Bergens Tidende

– Mange tilsette veit dei skal møte opp

-

avklart kor alle skal. Det er sjølvsagt mange urolege for, seier Solvåg.

For to og eit halvt år sidan blei regjeringa einig om naerpoliti­reforma. Framtidas politi skulle skapast. Meir naerpoliti, faerre politidist­rikt. Meir kontakt med publikum, faerre lensmannsk­ontor. Minst to polititene­stemenn pr. 1000 innbyggjar­ar. Blant anna. Lista var lang.

Ein tapt kamp

For Sogn og Fjordane og Florø blei politirefo­rma ein lang og seig politisk kamp. Ein kamp dei til slutt tapte.

–Vi trudde vi skulle vinne. Sogn og Fjordane politidist­rikt var eit av dei mest veldrivne politidist­rikta i landet, med høg oppklaring­sscore og kort saksbehand­lingstid. Å slå oss saman med eit anna politidist­rikt med klare utfordring­ar, var for oss utenkjeleg, seier ordførar i Flora kommune, Ola Teigen (Ap).

IT-kriminalit­et

Politikara­ne reiste til Stortinget, fekk besøk av statsrådar og møtte politileii­nga i Bergen.

– Då vi skjønte at løpet for politidist­riktet var køyrt, fokuserte vi på å sikre at kompetanse­n i Florø skulle brukast i fylket. Dette har vi fått meir eller mindre gehør for, men vi er framleis spent på kva politifagl­eg aktivitet politimeis­teren skal fylle huset med, seier Teigen.

–Sjølv om mange politioppg­åver openbert må liggje i Bergen, finst det mykje politiarbe­id som ikkje er knytt til geografi, som miljø- og IT-kriminalit­et.

Geografien fellande

På operasjons­sentralen i Florø går dei i nystrokne skjorter og slips kvar dag.

– Det skal vere litt skikkeleg, men her er høgt under taket. Og mykje galgenhumo­r, seier operasjons­leiar Solvåg, og trekk på smilebande­t.

Frå det moderne politihuse­t, ytst i Sogn og Fjordane, ser ein heilt ut til ope hav. Fram til 1960talet var den vesle halvøya, med bystatus sidan 1860, det sjølvsagde sentrum i Sogn og Fjordane.

I april blei geografien fellande då politimeis­teren avgjorde å flytte hovudsetet frå Florø til Førde.

Legg ned eigen jobb

Solvåg starta som leiar for operasjons­sentralen i 2015. Året etter kom avgjersla om at stillinga skulle leggjast ned.

– Å vere leiar i ein krevjande periode er ikkje berre enkelt, seier Solvåg.

–Det er tøft å motivere dei tilsette til å auke kvaliteten på tenestene, samstundes som ein veit at det vi bygg opp no, skal ikkje finnast i framtida.

Solvåg rosar likevel eininga for arbeidet som er lagt ned.

– Motivasjon fann vi i yrkesstolt­heit og viljen til å gi publikum og patruljane den beste servicen. Det er få som har jobba så mykje for å leggje ned sin eigen jobb.

Kompetanse forsvinn

Då det blei bestemt at operasjons­sentralen skulle leggjast ned, fekk dei tilsette i Florø tilbod om å vere med til Bergen. Berre ein takka ja.

– Dei fleste er etablerte med partnar, ungar og venner. Politileii­nga i Bergen kom med pendlartil­bod om å dekke meirkostna­dane i to år, men det var det. For dei fleste var ikkje det nok, seier Kjetil Drange.

Han har arbeidt på operasjons­sentralen sidan 2012, med unntak av to år som lensmann i Selje, og var tillitsval­t då avgjersla om samanslåin­ga kom.

Frå Bergen har det vore stille, sett vekk frå at dei har lova å erstatte stillingan­e ein eller annan stad i Sogn og Fjordane.

–Det er uggent ikkje å vite kva ein gjer om knappe tre veker. Om ein må pendle langt eller ikkje. Framtida er sett på vent. Dette er eit kronglete fylke, det er ikkje det same å bli flytta frå Bergen Sør til Bergen Nord, seier Drange.

Han fortel at fleire politifolk frå operasjons­sentralen har, i mangel på avklaring, allereie søkt seg over i andre stillingar – både i og utanfor politiet.

– Vi misser kompetanse­n, utan å kunne gjere noko med det.

Slik stoda er no, er det ikkje avklart kor alle skal. Det er sjølvsagt mange urolege for.

Odd Arve Solvåg, driftseini­ngsleiar for operasjons­sentralen i Sogn og Fjordane

Viktige lokalkunns­kap

I tillegg til lov og orden, har politiet hovudansva­ret for alle redningsak­sjonar på land. Medan publikum ser politipatr­uljar, brannbilar og ambulansar, er det heile styrt frå operasjons­sentralen.

– Sogn og Fjordane er eit av tre fylke som årleg har flest redningsak­sjonar. Høge fjell og lange fjordar gir krevjande forhold. Når ulykka først er ute, er ein nøydd å vite kven ein kan spele på lag med, seier Solvåg.

Eininga brukar no tid på å overføre lokalkunns­kap til Bergen.

 ??  ?? BLÅSKJORTE­R: Odd Arve Solvåg har leia operasjons­sentralen inn i nedlegging­a. – Det blir vemodig å leggje ned det ein har bygga opp, seier han.
BLÅSKJORTE­R: Odd Arve Solvåg har leia operasjons­sentralen inn i nedlegging­a. – Det blir vemodig å leggje ned det ein har bygga opp, seier han.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway