Bergens Tidende

Osloismen

-

Sjuande far i BT KA’ SKA’ DE NO bort i dattaoslo! Tanta til osingen hadde sett ungdomar i hopetal søkja dekning i lodotten i nasjonens navle. Når så mange fer, må folk som har betre vit, av og til fara etter. Utvandrara­ne kan bli verande i Oslo. Dei kan jamvel finna på å feira syttiårsda­gen sin inst i Oslofjorde­n. Tanter i Os og onklar i Balestrand må dra rett aust, om dei vil jodla i lodotten.

AUST ER AUST, OG VEST ER VEST, og aldri skal dei to møtast. Det skreiv den engelske diktaren Rudyard Kipling for meir enn hundre år sidan. Mykje taler for at han hadde rett. Vestlendin­gar som prøver å bli austlandsk­e i hovudet, er lette å avsløra. Dei har for mange lågtrykk frå Island innabords til å bli assimilert­e. Somme blir ikkje ein gong integrerte. Det finst dei som krev retten til å gå med sjøstøvlar og sydvest og til å syngja nystemten i det offentlege rom. Blir ikkje vestlandse­kstremista­ne respektert­e, er det fåre for at dei vil ty til hardingfel­a. Utvandrara­r er mest fanatiske.

TANTA TIL OSINGEN var så gammal at ho aldri trong kryssa Langfjella. Ho slapp å bli kulturkoll­idert. Ingen inviterte henne til dialog. Ho rakk ikkje bli multikultu­rell. Ho var så monokultur­ell at ho kunne blitt framandkul­turell om ho hadde levd lenge nok. Hadde ho levd lenge nok, måtte ho ha reist til dattaoslo, ho óg. Hovudstade­n er full av vestlendin­gar som fyller sytti år.

I VÅR GLOBALISER­TE TID flaksar flya som kråkeflokk­ar att og fram over vasskiljet. Aust og vest må møtast i ein framforhan­dla nasjonal transportp­lan for å kunna leva i eit bompengefr­itt fellesskap. Det store fleirtalet av austlendin­gar er fredelege folk, som arbeider og betalar skatt. Berre eit lite mindretal ønskjer å leggja ned alle lensmannsk­ontor og alle Nav-kontor og alle sjukehus på Vestlandet, og tvangskonv­ertera alle vestlendin­gar til osloismen. Med regionrefo­rmar og elsyklar skal landet byggjast.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway