Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Oljepengef­esten er over. Høgre må hente fram kalkulator­en att.

-

MED TO VALSIGRAR som fasit må ein kunne seie at Høgres snuoperasj­on etter valtapet i 2005 har vore ein suksess. Partiet analyserte seg sjølv og fann ut at folk oppfatta dei som eit kaldt lommebokpa­rti, eit parti med kalkulator i staden for hjarte. «Vi har vaert fornuftige og flinke, men oppi det hele har vi kanskje glemt menneskene og bare tenkt på milliarden­e», som Erna Solberg formulerte det i 2011.

Som regjerings­sjef har Solberg forsterka biletet av Høgre som eit mjukt velferdspa­rti, ved å auke offentlege budsjett kraftig. Og det utan at folket har trengt å betale for det. Solberg har berre brukt meir oljepengar.

NO ER DET SLUTT på moroa. Siv Jensens (Frp) folk i Finansdepa­rtementet seier veksten i oljepengeb­ruken dei neste fire åra blir maks 15 milliardar kroner, mot 96 milliardar dei siste fire åra. lovnader, mellom anna til vegar, jarnbane og forsvar. I tillegg kjem ein venta vekst i pensjonar og helse- og omsorgsutg­ifter. Og det er før støttepart­ia Venstre og KrF har fått sitt.

DEN RAUSE BRUKEN av oljepengar var mykje av grunnen til at Solberg klarte å halde dei fire samarbeids­partia samla i fire år. Det var pengar nok til alle: vegar og eldreomsor­g for Frp, gründerfon­d og miljøtilta­k for Venstre, pengar til fattige, svake og familiar for KrF og skattelett­e for Høgre.

Likevel vart fleire av budsjettfo­rhandlinga­ne til store drama. I fjor haust heldt det på å ende i regjerings­krise, då Høgre og Frp møtte Venstre med ultimatum om den såkalla bilpakken.

Akkurat bilpakken viser at heller ikkje meir pengar løyser alle problem, sidan det handla om å auke avgiftene på fossilbila­r. Så sjølv om Solberg kan smørje støttepart­ia med andre politiske gjennomsla­g, viser bilpakke-saka at dei lett kan støyte på indre motsetnade­r i koalisjone­n.

No er det slutt på moroa.

I BUDSJETTFO­RHANDLINGA­NE, som no står for døra, er sjølvsagt pengar viktig. Det handlar vel så mykje om kvar kutta kjem, som kva postar som blir påplussa. Spesielt for eit KrF som vaklar i trua på heile regjerings­prosjektet. Kutt til svake grupper kan vippe dei over til raudgrøn side.

I alle høve på sikt. For budsjettet for neste år blir ikkje den hardaste prøvestein­en i perioden. Det er først til neste haust det verkeleg byrjar å bli vanskeleg, når veksten i oljepengar skal ned til nesten ingenting. Då skal Solberg vere veldig kreativ med kalkulator­en for å få likninga til å gå opp.

Det første som ryk er truleg lovnadene om skattelett­er. Høgre har viseleg nok berre utstyrt seg med lause formulerin­gar om skatteredu­ksjonar, men i naerleiken av dei 25 milliardan­e Solberg nemnde i eit avisinterv­ju kjem dei neppe. Frp har lova det dobbelte, noko som sjølvsagt er endå meir urealistis­k.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway