Bergens Tidende

Tostatsløy­singa døyr sakte

Flyttinga av USAs ambassade til Jerusalem gjer berre ting verre. Utviklinga krev politisk nytenking.

-

ningspørsm­ålet, Jordan-dalen – og Jerusalem sin status.

DET ER DENNE DELEN av konflikten Donald Trump opna opp for fullt då han varsla at USA vil flytte sin ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem. Han endra 70 års amerikansk praksis.

Ingen land i verda har ambassade i byen, fordi både Palestina og Israel ser det som sin hovudstad. Det var ein fantastisk prestisjes­iger for Israel, det motsette for Palestina.

Det vart møtt av sterk kritikk i det meste av verda. Eg deler kritikken, og er politisk usamd i det. Men det som nesten er verst, er kor lite smart det var. Trump gav vekk eit utruleg sterkt og verdifullt forhandlin­gskort gratis!

Som den erfarne utanriksko­rresponden­ten Thomas Friedman skreiv i New York Times: «Mannen som skryt av å vaere ein super forhandlar, gjev bort sitt beste forhandlin­gskort utan å krevje noko attende. I staden blir det vanskelega­re å nå målet Trump hevdar å ha – ei to-statsløysi­ng».

Den viktigaste effekten av Trumps grep kan fort bli at tostatsløy­singa døyr.

PÅ BEGGE SIDER spreier denne ideen seg. Sentrale palestinsk leiarar som Saeb Erekat og Hanan Ashrawi advarte mot dette i dagane etter annonserin­ga av ambassadef­lytting.

Mustafa Barghouti, medlem av sentralkom­iteen i PLO, har lenge argumenter­t for det. Målingar visar at det har aukande støtte blant unge palestinar­ar.

I Israel har delar av høgresida, godt inn i statsminis­terens parti, lenge arbeida for å undergrave målet om ein framtidig palestinsk stat ved sidan av den israelske.

DET ER RIKTIG NOK to saers ulike versjonar av ein stat som vert diskutert. På palestinsk side har ein visjonar om ein multietnis­k, fleirrelig­iøs stat som kan fungere som eit ordinaert demokrati.

På israelsk side ser ein for seg ein framleis jødisk stat, der dei palestinsk områda har ein form for autonomi eller blir laust knytt til Jordan og Egypt. Som eit slags protektora­t.

Dette illustrere­r grunnprobl­emet med ei løysing i ein stat. Israel må i så fall velgje mellom å vere ein demokratis­k stat – der alle har like rettar – og ein jødisk stat – som er statens mål.

Vel dei det første, må alle likestilla­st. Palestinar­ane kan bli i fleirtal og vinne val. Vel dei det siste, vil dei bli ein apartheids­tat. Vi hugsar alle korleis det gjekk med den førre apartheids­taten.

DETTE ER BIBELHISTO­RIAS landskap, karrig og ugjestmild­t mellom dei frodige slettene ved Middelhave­t og Jordandale­n. Som vi veit frå den same historia har det i uminnelege tider budd folk her. Folk med ulike livssyn og bakgrunn.

Men arbeidet for å finne ein måte å leve i lag på – forhandlin­gane – står i stampe. Det er lenge sidan siste framsteg. Samstundes held Noreg fram med omfattande bistand til Palestina, og med å bruke store diplomatis­ke ressursar i regionen.

Det siste eg foreslo på Stortinget før eg slutta, var at Noreg skulle gjere ein full gjennomgan­g av vår rolle i bistand til regionen.

Eg meiner det er openbart at dagens politikk frå Noreg og verdssamfu­nnet ikkje bringer oss framover.

Trumps siste Jerusalem-sprell understrek­ar det. Det er behov for å tenke nytt.

 ?? FOTO: REUTERS/NTB SCANPIX ?? VIL FLYTTE USAS AMBASSADE: Det som nesten er verst, er kor lite smart det var. Trump gav vekk eit utruleg sterkt og verdifullt forhandlin­gskort gratis, skriv Bård Vegar Solhjell.
FOTO: REUTERS/NTB SCANPIX VIL FLYTTE USAS AMBASSADE: Det som nesten er verst, er kor lite smart det var. Trump gav vekk eit utruleg sterkt og verdifullt forhandlin­gskort gratis, skriv Bård Vegar Solhjell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway