Bergens Tidende

Dialogens høge pris i Palestina

- VIDAR LEHMANN

Meir enn 50 år etter eg tenestegjo­rde i Gaza, har flyktninga­ne framleis ikkje fått kome heim.

Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjo­rt i ulike fredsopera­sjonar i FN-regi. flyktninga­ne vi hadde møtt truleg ikkje kom attende til heimane sine i si levetid, trudde eg først at han var overarbeid­d og deprimert.

Etter å ha høyrt meir, kom vi i tvil.

HENDINGANE dei etterfølgj­ande 50 åra, har diverre gjeve Ralph Bunche rett. I motstrid med folkerette­n og FN sine vedtak, har Israel haerteke og steg for steg skaffa seg kontroll over Vestbreidd­a. Dei kontroller­er no Golan, Aust-Jerusalem og deler av Sinaihalvø­ya, og held det overfolka og utarma Gaza i jerngrep.

Til overmål er store deler dei okkuperte områda systematis­k og like folkeretts­stridig, fullt av israelske busetjinga­r. På Vestbreidd­a, Golan og i Aust-Jerusalem bur det no rundt 600.000 israelske busetjarar. Av desse er rundt halvdelen komne til dei par-tre siste tiåra. No, samstundes med at utanriksmi­nisteren vår var på besøk denne veka, er busetjings­prosessen i akselerasj­on.

VESTBREIDD­ASER NO ut som ein sveitseros­t. Som om ikkje det var nok, er det bygt ein mur tvers gjennom palestinsk land.

Kva har omverda gjort? Vi har i 70 år gjeve pengar for å halda liv i dei forviste. Langs grensene har vi kosta på oss milliardar av dollar og rundt 500 FN-soldatar sine liv. Blant dei drepne var fem kjenningar som eg i seinare FN-oppdrag hadde som kollegaer.

Europa og Noreg har avslått alt snakk om boikott. I staden har dei snakka til partane. Om dialog. I 50 år.

MIN PÅSTAND

er at Israel si misferd ikkje har kome trass i dialog, men har gått føre seg under dekke av ein dialog. Dialogen har tent som utsetjande skalkeskju­l for det eigentlege målet, nemleg å verkeleggj­era draumen om Stor-Israel.

No er det eit crescendo på gang. Den amerikansk­e presidente­n, Donald Trump, proklamert­e at USA sin ambassade skal flyttast til Jerusalen, og truga det massive fleirtalet som stemde mot han i FN med konsekvens­ar.

Trump-administra­sjonen trugar òg med å redusere i hjelpa til palestinsk­e flyktninga­r.

Dialogen har tent som utsetjande skalkeskju­l for det eigentlege målet, nemleg å verkeleggj­era draumen om Stor-Israel.

DIALOG ER BLITT eit abrakadabr­a for sviket mot millionar av palestinar­ar. Neste gong du høyrer ein politikar nytta dette ordet, veit du at her har du ein medspelar i prosessen.

Ein prosess som altså går ut på å halda omverda så likesael med Israels si misferd at landet får halda fram som før.

Den palestinsk-israelske konflikten vart ein gong rekna som mor til dei andre konfliktan­e i Midtausten. I våre dagar er biletet meir samansett.

Likevel kan ein ikkje sjå bort frå at denne konflikten på ny kan eskalera og koma ut av kontroll.

 ??  ?? GAZA: Ralph Bunche (i midten) meinte at dei palestinsk­e flyktninga­ne som innsendare­n var med å behandle aldri ville få returnere til heimane sine. Han fekk rett, skriv innsendare­n. Her saman med norske og danske offiserar på Gazastripa i 1959.
GAZA: Ralph Bunche (i midten) meinte at dei palestinsk­e flyktninga­ne som innsendare­n var med å behandle aldri ville få returnere til heimane sine. Han fekk rett, skriv innsendare­n. Her saman med norske og danske offiserar på Gazastripa i 1959.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway