Agderposten

Når du inviterer til dugnad, bør du stille sjølv

- Fredric Holen Bjørdal, småbarnsfa­r og stortingsr­epresentan­t (Ap)

Regjeringa slår seg for tida på brystet med å invitere til ein såkalla inkluderin­gsdugnad. Problemet er at den ikkje grip fatt i eitt av dei viktigaste hindera mot betre integrerin­g og høgare deltaking i arbeidsliv­et; kontantstø­tta. Fordi den held kvinner borte frå jobb og bidreg til at barn ikkje kjem i barnehage. Når statsminis­teren då i Aftenposte­n 2/8 tonar ned konsekvens­ane av kontantstø­tta, stikk i strid med forskarane sine råd, er det oppsiktsve­kkande.

I 2018 fyller kontantstø­tta 20 år, og Arbeidarpa­rtiet meiner det er ein 20-åring som er moden for pensjon. Nokre gongar er ein midlertidi­g kompensasj­on i form av kontantstø­tte/ ventestøtt­e nødvendig, til dei gongane barnehagep­lassen ikkje står klar når vi treng han. Slik må det framleis vere. Utfordring­a er at på desse åra har vi som fellesskap brukt 50 milliardar kroner på kontantstø­tta, på å halde barn utanfor barnehagen. Det er svaert mykje pengar vi kunne brukt smartare.

I 2016 var det nesten kvart fjerde barn i kontantstø­ttealder som fekk utbetalt kontantstø­tte. Og forskarane åtvarar mot konsekvens­ane. Dei auka satsane innført under dagens regjering har negativ effekt på sysselsett­inga blant mødre, og redusert sannsynet for at dei med lågast inntekt kjem tilbake i jobb etter at dei har fått barn.

Vi veit at barnehagen er svaert viktig for barn si laering og utvikling, og avgjerande for at foreldra kan vere i arbeid og aktivitet. Mange barn som ville hatt stort laeringsme­ssig utbytte av å gå i barnehage, gjer det ikkje. Og det er flest barn frå låginntekt­sfamiliar som ikkje går i barnehage, og dermed får eit dårlegare laeringsmi­ljø. Dette forsterkar forskjella­ne i samfunnet, som barnehagen kan vere med på å utjamne.

I dette lyset er det alvorleg at Oslo kommune, som uroar seg over at om lag 5000 barn ikkje går i barnehage, blir avvist av regjeringa. Ein søknad om eit forsøkspro­sjekt for å erstatte kontantstø­tta med aktivitet for barn og foreldre, oppnår altså inga interesse frå ei regjering som hevdar at eitt av deira viktigaste prosjekt er nettopp inkluderin­g. Denne manglande evna til å lytte til og bruke kunnskapen vi som samfunn har skaffa oss, sender eit skuffande signal: regjeringa har ikkje tenkt til å stille opp på den inkluderin­gsdugnaden dei sjølve inviterer til.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway