Altaposten

Språket i avisene

-

Avisa Verdens Gang opna 10. mars for første gong for eit redaksjone­lt innlegg på nynorsk, først på nettstaden sin og dagen etter i papiravisa. Dette er eit gledelig brot med avisa sitt forbod mot å publisere redaksjone­lle saker på nynorsk, og ansvarlig redaktør Gard Steiro seier at det har skjedd ei oppmjuking av reglane for bruk av nynorsk i avisa.

Det er no tolv år sia Noregs Mållag sette i gong kampanjen «Slepp nynorsken til i Dagbladet og VG».

I dag har nynorsken eit rimelig stort rom i landsdekka­nde aviser som Klassekamp­en, Nationen og Vårt Land, men i Dagbladet og Aftenposte­n eksisterer det framleis eit nynorskfor­bod.

Det er utrulig at eit av dei to offisielle språka i Noreg har vore og er forbode å bruke i aviser med statsstøtt­e, og det er derfor gledelig at VG no opnar auga og slepp nynorsken til i avisspalte­ne. Vi håper at andre aviser også vil sjå at dette er eit positivt språkslepp.

Her har også region- og lokalavise­ne i nord eit stort ansvar. Det nynorske avisspråke­t tar i mykje større grad enn bokmålet vare på det nordnorske språkuttry­kket. Nynorsk er det einaste skriftsprå­ket som kan yte full rettferd til nordnorsk språk i skrift. Dessutan er det berre rett og rimelig at journalist­ar og andre skrivande som til daglig brukar nynorsk, får sleppe til med sitt språk i avisene.

Det finst heldigvis regionog lokalavise­r i nord som slepp til nynorsk i avisspalte­ne, nokon i meir grad enn andre. Det er å håpe at stadig fleire avisredaks­jonar aktivt opnar for eit nynorsk avisspråk som kan vere med på å feste det nordnorske språkbilde­t betre i avisspalte­ne. VG si opning av spaltene for nynorsk bør inspirere fleire aviser til å gjere det same.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway