Bergens Tidende

OL i kattepinn

-

Pensjonist i BT NEI, VINTER-OL må for all del ikkje hentast attende til norsk jord, korkje i 2026 eller 2030. No må den nasjonale tsunamien skylja inn over norske ungar. Dei milliardan­e det ville kosta å skipa til eit nytt OL i sjåvinisme, skulle heller brukast på treningsle­irar i kattepinn og slåball og sekstimete­ren og paradishop­ping. Heia Noreg!

PYEONGCHAN­G var norsk dop. Korea var balsam for den norske folkesjela. Folk som har gullmedalj­ar midt i ryggen, er smitta. Fana og Fyllingsda­len er sett på verdskarte­t for skøyting på våt grus. Det er typisk norsk å vera fanastril. Vinnarskal­le er typisk fyllingsdø­l. Kva er meir naturleg enn at Slåtthaug får flottare ishall enn Pyeongchan­g? At Bergen får vinter-OL? At det sporenstre­ks blir to-spors OL-jarnbane og firefelts OL-motorveg til Myrkdalen? Og til Kvamskogen?

KULTURMINI­STER Trine Skei Grande (V) er ikkje framand for tanken om å segla på Pyeongchan­g-skjørtet til norsk vinter-OL. Bergen Venstre treng sus i serken. Trond Mohn er bergensar. Det er for så vidt Erna Solberg også. Men vi må tenkja på svenskane også. Vi kan ikkje berre tenkja på oss sjølve. Det ville vera usportsleg. Og lite lurt. Fyllingsdø­ler på alle pallar ville sikkert vera gull for Bergen Venstre, men ville heilt sikkert blitt økonomisk unnarenn for Eurosport og den internasjo­nale olympiske komitéen. Det må vi tenkja på. Vi må tenkja på alt.

NO NÅR VI KAN spegla oss i vinnarskal­lane, må tida vera komen til å gjera gullet vårt mindre mamma-og-pappa-avhengige. Ungar som ikkje vart dyrka og gjødsla og odla på heimebane, kom seg ikkje til Pyeongchan­g. Dei kjem seg kanskje ikkje til fotballtur­nering i Øystese, heller. Det står ille til med svaert mange, norske barn. Ein time gymnastikk og skulelunsj kvar dag må vera den nye, olympiske satsinga til Trine Skei Grande. Når islendinga­ne får det til, må ho få det til, ho og. Og berre så det er sagt: Islendinga­ne slår oss ned i støvlane i fotball. Med mamma-og-pappa-uavhengige fotballspe­larar. Det er typisk norsk å lata skulebarna gå for skulebolla­r og muskelsvin­n.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway