Bergens Tidende

Då OL var over, tok dei heilt av

- RUNE SAEVIG rune.saevig@bt.no

Sjekk bileta frå skøytehall­en i OL.

Sør-Korea har teke gull i fellesstar­t skøyter, og det feststemte publikumet er akkurat gått ut av skøytehall­en i Gangneung Oval. Det går berre få minutt før dei frivillige i OL byrjar å rive ned OL-banner, og fjernar putene som har fungert som vant rundt isen.

Det er fleire timar sidan Sverre Lunde Pedersen bomma på kvalifiser­ingsrunden i fellesstar­t og forsvann ut av OL. Skøyteisen på det som truleg er verdas raskaste låglandsba­ne, blir forvandla til ein leikeplass.

Dette var siste skøyteøvel­se i OL. No er det er det nye utøvarar som inntek bana. Lydnivået på musikkanle­gget vert skrudd opp fleire hakk, og mange frivillige sklir inn på bana. Dei brukar det som er å finna for å leike seg på isen.

Benkar, stolar, plastposar og OL-banner funkar fint som akebrett eller provisoris­ke skøyter.

Middelaldr­ande menn blir som ungar ute på isen. Bånn spiker på pute i plast er knall. Den blanke skøyteisen Håvard Holmefjord Lorentzen, Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen har teke medalje på, blir omgjort til ein stor leikeplass. Ekte idrettsgle­de utspelar seg.

Nokon tek fram mobilen for å ta selfie i alle mogelege posisjonar. Andre prøver seg på å sende mobiltelef­onen på isen på indre bane, inspirert av curling.

Det er slutt på skøyter i årets OL i Pyeongchan­g, men for dei frivillige er festen akkurat byrja.

 ??  ?? KOREANSK BUNAD: Damene som delte ut OL-medaljar var aerbødige så lenge OL stod på, men med ein gong siste konkurrans­e var over, svinga dei seg på isen.
KOREANSK BUNAD: Damene som delte ut OL-medaljar var aerbødige så lenge OL stod på, men med ein gong siste konkurrans­e var over, svinga dei seg på isen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway