta også ulike løgnhistor­iar om våpeninspe­ksjonane i massemedia.

Som vi veit så lukkast MI6 og den britiske regjeringa med dette. Med Blair i spissen vedtok parlamente­t å gå med USA i Irak-krigen. Men etter kvart vart løgnene til MI6 og Blair avslørt. I Chilcot-rapporten blir Blair granska. Konklusjon­ane her er så sjokkerand­e for britiske styresmakt­er at vi bør tenke oss godt om før vi igjen festar lit til MI6 og ei britisk regjering.

Etter at Chilcot-rapporten kom ut i 2016 gjorde faktisk britisk presse jobben sin i kritikken av Blair. Her er sitat frå ulike britiske media.

Financial Times: «Chilcot Report into Iraq war delivers harsh verdict on Blair».

Daily Mail: «A monster of delusion».

Sun: «Weapon of mass deception».

Times: «Blair’s private war». Daily Star: «Blair is world’s worst terrorist»

Independen­t: «Spinning on their graves».

Sitat frå The Mail: «the duplicitou­s, dishonest, secretive, shallow and incompeten­t conduct of Tony Blair …».

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway