På partnerjakt i Trump-land
Amerikanarane i Midtvesten legg vekt både på utdanning og danning av studentane.
Det er tolv minusgrader og snø i bygatene. Vaeret i Midtvesten er omtrent som det kan vere i Noreg på denne tida, skiftande frå minus og iskaldt til plussgrader og mildt. 14 medarbeidarar frå Universitet i Agder (UiA) og frys i hovudgata West Water Street utanfor Hotel Winneshiek i Decorah sentrum, Iowa. Til frukost vert dei møtte av eit svaert norsk flagg ved disken på Magpie Coffeehouse, og det høyrest ut som heime når servitøren seier «ver så god og et» på gebrokkent norsk og serverer kaffi og omelett. Servitøren er ein av studentane som følgjer norskkurset på Luther College i Decorah.
– Vi trur på studentane våre. Vi laerer dei å lese og tenkje betre. Verda er ikkje anten svart eller kvit, det meste er nyansar i grått, sa visedirektør Kevin Kraus
da han presenterte Luther College for dei reisande frå UiA.
Det norske USA
Luther College vart etablert av norske utvandrarar i 1861, og enno held dei den norske tradisjonen ved like, både på høgskulen og elles i byen Decorah. På høgskulen held dei enno norskkurs for amerikanske studentar.
Statane Minnesota, Iowa og NordDakota er blant dei norskaste i USA. Til dette området kom mange av nordmennene som emigrerte til USA på 1800-talet og seinare. Den norske forfattaren Kristofer Janson var prest i Minneapolis og budde fleire år i Minnesota. Der fekk han fleire gonger besøk av nordmannen Knut Hamsun, som hadde to lange opphald i Midtvesten.
Framleis er det slettelandskap og mil på mil med jordbruksland, grasvollar og innsjøar i dette distriktet. Praerien her er uendeleg som havet, skreiv Hamsun. Dette er landsbygda og ein del av maisog kornlageret til USA. President Trump har mange tilhengjarar her.
Utdanning og danning
Minnesota State University Moorhead navigerer etter visjonen «Life Transformed». Både ved Luther College og universitetet i Minnesota legg dei like mykje vekt på danninga som utdanninga. Den tenkinga er ikkje framand for dei med mest erfaring frå internasjonalt samarbeid ved UiA.
– Dei av studentane våre som har vore utanlands, vert openbert fagleg tryggare og flinkare til å snakke og skrive engelsk, men dei vert også tryggare og meir sjølvsikre reint menneskeleg, seier Jan Erik Mustad.
Mustad er førstelektor i engelsk ved Universitet i Agder (UiA) og Storbritannia-ekspert. Saman med Janne StrømFladstad, rådgjevar ved internasjonalt kontor på UiA, har han arrangert tur til USA og Luther College og Minnesota State University Moorhead for UiA-kollegaer.
Mustad har samarbeidd med høgskulen i Iowa og universitetet i Minnesota sidan 2011. No er målet å etablere kontakt mellom UiA og dei amerikanske utdanningsinstitusjonane på fleire fagområde. Pedagogikk, matematikk, helsefag, friluftsliv, kunstfag, nordisk, mediefag, barnehagelaerarutdanninga, laerarutdanninga og engelsk er blant fagområda som har representantar med på turen.
Lånekassen støttar utanlandsopphald
I dag er omkring 15 prosent av alle norske studentar på utveksling til studiestader i utlandet gjennom studietida. Den same prosenten gjeld ved UiA.
Statsråd for forsking og utdanning, Iselin Nybø, vil auke dette til 50 prosent. Målet er i tråd med strategitankane til UiA om utveksling og global samhandling. Poenget er mellom anna at studentane skal få førstehands kjennskap til andre kulturar, auke den språklege kompetansen sin og verte trygge i framandspråk.
Studentutveksling dreiar seg vanlegvis om opphald frå tre månader til eitt år. Lånekassen har støtteordningar både for praksisperiode på seks veker i utlandet og for lengre utvekslingsperiodar.
– Studentar på utveksling og studentar heime får den same støtta frå Lånekassen. I tillegg kan utvekslingsstudentar søkje reisestøtte og støtte til skulepengar. Dei som vel å studere i Europa, kan også søkje Erasmus-stipend, seier Janne Strøm-Fladstad.
Praksisstudent vart tilsett
Mens fagfolk og administrativt personell frå UiA er på jakt etter moglege utvekslingsavtalar i Iowa og Minnesota, er lektorstudenten Ingrid Brekka allereie fastbuande i Iowa. Ho har for lengst gjennomført praksis i seks veker på ungdomsskular og vidaregåande skular i Decorah, i samarbeid med Luther College.
Vi møter henne på T-Bock`s Sports & Grill Bar i Decorah sentrum. Der møtte ho også første gong ein representant frå Luther College da ho kom til byen i januar 2017.
Ifølgje Brekka kan seks veker vere nok til å finstille språkøyre og uttale. Hennar klare oppmoding er at alle bør kome seg ut, og i alle fall dei som skal undervise i engelsk.
– Eit opphald blant folk som taler engelsk, gir det siste vesle du treng for å verte trygg i framandspråket. Det får du igjen for når du skal stå i klasserommet og undervise elevar. Eg kjente meg tryggare i engelsk etter dei seks vekene med praksis, seier Brekka.
Professor Brekka, 23 år
For lektorstudent Ingrid Brekka skulle det verte meir enn seks veker i USA. Da praksisperioden var over, vart ho spurd om ho ville arbeide som laerar på Luther College. Tilbodet sette lektorstudenten i eit dilemma, for ho var midt i arbeidet med masteroppgåva si.
Men for 23-åringen var det ein sjanse ho ikkje kunne seie nei til. Etter samråd med professorane ved UiA takka ho ja til Luther College. Frå hausten 2018 bur ho i Decorah og arbeider som laerar ved høgskulen. Studentane ho underviser er på hennar alder. Dei kallar ho professor.
– Hehe, dei kallar alle laerarane for professorar her på høgskulen, seier ho.
Som ein av få høgare utdanningsinstitusjonar i USA tilbyr Luther College framleis undervisning i norsk. På pensum står både Asbjørnsen og Moe og Henrik Ibsen. Primus motor for norskutdanninga er professor Maren Johnson. Ho arbeider for tida med ei avhandling om tv-serien Lillyhammer og forskar elles på norsk litteratur og kultur, og saerleg Henrik Ibsen. Enno står lutherdom, nordmenn og kristenDdoemt sstekraktlvevdeLruethderiCskolulegsej.oTnru
og laering går hand i hand. Du møter kristendom i undervisning og praksis, men duovgertviekkrjdeoaveerrmaiknnkajaevadent,tseanvisedirektør Kevin Kraus da han presenterte høgeslkluelre.n
for UiA-representantane. – Det skal vere diskusjon her. Verda er i endring, og verda er ikkje anten eller. Vi utfordrar studentane våre til å tenkje sjølvstendig, og vi støttar dei undervegs, sa Kevin Kraus.
Høgskulen har lenge hatt den haldninga at studentane ikkje berre skal studere idrett, historie, politikk eller andre enkeltfag, men at dei også skal ha ei felles innføring i akademisk og kritisk tenking og skriving.
Dette felleskurset kallar dei paideia. Ordet er gresk og viser til den gamle greske danningskulturen der ein ikkje berre skulle utdanne studentar, men danne samfunnsborgaren og personlegdomen til studenten. Kurset liknar på vårt eige ex. phil., men er likevel noko anna, ikkje minst meir praktisk retta. Samtale, argumentering, kritisk tenking og skriving står meir sentralt enn det gjer heime hos oss.
Dei speler ei rolle
Ein som vert blank i auga når samtalen kjem inn på paideia, er Sean Taylor. Han er historieprofessor ved Minnesota State University Moorhead, men har fått si grunnleggjande danning frå Luther College.
I 2011 var han gjesteprofessor ved UiA og sidan den gongen har han samarbeidd med Jan Erik Mustad om forskingsog utviklingsprosjektet «Reacting to the Past», eit undervisningsopplegg med rollespel.
I staden for berre å lese historia vert historiske hendingar dramatiserte og sette i scene. Studentane vert tildelte kvar si historiske rolle, til dømes som forsvarar eller motstandar av at FN skal sende militaere troppar for å stagge konflikten i Rwanda.
– Studentane må setje seg inn i stoffområdet slik at dei vert i stand til å argumentere for og imot ulike historiske utviklingstrekk, seier Taylor.
Prosjektet skal fremje historielaering, språklaering og kritisk tenking, og er eit samarbeid mellom Minnesota State University Moorhead, Luther College og UiA. Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) har gått inn og støtta forskings- og utviklingsprosjektet med 2,5 millionar kroner i ein fireårsperiode frå og med våren 2018.
– Rollespelet dreiar seg om å laere kritisk tenking og øve på å sjå ei sak frå fleire sider, seier Mustad.