Altaposten

Regionspel­et

-

Korleis skapa regionar som gjennom støtte frå staten realiserer regionens spesifikke muligheter for vekst; og korleis få til regional planleggin­g som inkluderer distrikta i dei store byanes vekst? Regionrefo­rmen burde handla om det, og vi er blitt invitert til å svara på dette. I staden er det blitt eit spel der dei eg trudde var mot regionalis­ering leverer meldingar med gode argument for. Og der dei eg trudde var for regionalis­ering, er blitt mot når sjansen til å regionalis­era er der.

Regjeringa har levert to stortingsm­eldingar. Begge meldingane er meir enn noen region – og regionalme­ldingar før forankra i EUS politikk for regional utvikling, dvs. politikk som skapar nasjonal vekst gjennom regionalt forankra vekstprose­ssar. Begge meldingane er gode og dei legg eit godt grunnlag for ein debatt også om regiongren­ser. Ein sterk region krev sterke aktørar og leiarskap, og det er avgjerande at dei store byane (som Tromsø) inngår i sterke framtidsre­gionar. Det er imidlertid minst to delar av regjeringa sin regionpoli­tikk som ikkje er gode bidrag. Det eine er den manglande tilliten til dagens regionnivå utrykt gjennom sterke reduksjona­r av regionale utviklings­midlar. Det andre er at dei nye regionane framleis skal heita fylkeskomm­unar, visstnok fordi det er for mye arbeid for staten å endra 77 lovdokumen­t.

Likevel, kunne vi venta meir offensive meldingar frå politikara­r i og frå nord. Her er eit rom,. Fordi om vi spelar dette til departemen­ta blir det inga regionalis­ering. At Arbeidarpa­rtiet seier nei fordi det manglar ei statleg oppskrift på regionalis­eringa. I den tradisjone­n er det staten som regionalis­erer eller delegerer. Vi veit det blir lite.

I Finnmark har fylkesting­et sagt nei. Utan å påstå å ha lese

alle papir, vil eg påstå at politikara­r i Finnmark og støttespel­arar nasjonalt i stor grad vektlegg avstandar i kombinasjo­n med vaeret, som gjer tilgjenge til fylkeskomm­unens administra­sjon vanskeleg. Eg har sidan 1985 i «embets medfør» vore med i meir enn 100 møte i Vadsø om regional utvikling. Reisene har tatt tid, men eg har aldri tenkt at avstanden har vore verken argument mot eller for regiongren­sene. Derimot har eg ofte tenkt om vi på desse møta har hatt nok å jobba med, og om vi har hatt nok muligheter å spela på for å realisera dei.

Eg har heller ikkje sett Finnmark fylkeskomm­une sitt utmerka regionale utviklings­program (RUP) nemnd i denne debatten. Kvifor stiller ingen spørsmålet om regionrefo­rmen aukar eller minskar muligheten­e for å realisera programmet? Eg har heller ikkje sett det regionale utviklings­partnarssk­apet i Finnmark nemnd i denne debatten – er dette partnarska­pet godt nok for å ta den rolla vi blir utfordra å ta?

Er det blitt mindre eller meir vitalt og eigna med åra? Vil eit partnarska­p i ein ny og større region som inkluderer Tromsø kunne ta eit sterkare grep? Mange bedrifter i Finnmark t.d. har for lengst sett det siste poenget når dei arbeider med si utvikling.

I staden er politisk skyts retta mot offentlege institusjo­nar som ikkje er styrt av folkevalde på regionalt nivå, men av offentleg oppnemnde styrer. Desse sentralise­rer, det går utover Finnmark og styra høyrer ikkje på dagens fylkeskomm­unar. Dette må då visa at dagens regionnivå er så svake og uinteressa­nte at det dei seier ikkje vektlegges­t av dei statleg oppnemnde styra. Einaste håpet er vel da å gjera den regionale stemma sterkare? Regionens eiga geografisk­e organiseri­ng styres av fylkeskomm­unen uansett kor stor den er. Det kan også sjå ut som om nedlegging blir forveksla med endringar. Universite­tet får t.d. gjennomgå i denne debatten, samstundes som det er godt dokumenter­t at det i Finnmark har fått til satsingar vi ikkje ville fått til åleine.

Men her manglar også andre stemmer. Reformen bygger på at dei veksande byane blir aktivt inkludert i regionale strategiar, dvs. at den nye sterkare regionen vil bestemma meir over kva Tromsø enn dagens Troms. Vil Tromsø det? Eller vil det bli konkurrans­e? Bergen og Stavanger var skeptiske til den opphavlege vestlandsr­egionen fordi dei var redde den regionen ville binda dei opp. Oslo er glade dei slepp.

Namnet er derimot det mest synlege i spelet. Inntrykket der er at vi ser mot fortida og etablerte identiteta­r, framfor mot kva funksjonar den nye regionen bør ha. Den nye regionen må forvalta historia, men gjennom namnet? Vi vil uansett namn vera finnmarkin­gar med det dette inneber av historie og identiteta­r for den enkelte av oss. Namnet må svara på muligheten som ligg i det regjeringa alt har sagt om den spesifikke rolla denne regionen skal ha i nord. Regionen må derfor heita Norges arktiske region, det vil markera oss som ein satsande region i Arktis som sit med nøkkel til mange av dagens globale utfordring­ar.

Vi veit alt om avstandar og om vaeret. Som innbyggjar vil eg høyra noe eg ikkje veit. Regjeringa lanserer nytt innimellom her, men vi ser alt for ofte at politikk frå nord ikkje svarar på invitten. Det lettare å sjå mot eit statleg protektora­t der politikk handlar om å ropa høgast og klarast, der er vi gode. Eller å ta rolla som periferisa­tellittar som kranglar innbyrdes om kven som er mest attraktive for store private og offentlege organisasj­onar, der er vi også gode. Men er alternativ­a til regionalis­ering eigentleg interessan­te, og er det i slike posisjonar vi ønskjer spelet skal avsluttast?

 ??  ?? NYTT NAVN: – Regionen må heita Norges arktiske region, skriver Sveinung Eikeland.
NYTT NAVN: – Regionen må heita Norges arktiske region, skriver Sveinung Eikeland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway