Agderposten

Ikkje helse i heis, heller trim i trapp

-

Fleire innlegg i Agderposte­n - sist Steinar Rasmussen 8.oktober - har prøvd å argumenter­e for å fullføre heisprosje­ktet til Fløyheia, trass i kostnader som no har kome opp i 80 millonar. Dagen etter kritiserer Lars Vidar Moen kostnadssp­rekken og meiner fylkesmann­en kan ta trappa opp!

Her er han inne på det som burde ha vore eit godt argument mot heis i utgangspun­ktet. Vitsen med heis skulle vere at folk flest kunne ta buss til sentrum (evnt. bil til p-hus) og så heis opp til Fløyheia.

Men dette er jo mot alle råd om folkehelse, som tilrår å bruke beina mest mogleg, saerleg i trapper! Som lege er dette noko eg stadig har oppmoda pasientar til.

Alle høghus treng heis av omsyn til folk med rullator eller rullestol, men til Fløyheia vil jo desse gruppene ha grei tilgang med bil frå den andre sida.

Korfor ikkje heller investere i ei ny trapp (med gode varmekabla­r) til eit par millionar, så kan kommunen sleppe å ta opp lån på 80 (?) millionar kroner og heller prioritere investerin­gar til helse og skule?

Då er det berre att eitt argument for heis: At dette er noko ein har lova fylkesmann­en for å sikre at denne kjem til Arendal.

Ein viktig del av fylkesmann­ens stab er fylkeslege­n, og denne burde jo no kunne fortelle fylkesmann­en at heisen er heilt unødvendig og at det vil vere ein stor fordel også for folkehelsa om heisplanan­e blir skrinlagde!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway