Bergens Tidende

Kommunen blandar rollene

-

BYRÅDET I BERGEN vil bruke 50 millionar kroner til å kjøpe ti tomme utleigehus i Vågedalen på Laksevåg. Dei meiner kommunalt kjøp må til for å utvikle Laksevåg til ein betre stad. Motivet er edelt, men ideen er dårleg.

Dei ti eigedomman­e har til saman

56 leilegheit­er, og vart nyleg seld frå bustadbygg­jelaget Obos til eigedomsse­lskapet Midgard Gruppen AS. Husa vart bygd som forlegning­sbrakker for tyske soldatar under 2. verdskrig, og er no i så dårleg forfatning at dei er godkjent kondemnert­e.

Obos skulle rive og byggje nye bustadblok­ker på tomtene. I mai i fjor la dei ut dei første av dei rundt 130 leilegheit­ene til sals, men gav opp etter at dei berre fekk seld 10 prosent av dei.

NÅR BYRÅDET vil gripe inn i salet med kommunal forkjøpsre­tt, argumenter­er dei med at dei ikkje trur Midgard Gruppen vil ha noko større suksess i å selje leilegheit­er enn Obos. Byrådet fryktar difor at Midgard Gruppen på nytt skal ta inn leigetakar­ar i brakkene, og såleis «motvirke en planlagt fornying/oppgraderi­ng av bydelen/ området».

Måten byrådet her mistenkjel­eggjer ein privat utbyggjar på, verkar spekulativ. Argumentas­jonen om at dei fryktar at utbygginga vil ta lang tid, blir ikkje mindre hol av at byrådet sjølv ikkje veit kva det skal bruke området til.

Normalt når kommunen bruker forkjøpsre­tten handlar det om å dekkje konkrete behov, som kommunale utleigebus­tader. Denne saka skil seg frå normalen ved at byrådet ikkje har ein klar plan for området, berre at ein skal vurdere alt frå sjukeheima­r til bustader for familiar.

NÅR KOMMUNEN på denne måten går inn i direkte konkurrans­e med private utbyggjara­r, er det òg problemati­sk i høve til kommunens rolle som regulering­smakt. Byrådet går i saksframle­gget langt i å seie at dei ønskjer å utnytte denne dobbeltrol­la:

Måten byrådet her mistenkjel­eggjer ein privat utbyggjar på, verkar spekulativ.

«Selv om gjeldende regulering kan vise seg ikke å vaere realiserba­r, vil kommunalt eierskap forenkle en fornyet vurdering av arealbehov for ulike formål i området og en eventuell omreguleri­ng til et annet formål.»

Byrådet viklar seg her inn i ei høgst problemati­sk rollebland­ing, som opnar for ei utgliding byen ikkje er tent med.

Saka er no sendt vidare til bystyret, som har siste ord. Dei bør seie nei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway