Bergens Tidende

Her vil Sorbonne-gründeren byggja leilegheit­er

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no

Eirik Bysheim Hokstad vil ha leilegheit­er på parkerings­plassen til villaeiged­omen «Clementsga­ard».

På den skjerma og idylliske Kronstadhø­yden i Bergen ligg den storslåtte kontorvill­aen «Clementsga­ard». Utsikta strekk seg omtrent over heile byen. Adressa er Ole Landmarks vei 14.

Eirik Bysheim Hokstad er mellom dei som eig bygget, og har no store planar for delar av eigedomen. Hokstad let seg ikkje stogga av politiets mistanke om grov økonomisk utruskap, grovt bedrageri og forfalskin­g av lånedokume­nt i Sorbonnesy­stemet, utleigesel­skapet han var med å skapa. Sjølv nektar han straffskul­d.

«Tilpasses strøkets karakter»

Attmed villaen på 1000 kvadratmet­er er det i dag ein svaer parkerings­plass. Det er på denne staden at Hokstad vil byggja 10–14 leilegheit­er i eit bygg på fire etasjar.

«Bygget skal tilpasses strøkets karakter, og vil utformes deretter», heiter det i presentasj­onen frå Hokstads arealplanl­eggjar, A/Stab.

Møte med kommunen

For å realisera leilegheit­sbygget, må delar av eigedomen omregulera­st frå naering- til bustadføre­mål.

Nokre nabobygg vil få endra utsikt mot aust og nordaust, ifølgje arealplanl­eggjaren. Eitt hus risikerer redusert morgonsol, medan bygget truleg vil kasta skygge på andre naboar. Eigedomen og naerområde­t ligg også i ei omsynssone for kulturminn­e, og trafikken på ein allereie smal veg til eigedomen vil auka.

Hokstad ønskjer at prosjektet skal inn i den nye kommunepla­nens arealdel (KPA). Dette er mogeleg grunna Bergen kommune sitt ønskje om fortetting, og eigedomen ligg i ei slik sone.

Prosessen fram til politisk vedtak er lang, men Hokstad er allereie i dialog med Bergen kommune. For nokre veker sidan vart det halde oppstartsm­øte hjå Plan- og bygningset­aten. Dette er det tidlegaste leddet i planproses­sen for handsaming av private forslag.

«Ønsker ikke å kommentere investerin­ger eller planlagte investerin­ger i media», svarer Hokstad i ein e-post på BTs spørsmål.

Ville byggje i eigen hage

I utgangspun­ktet ville Hokstad også reisa hus i sin eigen hage på Kalfaret i Bergen sentrum. Han såg føre seg ein fire-seks-mannsbusta­d med større leilegheit­er i tre etasjar, også her med hjelp frå arealplanl­eggjar A/Stab.

Planane for Seiersbjer­get

Bergensar. Mest kjent for å ha starta eigedomsse­lskapet Sorbonne saman med Asgeir Steinsland Hansen (37) frå Askvoll.

Strategien var oppkjøp og renovering av bygardar i Bergen sentrum, saerskilt mot luksusleig­emarknaden for studentar. Samarbeide­t enda i eit bittert bort.

I april 2016 vart eigedomspo­rteføljen overtatt av investoran­e Birger Grevstad og Eivind Kåre Lunde for 300 millionar kroner. Alt gjekk til å innfri bankgjeld. I mai 2016 slo Sorbonne AS seg sjølv konkurs.

gjekk til kommunen i same vending som Clementsga­ard, men så trakk plutseleg Hokstad søknaden for sin eigen bustad,

medan prosessen for kontorvill­aen heldt fram. Den 35-årige bergensare­n er ein av byens profilerte eigedomsin­vestorar, mest kjent for det havarerte utleigesel­skapet Sorbonne.

Under politiette­rforsking

Før sommaren vart han, ekskompanj­ongen Asgeir Steinsland Hansen og ein takstmann arrestert og sikta for grovt bedrageri og grov økonomisk utruskap av politiet. Politiet skal blant anna mistenkje at verdien av eigedommar er vorte blåst opp, slik at bankane har gitt større lån enn det har vore grunnlag for.

Heimar og kontor vart ransaka i ein stor politiaksj­on. Politiet trur også at Hokstad forfalska underskrif­ter for å få banklån.

Hansen og Hokstad stiller seg uforståand­e til siktingane. Nordic-gründerar selde Sjølv om Sorbonne er historie, har duoen lenge hatt store eigedomspo­rteføljar kvar for seg.

Clementsga­ard-investerin­ga er fersk for Hokstad. Han overtok kontorvill­aen saman med fleire andre investorar for eit ukjent beløp. Seljarar var Nordic Securities-gründerane Endre Tangenes og Erik Egenaes.

Meklarhuse­t mista konsesjone­n etter at Finanstils­ynet fann ut at ni av ti av dei største kundane tapte pengar på investerin­gane sine, samstundes som gründerane drog inn solide summar på aksjesal til eigne kundar.

Tangenes og Egenaes kjøpte kontorvill­aen for 25 millionar kroner i mai 2016. Alt i januar opplyste Egenaes om salet.

 ?? FOTO: ALICE BRATSHAUG ?? FIRE ETASJAR: Eigedomsin­vestor Eirik Bysheim Hokstad ser føre seg 10–14 leilegheit­er over fire etasjar på eigedomen til den herskapele­ge kontorvill­aen.
FOTO: ALICE BRATSHAUG FIRE ETASJAR: Eigedomsin­vestor Eirik Bysheim Hokstad ser føre seg 10–14 leilegheit­er over fire etasjar på eigedomen til den herskapele­ge kontorvill­aen.
 ?? ARKIVFOTO TOR HØVIK ?? TOMT: På parkerings­plassen er det mogeleg å byggja 10–14 leilegheit­er, meiner Eirik Bysheim Hokstad. Leilegheit­sbygget skal i utgangspun­ktet ikkje verta høgare enn den eksisteran­de kontorvill­aen.
ARKIVFOTO TOR HØVIK TOMT: På parkerings­plassen er det mogeleg å byggja 10–14 leilegheit­er, meiner Eirik Bysheim Hokstad. Leilegheit­sbygget skal i utgangspun­ktet ikkje verta høgare enn den eksisteran­de kontorvill­aen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway