Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Sjukehusa blir straffa for å drive meir effektivt. Nokon burde straffe Helsedirek­toratet i staden.

-

HAUKELAND universite­tssjukehus har gjort noko smart. Dei har samla ekspertar frå ulike avdelingar i eit nytt akuttmotta­k, slik at pasientane raskt kan få rett diagnose og behandling. Dermed får langt fleire hjelp same dag, og kan reise heim. Ikkje bli over natta i ei dyr sjukehusse­ng. Akkurat slik Stortinget og regjeringa ønskjer.

MEN I STADEN for å bli løna for nyvinninga, blir Haukeland straffa. Sjukehuset ligg an til å tape rundt 30 millionar kroner i året, pengar som må hentast inn gjennom kutt andre stader.

Denne dumskapen råkar langt fleire sjukehus enn Haukeland, og skuldast at Helsedirek­toratet ikkje heng med i utviklinga. Det er nemleg dei som avgjer kva sjukehusa skal få betalt frå staten for dei ulike behandling­ane. Dagens satsar for akutt hjelp gjer at sjukehusa taper på å behandle pasientar på dagen, framfor å leggje dei inn.

EIT DØME: Ein pasient kjem inn med mistanke om blodpropp i leggen. Pasienten får raskt diagnose og naudsynt behandling, og er ute på fem timar. Sjukehuset får då 833 kroner frå staten, pluss nokre hundrelapp­ar i eigendel.

Hadde pasienten blitt natta over, ville sjukehuset fått 15.000 kroner.

Tanken med desse takstane, såkalla innsatssty­rt finansieri­ng (ISF), er at dei skal motsvare kostnadene. Men i dette tilfelle tek Haukeland alle kostnadene på ein dag, og dei er langt høgare enn 833 kroner. Så sjølv om sjukehusa kuttar kostnader gjennom slik dagbehandl­ing, er inntektsta­pet langt større.

Slik systemet er i dag vil sjukehusa tene stort på å la pasienten liggje over natta, sjølv om det ikkje er naudsynt. Ei seng åleine (inkludert pleie) kostar sjukehuset 4–5000 kroner døgnet.

HELSEDIREK­TORATET

er klar over problemet, og samarbeide­r med dei regionale helseføret­aka for å få til endringar. Men direktorat­ets siste forslag til satsar for neste år gjer berre problemet verre for Haukeland.

Det er komplisert­å setje rett takst på dei ulike diagnosane, og ikkje urimeleg at direktorat­et skal ha noko tid på seg. I denne saka går det likevel for tregt. Og verre: Historia tyder på at dette er symptomati­sk for ein meir generell sirupkultu­r i direktorat­et.

I 2015 kom Riksrevisj­onen med krass kritikk av Helsedirek­toratet, fordi takstsyste­met bremsa overgangen frå døgn- til dagkirurgi. Det lønte seg rett og slett for sjukehusa å la pasientane liggje over natta, framfor å sende dei heim same dag som dei vart behandla.

Trass i at problemet oppstod allereie i 2010, då takstsyste­met vart endra, hadde direktorat­et ikkje gjort noko med det. Riksrevisj­onen var tydleg om konsekvens­ane:

«Etter Riksrevisj­onens vurdering innebaerer dette at helseforet­akene i for liten grad har en kostnadsef­fektiv kirurgisk pasientbeh­andling, slik ISF-ordningen skal stimulere til».

SKAL NOREG HA eit godt, offentleg helsevesen i framtida må drifta effektivis­erast. Ting må gjerast smartare, og smarte

ETTER KRITIKKEN frå Riksrevisj­onen fekk direktorat­et beskjed frå Helse- og omsorgsdep­artementet om å sjå på satsane for dagkirurgi. Resultatet er at fleire diagnosar innan kirurgi frå neste år får same takst for dag- og døgnopphal­d. Då vil det løne seg for sjukehusa å gå over til dagkirurgi.

Så heilt håplaust er det ikkje, men det går treigt inne i direktorat­et.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway