Hans K. Mjelva
Nye tal om forskjellar i Noreg ville gjort ei kvar sosialdemokratisk regjering stolt.
ERNA SOLBERG (H) må verke som eit irriterande glatt såpestykke for strategane i Arbeidarpartiet. Paradegreiner som likskap, arbeidsløyse og arbeidsvilkår sprett ut mellom fingrane når Ap prøver å nagle Erna og hennar borgarlege regjering.
Måndag vart vondt verre då Ådne Cappelen i Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte grunnlaget for årets lønsoppgjer. Den fulle rapporten frå Teknisk berekningsutval (TBU), som Cappelen leiar, kjem tysdag. Kortversjonen og Cappelens presentasjon viser hovudpunkta, ei utvikling ei kvar Ap-regjering kunne vore stolte over:
– Forskjellane mellom rike og fattige (Gini-koeffisienten) har vore uendra sidan
2015, etter at skilnadane auka i perioden
2006– 2015. Det siste er ikkje så bra poeng for Ap, sidan dei styrte i sju av desse ti åra.
– Lønsforskjellane mellom kvinner og menn er redusert noko sidan 2015.
– Snittløna for adm. direktørar auka i snitt som for vanleg arbeidstakarar (i prosent rett nok, ikkje i kroner).
–Og sist, men ikkje minst: Det finst knapt noko land i verda der arbeidarane i industrien får ein større del av verdiskapinga enn i Noreg. Rett nok gjekk delen ned med fire prosent i fjor, men det skuldast kombinasjonen av moderat lønsoppgjer og oppgangstider.
HADDE ARBEIDARPARTIET sete med makta kunne dei tatt alt dette til inntekt for sosialdemokratiet, og inkludert den norske modellen i denne ideologiske bunaden. Eit lyspunkt for ei hardt prøvd sosialdemokratisk rørsle i Europa.
I staden har altså dette skjedd under ei Høgre-Frp-regjering. For Erna Solberg er tala først og fremst eit solid forsvar mot skuldingar frå venstresida om at borgarleg politikk skaper større skilnadar.
No må eg skyte inn at fleire av utviklingstrekka ovanfor kan ha blitt påverka av svingingar i økonomien. Ein slik påverknad er truleg at mange høgtlønte i oljebransjen mista jobb og inntekt etter oljeprisfallet hausten 2014, og dermed drog forskjellane ned. AUKANDE ØKONOMISKE skilnadar er eit av vår tids største problem, ifølgje internasjonale organisasjonar som OECD og World Economic Forum. Den franske økonomen Thomas Piketty har dokumentert at dei økonomiske forskjellane har auka kraftig i fleire land sidan byrjinga av 1980-talet, ikkje minst i USA.
Skilnadane har auka noko i Noreg òg, men lite i høve til verda rundt oss. Det er det mange grunnar til. Ein av dei viktigaste er måten lønningane blir fastsett på.
I så måte er partane i arbeidslivet langt viktigare enn kven som har regjeringsmakta. Når industriarbeidaranes del av verdiskapinga vakar rundt 80 prosent, er det fordi NHO og LO er samde om at det bør vere slik.
Det er dei, gjennom lønsoppgjeret, som deler verdiskapinga mellom seg, mellom arbeid og kapital. Og som sikrar at det ikkje blir for store lønsskilnader.
HELTEN I DEN norske likskapsforteljinga er difor det norske lønssystemet, eit klassekompromiss som går tilbake til den første hovudavtalen i 1935. Staten gjer sitt, og sikrar lågt konfliktnivå og smidige løysingar. Men det skjer relativt uavhengig av partifarge.
For den norske modellen er djupt festa i kultur og institusjonar. Teknisk berekningsutval er i seg sjølv eit godt døme: Med Statistisk sentralbyrå som talknusar og partane i arbeidslivet som medlemmer, feiar dei vekk alle unødvendige konfliktar før sjølve oppgjeret byrjar. Det skjer gjennom solide utrekningar av fjorårets lønsvekst, forventa prisvekst og anna som er viktig når ein forhandlar om løn.
Det seier sitt om kor viktig denne institusjonen er, og kor sementert semja mellom LO og NHO er, at dei to i fjor var blant dei sterkaste kritikarane av SSBsjef Christine Meyer. Frykta for at hennar omorganisering av SSB skulle rokke ved denne institusjonen var åleine ein viktig grunn til at ho til slutt måtte gå.
DET ER SJØLVSAGT politiske skilnadar i Noreg òg. Borgarlege regjeringar lyttar gjerne meir til arbeidsgjevarane, og Ap-regjeringar lyttar meir til fagrørsla. Skattar, lover og innretninga på velferdsstaten spelar òg inn.
Men når arbeidsgjevarane og fagrørsla er så samkøyrde som dei er i Noreg i dag, blir dei politiske forskjellane langt mindre i røynda enn ein skulle tru ut frå ordbruken.