Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Etter at Donald Trump sparka Rex Tillerson, er det berre to statsrådar som ikkje følgjer presidente­n i eitt og alt.

-

TILLERSON HAR VORE ein svak utanriksmi­nister. Tillersons svake stilling har nok mest å gjere med hans uttalte usemjer med Trump. Rykta om at Tillerson skulle få sparken har halde på i fleire månader.

Rex Tillerson har vore ueinig med Donald Trump på fleire saksområde. Dei viktigaste er Iran og Nord-Korea. Erstattare­n hans, Mike Pompeo, kjem til å bli ein sterkare utanriksmi­nister fordi han deler Trumps verdssyn.

I MAI SKAL DONALD TRUMP etter planen møte Nord-Koreas president, Kim Jongun. Desse samtalane skal vere den viktigaste grunngjevi­nga til Trump for å bytte utanriksmi­nister. Tillerson har stort sett blitt oversett av presidente­n når det gjeld Nord-Korea.

I haust tvitra Trump om at Tillerson kasta vekk tida si på å forsøkje å forhandle med Nord-Korea. Trump omtala Jong-un som «little rocket man» i tweeten.

Då Trump bestemte seg for å hoppe inn i det som best kan skildrast som eit forhasta og lite førebudd toppmøte med Nord-Korea i mai, var Tillerson reservert. Først i førre veke uttalte Tillerson seg positiv til toppmøtet.

ATOMAVTALE­N MED IRAN har vore eitt av dei mest sentrale stridspunk­ta internt i Trump-administra­sjonen. Tillerson har jobba svaert hardt for å få Trump til å sertifiser­e framdrifta i atomavtale­n med Iran. Mike Pompeo og Donald Trump har vore uttalte motstandar­ar av avtalen.

Det finst liten tvilom at Iran har følgt opp atomavtale­n, og at dei bør bli sertifiser­t. Reservasjo­nane til Trump og Pompeo er likevel ikkje grunnlause. Avtalen har gjort at Iran lettare kan involvere seg militaert i Midtausten.

Me kan sjå resultata av det i Irak og Syria, der fleire Iran-støtta sjia-militsar har bidratt på regima sine sider i Irak og Syria. Atomavtale­n kan òg ha bidratt til å gjere krigen i Jemen verre.

Viss Iran i framtida sluttar å følgje opp atomavtale­n, har den berre ført til stor geopolitis­k uro i regionen. Trumps motstand handlar nok likevel mykje om at atomavtale­n var den største utanrikspo­litiske sigeren til forgjengar­en hans, Barack Obama. MIKE POMPEO KJEM FRÅ stillinga som CIAdirektø­r. Erstattare­n hans blir Gina Haspel, som blir tidenes første kvinnelege CIA-sjef. Ho kjem frå rolla som Pompeos nestkomman­derande i etterretni­ngsorganis­asjonen. Fortida hennar er derimot ganske mørk. I 2002 var Haspel i rommet då Abu Zubaydah vart torturert i eit hemmeleg CIA-anlegg. Frå 2003 til 2005 leia ho eit CIA-program der titals mistenkte terrorista­r vart torturert.

Haspel var eit ganske kontrovers­ielt val i fjor, då ho vart nemnd opp som visedirekt­ør i CIA. Den posisjonen står presidente­n heilt fritt til å fylle sjølv. Direktørst­illinga, som Haspel no skal inn i, krev derimot godkjennin­g frå senatet. Fortida hennar gjer dette til ein svaert interessan­t høyringspr­osess.

Senator John McCain (R), som sjølv vart torturert som krigsfange i Vietnam, reagerer på nominasjon­en av Haspel som CIA-sjef. Han sit ikkje i senatskomi­téen som skal drive utspørjing­a av Haspel i stadfestin­gsprosesse­n, men krev likevel at ho svarar på hennar syn på tortur. Tortur er forbode etter amerikansk lov, understrek­ar han.

Haspel burde aldri vore visedirekt­ør i CIA, og ho har ingenting å gjere som CIA-direktør. Fortida hennar knytt til tortur burde vere diskvalifi­serande. Oppnemning­a av Haspel viser nok ein gong at Trump ikkje bryr seg om torturforb­odet.

MED TILLERSON UTE, er endå eit opposisjon­elt element i Trumps statsråd ute av vegen. I realiteten er det berre to personar igjen i statsrådet som kan stå opp mot Trump. Den eine er justismini­ster Jeff Sessions. Den andre er forsvarsmi­nister James Mattis. Det er eit svakt vern mot Trumps uvørdne og impulsive presidents­til.

Sessions har vore i unåde hjå Trump heilt sidan han melde seg inhabil i etterforsk­inga av den mistenkte russiske innblandin­ga i presidentv­alet. Mattis, derimot, har ei høg stjerne.

Det er ikkje overraskan­de viss Trumps neste steg er å fjerne Jeff Sessions. To andre som òg kan ryke, er stabssjef John Kelly og tryggleiks­rådgjevar H.R. McMaster. Som Tillerson, har Kelly og McMaster vore omgitt av sparkingsr­ykter sidan dei fekk jobbane sine.

DET ER LANGT FRÅ SISTE gong at Trump sparkar nokon. Det er trass alt «you’re fired»-frasen frå TV-programmet The Apprentice som er kjennemerk­et hans.

Noko har derimot endra seg. Før, då det gjaldt deltakinga i eit reality-show, var Trump tøff nok til å seie det direkte til den som rauk ut. No, når det handlar om ein sjefsdiplo­mat i ei supermakt, skriv han heller ei Twitter-melding når han som får sparken er på utanlandsr­eise.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway