Bergens Tidende

Norsk løysing for Catalonia?

-

Noreg reiv seg laus frå Sverige i 1905, og prosessen blir rekna som eit politisk meisterver­k. Kan det same skje i spanske Catalonia?

regionalre­gjeringa legg opp til, med den skilnaden at den planlagde folkerøyst­inga kjem før ei eventuell erklaering om sjølvstend­e. Den konservati­ve regjeringa til Partido Popular (PP) har ymta frampå om at heile Spania burde delta i ei slik folkerøyst­ing, noko som ville vera ekstremt uvanleg i slike prosessar. I det norske tilfellet frå vel hundre år sidan var det aldri tale om at motparten, svenskane, skulle vera med og røysta.

DEN FREDELEGE STRIDEN for sjølvstend­e er blitt lagt merke til langt utanfor Catalonia og Spania sine grenser og har verka positivt inn på legitimite­ten mellom katalanara­r i kravet om sjølvstend­e. I alle fall har den generelt pasifistis­ke katalanske rørsla ikkje støytt frå seg tilhengjar­ar, slik tilfellet var med ETA-terroren i Baskarland. Det einaste unntaket i Catalonia, Terra Lliure («Fritt Land») mellom 1978 og 1991, blei sterkt avvist av alle andre politiske grupper, og aktiviteta­ne deira gjekk definitivt mest ut over dei sjølve.

DET KATALANSKE SAMFUNNET, med sine 7,5 millionar innbyggjar­ar, har såleis aldri gitt sentralsty­resmaktene i Madrid påskot til ein militaer intervensj­on. Likevel har dagens PP-regjering skapt frykt og uro med si kontante avvising av all dialog, sin bruk av rettslege instansar for å slå tilbake ein politisk konflikt og ein retorikk som er eigna til å skapa frykt. Katalanske politikara­r som er for sjølvstend­e, viser til at dei har legitimite­ten på si side, sidan dei rettar seg etter press frå eit godt organisert grunnplan. På den andre sida tviheld det regjerande PP på legalitete­n, at det heile skal vera i samsvar med grunnlova og resten av lovverket. DEN SEINASTE TIDA har det heva seg røyster, spesielt mellom konservati­ve juristar og politikara­r, til støtte for å nytta den noko uklare § 155 i den spanske grunnlova. Her heiter det at dersom ein region ikkje held seg til lova eller går imot Spania sine allmenne interesser, kan den spanske regjeringa ta «dei åtgjerdene som trengst» for å tvinga den aktuelle regionen til å halda seg innanfor lova. Vilkåret er at Senatet gjev grønt lys. Paragrafen seier ingen ting om eventuell militaer intervensj­on.

Katalanske tilhengjar­arav politisk sjølvstend­e har funne inspirasjo­n i uavhengigh­eitskampan­e i Skottland og i Quebec-provinsen i Canada. Då den franske presidente­n Charles de Gaulle i 1967 ropte «Vive le Québec libre!» – «leve det frie Quebec» – var dette startskote­t for tiår med harde diskusjona­r i provinsen om eventuell sjølvstend­e. Folkerøyst­inga i 1995 viste eit saers jamt resultat: 49,44 prosent for frigjering, 50,56 prosent imot. Resultatet er ikkje ulikt det ein vil kunne oppleva i Catalonia.

EIN ANNAN LIKSKAP mellom Quebec og Canada finn vi i situasjone­n for mange viktige økonomiske verksemder. Under debatten om politisk sjølvstend­e før 1995 var det fleire større selskap som flytta hovudkonto­ret frå Quebec til Toronto i Ontario. I Catalonia kan ein i naeringsli­vet merka ei viss otte for at eit uavhengig Catalonia kan komma til å stå utanfor EU og såleis gå glipp av marknader og støtteordn­ingar. Dette gjeld til dømes den store cava-produsente­n Freixenet, med ein godt etablert marknad i utlandet, og forlaget Planeta, som gjev ut mange bøker på kastiljans­k, det vi kallar spansk. Elles er naeringsli­vet varsame med å uttrykkja seg offentleg, sett bort frå handelskam­meret i Girona-provinsen, som støttar kravet om folkerøyst­ing. Det same gjer FC Barcelona.

ETTER FOLKERØYST­INGA i 1995 har tilhengjar­ane av sjølvstend­e vore noko meir lågmaelte i Quebec. I 2006 erklaerte den kanadiske nasjonalfo­rsamlinga innbyggjar­ane i Quebec, ikkje provinsen Quebec, for ein nasjon på det kanadiske territorie­t. Kva dette i realiteten tyder, er ikkje lett å seia, men katalanske politikara­r har sett fram krav om at Catalonia blir rekna som nasjon i over hundre år. Hadde sentralsty­resmaktene i Madrid gått med på dette kravet, kan det godt vera at ein hadde unngått å hamna i dagens situasjon. Men Madrid har heile tida nekta for at Catalonia er ein nasjon, sjølv utan eigen stat.

Det katalanske samfunnet har aldri gitt sentralsty­resmaktene i Madrid påskot til ein militaer intervensj­on.

SOMME HEVDAR at Skottland, til skilnad frå Catalonia, historisk sett har vore ein stat som eige kongedømme. Desse ser det slik at Catalonia var veslebror i unionen med Aragón. Sanninga er at Catalonia i lang tid, spesielt i mellomalde­ren, var den sterke parten økonomisk, med omfattande aktiviteta­r i Middelhave­t. Dessutan må ein ikkje gløyma «les Corts Catalanes», som mange historikar­ar ser på som den kan henda beste modellen for folkeforsa­mlingar i mellomalde­ren. Katalanara­ne har all grunn til å kjenna seg krye av desse Corts, ein av forløparan­e for parlament i våre dagar.

DEN KATALANSKE identitete­ner meisla ut gjennom hundrevis av år, og blei styrka frå det 19. hundreåret takk vera den økonomiske moderniser­inga – som tok til lenge før resten av Spania følgde etter – og kulturelle og ideologisk­e rørsler som saerpregar Catalonia. Ideologisk er Catalonia kjenneteik­na av den sterke graden av grunnplans­organiseri­ng. Dei viktigaste organisasj­onane som ANC («Den nasjonale katalanske forsamling­a») og kulturinst­itusjonen Òmnium Cultural, som blei skipa alt i 1961, har vore leiande i kampen for sjølvstend­e og har pressa på dei katalansk orienterte partia, både på høgre- og venstresid­a.

DER FINST NOK DEI som vil hevda at det norske eksempelet er litt gammalt, og det er viktige skilnader mellom dei to. Men gjekk sjølvstend­et bra for Noreg, som den gongen var lut fattig, skulle det ikkje vera nokon grunn til at det ikkje skulle gjera det for eit økonomisk vel utvikla Catalonia – trass i dommedagsp­rofetiar frå motstandar­ane av katalansk frigjering.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? SJØLVSTEND­EKAMP: Lausriving­sprosessen i Catalonia-regionen nordaust i Spania liknar på den norske for over hundre år sidan: Fredeleg strid og forsøk på forhandlin­gar med motparten, skriv Johannes Nymark.
FOTO: SCANPIX SJØLVSTEND­EKAMP: Lausriving­sprosessen i Catalonia-regionen nordaust i Spania liknar på den norske for over hundre år sidan: Fredeleg strid og forsøk på forhandlin­gar med motparten, skriv Johannes Nymark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway