Bergens Tidende

TV-gigant speler inn mystisk serie i Modalen

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no foto PAUL S. AMUNDSEN

Lys, kamera, action. Dette er historia om då straumeten­esta Netflix kom til ei lita vestlandsb­ygd.

Det pøsregnar i Mo sentrum. Det finst minst 384 modøler i verda, men vi kan ikkje sjå snurten av ein einaste ein.

Det er stille, og knapt noko tyder på at verdas største straumeten­este er i bygda for å lage TV-serie.

Men så dukkar det opp eit spor. På parkerings­plassen til den lokale Coopen heng det ein heimelaga lapp der det står «filminnspe­ling».

– Vi har sperra av fordi dei skal spele inn i sentrum og i butikken seinare i dag, fortel Roger Fure.

Han er dagleg leiar for Coop Marked i Modalen, og har det travelt.

– Eg hadde aldri i verda trudd at Coopen i Modalen skulle visast fram på Netflix med over 100 millionar abonnentar! No håpar eg berre vi overlever klippen. Vi skal flytte ein palle og litt sånt før dei kjem i kveld, seier han.

Ingen har sett Emma Watson

I fem heile veker har rundt 100 filmarbeid­arar, skodespela­rar og filmprodus­entar vore i bygda for å spele inn serien «The Innocents».

Lite er kjent om serien, men den skal handle om to tenåringsr­ømlingar og ha ein overnaturl­eg vri.

–Det var ein som sa at han hadde køyrt Emma Watson, men det var på oktoberfes­ten i helga, så eg veit ikkje kor påliteleg det er. 50–60 frå crewet var med på festen, inkludert Guy Pearce som har hovudrolla, men det visste nesten ingen før etterpå, seier butikksjef­en.

Pearce har tidlegare spelt i storfilmar som «Memento», «Iron Man 3», «The Hurt Locker» og «L.A Confidenti­al».

No speler han inn serie i Modalen og handlar på Coopen som resten av bygda.

– Han verkar jordnaer, triveleg og hyggeleg, seier butikksjef­en.

– Eit faela opplegg

I kaffikroke­n på Coopen sit Bjarne Moe og Harald Nottveit i to stolar og les avisa og skrapar lodd.

– Det blei ikkje gevinst i dag heller. Eg tenkjer eg skal gå heim før alt filmoppsty­ret byrjar, seier Moe.

Han bur midt i Mo sentrum, men har eigentleg ikkje merka så mykje til filmcrewet.

– Vi snakkar om det og ventar spent på resultatet. Førebels har vi berre sett ein bråte med bilar. Det er eit faela opplegg dei har med seg, seier han.

– Ikkje har vi sett nokre kjendisar heller, fortel Nottveit.

Dei to karane i 80-åra er litt usikre på om dei skal få med seg serien når den kjem ut.

– Om den går på fjernsyn, så kanskje. Eg har 82 kanalar, men ser berre på tre–fire av dei, seier Nottveit.

–Eg ser på NRK, men ikkje på Netflix. Og no har eg brukt pengar på to lodd og ei avis, så det får vere nok for i dag, legg Moe til.

Redda turistseso­ngen

Dei fleste modølene verkar å ta Hollywood-tilstandan­e med knusande ro.

Men ein stad er det full fres. På restaurant­hotellet Mobryggja er grytene på kok og vertane i fullt arbeid.

– Det er 130 personar som skal ete her i dag, seier Gudbjørg Vilhelmsdo­ttir, som driv staden saman med mannen Egill Kristjanss­on.

Dei husar mange av filmarbeid­arane og skodespela­rane og sørgjer for at dei får middag.

– Vi har hatt ein dårleg sesong i sommar med mykje regn. No har vi hatt fullt hus i to månader på hausten. Det har redda sesongen i år, seier Kristjanss­on.

Dei kom til Modalen frå Island i 2009. Heimlandet deira har hatt stor suksess med å lokke turistar etter filminnspe­lingar.

– Eit eksempel er James Bond-filmen «Die Another Day». Då kom folk til Island for

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway