Frykta huset skulle bli tatt
Då den frådande elva truga huset deira i Utvik flykta Ellen Hilde Hauge med baby på armen og ei fire år gammal dotter på slep.
Det er dagen derpå i Utvik. Det tordna konstant og eit ekstremt regnskyll omgjorde elva som renn gjennom bygda til eit frådande monster, til ei vassmengde ute av kontroll, ei elv som tok nye ville vegar og til slutt endra Utvik totalt.
Det ser verre ut ein på bilete. Verre ut enn vi kunne førestille oss.
Opne sår
Elva har røska med seg vegar, bruer, jord, materiale, naust, andre mindre bygningar, trampolinar. Naer alt laust og fast der elva har funne vegen. Asfalten ligg der krølla, elva har lagt etter seg store krater som opne sår i det vakre fjordlandskapet.
Ein raud bil står på tvers i vegen, eller det som før var veg. Hagar er skylt vekk, rasert til gjørmehol eller steinbrot. Plankar, stein, jord, materiale ligg strødd over alt.
Det er som om det har vore eit kraftig jordskjelv som har kasta rundt på det meste.
På trappa utanfor eit eldre nyrestaurert hus står Ellen Hilde Hauge (28) med åtte månader gamle Oline på armen. Ho skyssar dottera Elvira (4) og sonen Aron (8) av garde. Vener frå nabobygda Innvik har kome med båt for å hente ungane, slik at Ellen Hilde Hauge og mannen Jan Erik Nesdal får litt avlasting.
Trebarnsmora Ellen Hilde Hauge er framleis skaka. Men likevel er ho fast bestemt.
– Vi skal bu her vidare, uansett.
Vakna midt på natta
Familien sitt hus er nyoppussa. Det er frå 1927 og høyrde ein gong til Hauge si oldemor.
– Eg tenkte først at huset har stått i 90 år og at det ville tole dette uveret og.
eMen på morgonkvisten måndag var ho redd flaumen skulle ta huset. Trebarnsmora vakna midt på natta av eit torever ho aldri hadde høyrd maken til. Stod først opp i firetida, sjekka ute, før det verste regnet hadde begynt å kome. Klokka sju dundra og small det så kraftig at ho sto oppreist i senga. Ute hadde flaumen begynt å gjere sitt. Elva vaks, men var framleis ikkje trugande. Etter kvart drog mannen hennar ut for å hjelpe andre i nabolaget. Litt over klokka åtte ringde Ellens far. Han bad henne kome seg ut med ungane.
– Då hadde elva blitt så stor at den truga huset. Eg var veldig redd for huset, det var så mykje vatn som kom, seier Ellen Hilde Hauge.
Vegen omgjort til elv
Ho tok etter kvart med seg babyen og den fire år gamle dottera og rømte huset. Eldstesonen var på liggjebesøk og allereie i tryggleik. Dei gjekk opp i ei skråing for å unngå vassmengdene. På den andre sida av vegen sto mannen Jan Erik Nesdal. Vegen blei omgjort til elv.
– Eg var glad dei kom seg på trygg grunn, seier mannen.
– Eg trur ikkje vi hadde kome oss vekk om vi hadde venta lenger. Då vi hadde kome oss i tryggleik knakk eg litt saman, seier Ellen Hilde Hauge.
Ho og mannen flytta attende til Nordfjord frå Drammen-området for to og eit halvt år sidan. Dei har brukt fleire månader på å pusse opp kjellaren. No er det berre mudder og jord der. Men huset står og hovudetasjen er i god stand.
– Uverkeleg og farleg
– Eg kjenner meg ganske utlada no. Det gjekk på høggir i heile går. Vi har lagt provisoriske røyr og fått vatnet tilbake, seier Jan Erik Nesdal.
Paret håpar at arbeidet med å rydde opp i bygda no skyt fart.
–Det er så mange etatar involvert, verkar det som, at det stoggar litt opp, seier Jan Erik Nesdal.
Dei opplevde situasjonen i Utvik som farleg og uverkeleg. Som ein film.
– Vi kunne jo aldri vite kor elva ville ta vegen, seier Nesdal.
– Vi tør ikkje tenkje på konsekvensane om det hadde skjedd litt før. Det viktigaste er at ingen kom til skade. Det materielle kan alltid