Bergens Tidende

Ei openhjarti­g Oddny Miljeteig snakka både om politikk og dødsangst framfor publikum i Bergen. Den profilerte SV-politikare­n la ikkje skjul på at ho gjerne vil tilbake til bergenspol­itikken.

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no; foto RUNE SAEVIG

– 2015 var eit skitår.

Med raude strømper, knallrosa jakke og leppestift for første gong på to år, møtte Oddny Miljeteig publikum på Bergen Offentlige Bibliotek torsdag kveld.

Oppriktig og rett frå levra, slik bergensara­ne kjenner henne, snakka SV-politikare­n om oppvekst, politikk og kreftsjukd­om som gjest i møteserien «Den gode samtalen».

– Eigentleg var 2015 eit lovande år. Det er ikkje kvart år ei 60 år gammal, rabiat kjerring blir valt til nestleiar i eit parti, men eg vart valt som nestleiar i SV. Eg syntest det var fantastisk aerefullt at folk ville ha meg, spesielt sidan eg ikkje fekk vervet for mine diplomatis­ke evner, sa Miljeteig.

– Ein hestekur

Sommaren 2015 var den nye nestleiare­n så vidt i gang med arbeidet då ho oppdaga ein kul i høgre bryst.

– I staden for å gjera gagn for meg, sat eg på Haukeland og fekk cellegift. Eg var kjepphøg fyrste dagen. Eg sa til svulsten i brystet og lymfeknuta­ne at «no er dykkar stordomsti­d over». Andre dagen tenkte eg at «dette går så det susar, eg kjem sikkert ikkje til å merka noko til cellegifta». Tredje dagen vart eg liggjande, og der har eg lege. Det var ein hestekur. Men cellegifta tok kreften, sa Miljeteig.

– Eg er blitt operert og strålt og har hatt komplikasj­onar og gjort innhogg i skattepeng­ane til alle de som sit her. Eg håpar de synest det er verdt det, sa ho til applaus frå salen.

Var redd for å døy

Miljeteig la ikkje skjul på at ho

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway