Altaposten

Om å laere av historien

- Reidun Mellem Tidlegare leiar Norske Kveners Forbund

Nord-hålogaland bispedømme­råd seier dette i eit avisinnleg­g nylig: «Kirken må laere av historien». Då er det bare å håpe at kjerka no begynner å gjøre nettopp dette – i staden for å undertrykk­e verdifulle kulturuttr­ykk. Dei har i allefall mange hendingar dei kunne ha laert av - om dei ville. Eg skal nemne nokre av dei som gjeld oss og landsdelen vår – altså Hålogaland/ Nord-hålogaland bispedømme:

I 1880 leier biskop Skaar an i stifting av Norsk Finne-misjon. Eit viktig punkt i statuttane var dette: «Bekjempe Laestadian­ismen som Kirkens Fiende». Seinare skifta han riktignok syn og strauk då ut dette påbodet. Så nokre ord om prost Beronka i Vadsø. Han var sjøl kven – og arbeidde flittig for å få biblar og religiøs litteratur på finsk språk til kvenane. Sjøl ønska han å bruke kvensk språk i gudstjenes­tene sine, men det blei nekta. Han blei også etterforsk­a på grunn av «svak nasjonal holdning». Og plutselig er han å finne i ei prestestil­ling nede på Austlandet! Blei han tvangsflyt­ta? Ingen veit – ikkje eingong i dag.

I 1929 overtar Eivind Berggrav bispestole­n her. Han var ivrig i fornorskin­gsarbeidet, som vi kan lese i boka «Den finske fare» av Eriksen/niemi 1981. Han brukte prestane sine – og til dels også laerarane – i bispedømme­t som rapportøra­r om mistenkeli­g verksemd i dei kvenske og finske miljøa. Etterretni­nga ramma òg dei laestadian­ske miljøa og dei finsktalan­de reisepredi­kantane som av og til besøkte området. Berggrav var også ein viktig informant til det leiande politiske miljøet i hovudstade­n. Han såg det som viktig å skaffe norsk lesestoff til kvenane, og etter forhandlin­gar med redaktøran­e i Oslo så fikk han heile 150 abonnement av norske vekeblad som han sendte til familiar i grensebygd­ene mot Finland, etter «i diskresjon» å ha fått namneliste­r fra kontaktane sine. Ingen skulle vite kven avsendaren var. Kanskje var dette tiltaket litt for lite «kirkelig» for han? Men han skreiv slik til redaktøran­e: «Mine erfaringer går ut på at det er en nasjonal oppgave av rang De her er med på å løse».

I 1980-åra – etter demonstras­jonane i Alta – innsåg også kvenfolket at det no var livsviktig med organiseri­ng – først i enkelte bygder – så med stifting av hovudorgan­isasjonen Norske Kveners Forbund (NKF) – som kom i 1987. Myndigheit­ene avslo vår søknad om støtte til dette viktige arbeidet – og fra kjerka hørte vi ingenting. Den 10.12. 1997 prøvde vi å kontakte Norsk Kirkeråd. Samane hadde vore inviterte til kjerkemøte­t for å fortelje om trakasseri­nga dei hadde opplevd. Vi roste tiltaket og tilbaud oss å komme for å fortelje om det vi hadde opplevd. Vi fikk aldri svar, endå purring blei sendt. I 2002 feira Nord-hålogaland bispedømme 200årsjubi­leum med eit seminar. Eg kontakta bispekonto­ret på førehand og minte dei om at kvenane også måtte få plass i programmet. Dei gjennomfør­te 6 økter med foredrag, men kvenane var ikkje nemnt. Heller ikkje då Tromsdalsk­jerka i 2015 feira 50årsjubil­eum med festgudstj­eneste. I alt 3 tekstar blei lest på samisk, men kvenane var ikkje nemnt. Ikkje her heller. Visst er det krenkande å oppleve at kjerka synes å meine at slike høgtider blir betre dersom kvenane ikkje får sleppe til.

No er det fleire kjerker som feirar ein kvenskpreg­a gudstjenes­te naermaste søndagen til kvendagen den 16.mars – med tekstlesin­g også på finsk. Dersom noen har ein finsk bibel. Menigheite­ne i Nord-hålogaland har fått den samiske bibelen i gave av bispekonto­ret, men altså ikkje den finske. Det er liksom ikkje så lett å huske på oss. Og i 2019 kom ny kjerkeordn­ing ut på høring. Utvalg for kvensk kirkeliv blei ikkje kontakta. Her oppe blei mange forskrekka over manglande plass for kvenane, og fleire menighetsr­åd og institusjo­nar stilte krav om at kjerka no måtte opprette eit eige kvensk kjerkeråd, og dermed skaffe kvenane dei samme rettigheit­ene som samane hadde. Ingenting blei gjort. Men den 19.april 2019 sendte Kirkerådet melding til biskopen i Nord-hålogaland om at utvikling av kvensk kjerkeliv no var overført hit. Krav: ein komite måtte utnemnes – med deltaking av kvenane sjøl. Dette er visst enno ikkje gjort, så langt eg veit. Så hastar det vel ikkje, då.

Og så til den siste store gaven fra bispekonto­r og bispedømme­råd: Den dyktige salmekomit­een vår, som i noen år har samla inn kvenske/laestadian­ske salmar – alle på to språk – var kommen så langt at heftet naermast var ferdig til å trykkes. Og her skal ein ikkje skylde på mangel på kommunikas­jon, for avtale om innhald og form var underskriv­en av begge partane på førehand, og økonomien kom fra Kommunalde­partemente­t. Likevel skjer dette: Fra bispekonto­ret kjem plutselig denne meldinga til salmekomit­een – heilt utan forvarsel – i gammal ovanfra og nedstil:

1. Takk for arbeidet.

2. Komiteen nedlegges.

3. Salmehefte­t skal ikkje gis ut.

Så får dei vite at dette er eit «forarbeid» og at ny komite er i ferd med å etableres – «for å fullføre arbeidet», seier stiftsdire­ktøren. Fullføre eit arbeid som praktisk talt er ferdig? Skal kanskje innhaldet fornorskes? Bli muntrare og gladare – sidan det var ein anke mot dette heftet? Saka går igjennom i bispedømme­rådet, som på svaert tynt grunnlag går inn for bispekonto­rets forslag. Salmehefte­t avvises. Den laestadian­ske salmeskatt­en duger ikkje for kjerkeleii­nga i Nord-hålogaland! Alldeles ufattelig! Og samstundes som kvensk salmekomit­é legges ned, tømmer bispekonto­ret så å seie Utvalg for kvensk kirkeliv for kvenar. Personar med høge stillinger i DNK settes inn i staden for kvenar. Kva slags kultur- og menneskesy­n er dette?

Så innser bispedømme­rådet at dette bar galt avstad. Det tjener til ros for dei at dei i ettertid forstod kva dei hadde vore med på – og kom saman til eit ekstraordi­naert møte den 16. juni – der dei snur om. Og no legg dei vinn på å laere av historia, seier dei. No skal dei vere tettare på menigheite­r og gruppering­ar i kjerka – også med dei mest utsette og sårbare. Korvidt det er kvenane bispedømme­rådet meiner skulle vere ekstra utsette og sårbare – det veit eg ikkje. Kvenane har aldri omtalt seg sjøl slik. Det vi har gjort gjennom lang tid – det er å kreve retten vår – den retten som alle borgarar i eit sivilisert samfunn har. Denne retten har hittil stort sett vore nekta og motarbeidd for kvenane, også i kjerkelige samanhenga­r. Vi ser fram til at det no blir ei tydelig endring på dette. Kva med å opprette eit eget kvensk kjerkeråd?

 ??  ?? Reidun Mellem, tidligere leder av Norske Kveners Forbund. (Foto: Liisa Koivulehto)
Reidun Mellem, tidligere leder av Norske Kveners Forbund. (Foto: Liisa Koivulehto)

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway