Bergens Tidende

Få folk i arbeid

-

EITT AV FEM ÅRSVERK gjekk tapt i fjor, viser nye tal frå Nav. Slik har det vore dei siste 12 åra, trass mange tiltak frå ulike regjeringa­r. Å få gjort noko med dette blir ei av dei viktigaste oppgåvene for den nye regjeringa.

Perspektiv­meldinga, som kom i vår, viste kva landet står framfor: Det vil bli stadig fleire eldre for kvar person i arbeidsfør alder. Olje-inntektene vil ikkje strekke til. Regjeringa peikar på to hovudtilta­k: Å effektivis­ere offentleg sektor, og å få fleire i arbeid.

GÅR OFFENTLEGG­JORDE Dagens Naeringsli­v ei ny utrekning frå Nav. Den viser at 687.000 årsverk gjekk tapt i fjor, som følgje av sjukdom eller arbeidsløy­se. Det betyr at kvart femte årsverk gjekk tapt. Talet i seg sjølv er urovekkjan­de. Men det som verkeleg bør uroe er at talet ikkje har gått ned, trass fleire forsøk.

IÅ bli gripen av avmakt er sjølvsagt ikkje eit alternativ. Men tala bør spore regjeringa til å tenkje nytt. Dei tiltaka som arbeidsmin­ister Anniken Hauglie (H) trekkjer fram i DN er neppe nok. Graderte ytingar, tettare oppfølging av Nav-brukarar, jobbstøtte og kvalifiser­ing er prisverdig­e tiltak, men vil neppe gjere dei heilt store utslaga. FLEIRE STEINAR må difor snuast. Trongare budsjett vil allereie i haust tvinge regjeringa til å prioritere hardare. Høgre har førebels freda sjukelønso­rdninga. Men etter 16 år med IA-avtalen har Noreg framleis det høgaste sjukefråva­eret i OECD. Regjeringa bør difor byrje arbeidet med å stramme inn ordninga.

Haugli har òg skaping av fleire jobbar på tiltakslis­ta. Det er vel og bra, sjølv om det er eit felt regjeringa har avgrensa innverknad på. For mange som i dag er utanfor vil heller ikkje fleire jobbar hjelpe, fordi dei ikkje har dei kvalifikas­jonane arbeidsgje­varane spør etter.

I EIT HØGKOSTLAN­D der det blir stadig faerre jobbar for ufaglaerte, er utdanning nøkkelen til å få folk i arbeid. Alt for mange unge droppar framleis ut av skulen. Difor er tidleg innsats i skulen, og oppfølging heilt fram til fullført utdanning, det viktigaste tiltaket på lang sikt.

Tala frå Nav feller ein hard dom over Solberg-regjeringa, som har satsa på å få fleire i arbeid. Dei bør raskt kome opp med ein meir overtydand­e plan om korleis arbeidskra­fta kan kome betre til nytte, òg på kort sikt.

I eit høgkostlan­d der det blir stadig faerre jobbar for ufaglaerte, er utdanning nøkkelen til å få folk i arbeid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway