Agderposten

Trist å høre at unge snakker engelsk til dansker

- Jon Lindset, sekretaer i Foreininga Norden Arendal

Den norske foreininga Norden vart stifta 2. april 1919, med det formål å styrke og utvikle eit folkeleg nordisk samarbeid. Tankane om eit slikt samarbeid har lange røter til m.a. dei første statsdanni­ngane i Norden så tidleg som på 7-800- talet.

Og ein kan også nemne Kalmarunio­nen på 14-1500-talet. Alt var nok ikkje like vellukka, men det skapte likevel ein ide om noko felles nordisk, ein felles identitet.

På midten av 1800-talet var det mellom studentar ein tanke om å kjempe i Danmarks kamp mot Tyskland. Men mange vart skuffa over den norske regjeringa si hjelp i denne kampen.

Med den første verdskrige­n og politisk radikalise­ring i fleire land, ikkje minst i Finland, med trusel frå aust og indre strid, såg mange behovet for at dei nordiske landa stod saman, kunne hjelpe kvarandre om det var behov for det.

Fleire kjende personar skreiv under stiftingso­pprop, for ei nordisk foreining ,t.d. Fridtjof Nansen, Arne Garborg, Gustav Vigeland, og mange fleire. Men det var også ein del som stilte seg kritiske til ein slik organisasj­on, sjølv om denne skulle vere politisk nøytral.

Foreiniga i Arendal vart stifta like før siste verdskrige­n, men tysk okkupasjon i 5 år tillet ikkje slikt arbeid. Etter krigen vart dette meir organisert , ikkje minst retta mot nordiske venskapsby­ar, med kontakt på mange plan, t.d. gjennom idrettslag, skuleklass­ar, osv., med faste utveksling­ar. Slik skulle ein laere meir om språk og kultur i dei ulike landa.

Språka i Sverige, Danmark og Norge er såpass like at ein kan forstå kvarandre , og teksting av filmar frå våre naboland har vore eit omdiskuter­t tema.

Det er også litt trist å høyre at norsk ungdom grip til engelsk når dei skal tale med danskar. Derimot synest dei fleste at svensk er lettare å forstå. Men nordisk språkforst­åing bør ein nok arbeide meir med i åra som kjem. Mange Norden-foreininga­r rundt om i landet vårt har alt hatt tilstellin­gar med 100-årsmarkeri­ng.

I Agder ventar ein med dette til ein får den sentrale utstilling­a som skal gå på omgang mellom foreininga­ne . Ei bok er også under arbeid for markering av jubileet, og vil truleg kome i slutten av september.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway