Bergens Tidende

Frå gardbrukar til forbrukar, utan mellomledd

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto RUNE SAEVIG

Fleire og fleire vel å kjøpa kjøt og egg og grønsaker og frukt direkte frå bonden. No skal det bli endå lettare.

Silje Een de Amoriza og ektemannen frå Paraguay, Carlos Rodrigo de Amoriza, har lasta kjølevogna med kjøt. Torsdag går turen frå Een gard oppunder Lønahorgi, til Bergen. På parkerings­plassen ved IKEA i Åsane og på Spelhaugen i Fyllingsda­len, skal varene leverast til kundane.

Sikrar lønsemd

– Vi gler oss, seier Silje.

– Denne nye salskanale­n vil bidra til større etterspurn­ad. Dessutan vil han gi større merksemd til lokalmat, til kortreiste jordbruksp­rodukt og lokale gardbrukar­ar. Det er bra i seg sjølv.

Een gard er berre ein av fleire lokalprodu­sentar som marknadsfø­rer varene sine gjennom Rekoring Bergen, som har første utlevering i dag, torsdag. Det er blitt etablert fleire slike ringar rundt om i landet, og Voss får sin eigen denne veka. Ideen har sitt utspring i Frankrike, og blei importert til Finland i 2013. Der er konseptet blitt ein kjempesuks­ess, med ein årleg omsetnad på

40 millionar euro, tilsvarand­e

384 millionar kroner, ifølgje grunnleggj­aren Thomas Snellman. Også i Sverige har kundane omfamna tilbodet.

Rekoringan­e som no ser dagens lys, skal fungera som effektive distribusj­onskanalar. Gjennom rekoringan­e skal det bli enkelt for produsenta­ne å selja varer til kunden utan mellomledd. Dette skal vera med å sikra lønsemda til småskalapr­odusentar.

Nyvinninga er ein del av Norsk Bonde- og Småbrukarl­ag sitt prosjekt «Matnyttig», der målet er å auka lokalmatpr­oduksjonen i Noreg, leggja til rette for betre lønsemd, men også å gjera forbrukara­ne meir medvitne om verdien av småskala matproduks­jon og lokal vidarefore­dling. Thomas Snellman var i Noreg i oktober for å hjelpa til med etablering­a her.

Økologisk gard

Praktisk fungerer rekoringen på den måten at produsenta­ne annonserer varene sine på ei felles facebooksi­de. Her kan kundane leggja inn bestilling­ane sine, og så blir varene leverte til forbrukar på ein på førehand avtalt plass.

Reko er ei forkorting for noko som kan omsetjast til «rettvist konsum». Prototypen blei skapt i Finland for fem år sidan og omfattar i dag 4000 produsenta­r og 300.000 kundar.

For Een gard er rekoringen ikkje avgjerande, men eit viktig supplement, saerleg i dei litt stille periodane. Dei siste fire åra har alt dei produserer, blitt seld direkte til forbrukara­r, spesialfor­retningar og restaurant­ar. På kundelista står mellom andre Fleischers Hotel, Dr. Wiesener og Bare Restaurant, i tillegg til mange private. Meir enn tre og eit halvt tonn (slaktevekt) med kjøt, til ein verdi av meir enn 600.000 kroner finn årleg vegen frå Een, til ulike matfat rundt omkring i Hordaland. Garden blir drive økologisk, med vekt på å nytta heile dyreskrott­en, innmaten inkludert.

Vekt på dyrevelfer­d

– Frå hovud til hale. Det er prinsippet vi lever etter. Mange kundar viser seg å vera opptekne av det same. Forbausand­e mange etterspør innmat, seier Silje.

På Een gard lever dyra av gras. Bruken av kraftfor er redusert til eit minimum. Om sommaren beitar dyra i utmarka og i fjellet, og kalvane får vera med mødrene sine heile livet. Alt dette er konkurrans­efortrinn som kundar veit å setja pris på. Dyra på garden er av den utryddings­truga rasen vestlandsk fjordfe.

Det er Silje sin far, Arvid Een, som framleis driv bruket, med hjelp av Silje og ektemannen. Men meininga er at den nye generasjon­en skal overta i løpet av nokre få år. Dei har klart seg godt utan grossistle­ddet og har til hensikt å selja direkte til kunde også i framtida. – Det er ei heilt anna lønsemd å driva slik vi driv no. Vi tener minst det dobbelte på direktesal. Dessutan synest vi det er kjekt å ha den naere kontakten med kundane. Vi har nok funne vår måte å omsetja på, seier Silje Een de Amoriza.

 ??  ?? PÅ KJØL: Kundar i Bergen gler seg til å kunna henta varene som Carlos Rodrigo de Amoriza har med seg frå Een gard når han i dag tek turen til byen.
PÅ KJØL: Kundar i Bergen gler seg til å kunna henta varene som Carlos Rodrigo de Amoriza har med seg frå Een gard når han i dag tek turen til byen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway